SELSOMT: Onsdagens spørjetime var eit selsomt skue, meiner  Sveinung Rotevatn (V).  Foto: Erik Kopperud / Dagbladet
SELSOMT: Onsdagens spørjetime var eit selsomt skue, meiner Sveinung Rotevatn (V).  Foto: Erik Kopperud / DagbladetVis mer

Debatt: Ulvedebatten

All feigskap i denne sal

Stortingsrepresentantar skuldar regjeringa for å «skyve lovparagrafar foran seg» i ulvedebatten. Kven er det som vedtek slike, no igjen?

Meninger

Onsdagens munnlege spørjetime i Stortinget var eit selsomt skue. Ein etter ein gjekk stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti på talarstolen og bad statsminster Erna Solberg bryte norsk lov. Det handla sjølvsagt om ulv.

Stridens eple er at eit fleirtal på Stortinget har vedteke at dei ønskjer færre ulv i Noreg. Det er tydelegvis ikkje nok at dyrearten allereie er kritisk truga her i landet. Færre skal det bli. Under sakshandsaminga i Stortinget opplyste klima- og miljøminister Vidar Helgesen at det er vel og bra at stortingsrepresentantane ønskjer færre ulv, men at Stortinget også har vedteke ei naturmangfaldslov som set nokre grenser for når