Kristina (19) er Månedens poet.

(Dagbladet.no): Månedens poet på Diktkammeret er Kristina Leganger (19).

Månedens dikt

historia om snorre sitt syttande sjølvmordsforsøk

eg trykker fingrane lengre i munnen hans
djupt ned under den raude blaute ganen
og han gulpar
gulpar vin-suppe-helvette ut over tregolvet
bleik faen ekle punk rass
reagerar framleis ikkje når eg
slår han i andlet din dritt du må vakne
halvopne auge utsulta jævel
KVIFOR KUNNE DU IKKJE ETE FØR DU DRAKK SOM VANLEGE MENNESKE
hallo? sa eg
trykker igjen så han vrir seg og opp kjem
blod opp kjem noko som minnar om
tarmyngel

pause

pause

pause

Emneord



Hun er ny i de voksnes rekker, men har vært aktiv på Skolekammeret i flere år. Nå er Kristina ferdig med videregående og har tatt fatt på studier i litteraturvitenskap på Blindern i Oslo.

For tida leser Månedens poet seg opp på verdenslitteraturen, noe hun karakteriserer som «utruleg spanande».


Dikt som er spyttklyser
Kristina synes selve utfordringa som ligger i poesien er kjempeinspirerende.

- Poesi er anarki, ein tivolispegel, ein kikkert vi kan snu begge vegar for å kome nærare og lenger bort frå ting. Språket som dimensjon, språket som ein tredjepart i einkvan dialog, ein materie som ligg mellom oss. Når det er sagt spring dei fleste av dikta ut av kvardagen, og dei folka og situasjonane som finst der. Eg trur eitkvart liv kan bli ei grensesprengande bok.

Og det som opptar henne er alt - og ingenting.

- Men eg ser jo at det er nokre tema som går meir igjen enn andre: Menneska og korleis vi snakkar med kvarandre, kroppsspråket og kroppen, som i det heile tatt er kjempespanande. Det er så mange historier i korleis folk ber kroppen sin, i korleis dei ter seg, i kva dei vel å framheve. Dessutan er eg og glad i gaukungane her i samfunnet, dei som er annleis og kanskje ikkje finn seg heilt til rette, men gjerne går på verda like fullt. Desperate og fandenivoldske.

Kristina ser på Diktkammeret som en mulighet til å utforske den skrivende identiteten, skrive dikt som om hun var ulike mennesker.

Ungpike
, stemmen bak «historia om snorre...», er en av skriverne.

- Ho har sitt eige poetiske imperativ: Å prøve å gå så grotesk og vulgært nært som mogleg. Ting treng ikkje alltid å vere, eller bli gjort, vakre. Eg kan godt skrive dikt som er spyttklyser. Så får det heller gå at folk av og til veit eg er ein middelaldrande mann, tar meg for å vere ein rabulerande provokatør. Eg vel å ta slikt som kompliment, sier Kristina.


- Ver skamlaus!
Kristina Leganger mener mye om dikt generelt, men ikke om vinnerdiktet spesielt.

- Eg likar ikkje å snakke om historia bak dikt, av den grunn at det anten blir autoritært, av di eg står som diktar og har autoritet, eller privat, om det no skulle vere ei spesifikk historie bak. Eg likar heller ikkje å høyre andre sine historier bak dikt, men det er vel gjerne ein smakssak. Eg trur heller ikkje dette diktet er eit av dei som treng noko meir enn det diktet inneheld. Eg vonar at det er nok i seg sjølv.

Kristina har ikke én måte å arbeide med dikt. Hun har mange varierende måter å arbeide på, og måtene hun bruker kammeret på er også mange.

- Av og til legg eg ut meir eller mindre ferdige ting der, men ofte er det ting som er ferske, og av og til skrivne i kommentarfeltet. Men, om eg skulle formulere mine eigne poetiske imperativ måtte dei vel vere: Ver impulsiv! Ver skamlaus! Det trenar eg mykje på. Eg skriv mange portrett av menneske, og ofte er dei ikkje berre flaterande. Det skrivetekniske og rettskrivinga, alt det kan ein få hjelp med, alt det kan ein lære seg etter kvart. Eg trur det å skrive handlar om å våge å stille seg til skode. Å risikere alt. Av og til på andre sine vegne og.


Større lekekasse
Forrige gang Kristina ble intervjuet av Dagbladet.no, i oktober 2006, sa hun at det ikke var noe mål å bli forfatter. To år senere prøver vi oss igjen:

- Eg likar eigentleg ikkje spørsmålet om det er eit mål å bli forfattar. Alle på Diktkammeret, inkludert meg sjølv, forfattar jo heile tida! Når det kjem til det å bli utgitt, er jo det litt opp til dei som sit i forlaga og skal vurdere. Men om det er eit mål å bli gitt ut? Klart det. Men eg er slett ikkje ikkje sikker på at det skjer. Enno mindre sikker er eg på å kunne leve av poesien. Men kanskje er ikkje det noko mål i seg sjølv.

Overgangen fra Skolekammeret til Diktkammeret har vært en utelukkende positiv opplevelse.

- Eg rømde på vinteren i fjor, medan eg framleis var atten, og det var kjempespanande. Eg kunne ha vore på Skolekammeret ei stund til, men eg lengta nok over i ei litt større leikekasse. Eg fann meir rom for utvikling på Diktkammeret, både av di deltakarane er innstilte på å hjelpe kvarandre, dessutan av di både deltakarar og diktlærarane (inkludert vikarane det siste halvåret) i større grad saman reflekterer rundt kva det er å skrive god poesi. Denne refleksjonen og leitinga tykkjer eg er utruleg spanande, og for meg er det den som gjer diktkammeret til eit spanande forum å ta del i.

Vi ønsker 19-åringen hjertelig velkommen til den store lekekassa, som hun allerede gjør seg bemerket i. Gratulerer med vinnerdiktet, Kristina!


Juryens kommentar
Well, it seems to me that you have seen too much in too few years.
And though you've tried you just can't hide
Your eyes are edged with tears.
You better stop
Look around
Here it comes, here it comes, here it comes, here it comes
Here comes your nine-teenth nervous breakdown.

For folk i min generasjon er assosiasjonsvegen kort frå uttrykket syttande sjølvmordforsøk til bassgangen til Bill Wyman i The Rolling Stones, når han lar bassen rase nedover gripebrettet som noko lagnadstungt som er i ferd med å treffa oss i «19th Nervous Breakdown».

Og tungt er det i denne teksten. For alle som har vore med på den panikkarta situasjonen som vert skildra her, veit at dette er ei påkjenning som går i kroppen på ein, i sinnet, og er med ein for alltid etterpå.

Ein prøver å vekkja eit medvitslaust menneske som har fått i seg for mykje av noko; alkohol eller andre rusmiddel, og for lite av noko anna; mat, vatn, næring, - og ein veit ikkje om ein vil få liv i personen. Her får me frå ungpike eit uttrykk som er fylt av det konkrete og kroppslege og samstundes er språket prega av det sinne og den fortvilinga ein kjenner, og diktet har ei sterk og effektiv avslutning som inneheld alt det den passiviteten står for når ein er totalt overgitt til uvissa. Kjem det ein reaksjon? Eller blir det stilt? Det er ikkje til å halda ut.

Det er ikkje til å halda ut.

Og likevel. Det gjer faktisk godt å sjå at nokon skriv om det, og maktar å gje form til det kjenslemessige kaoset av angst, sinne og desperasjon dette er.

For juryen, Helge Torvund.

I juryen sitter også Kristian Rishøi, Niels Nagelhus Schia og Birgitte Mandelid.

 

Les også

Søk i skattelistene

 
 

 TEGNESERIER - Dagens striper

Nemi av Lise Myhre

 |  Les flere i arkivet |  Les andre tegneserier

© Lise / distr. iblis@nemi.no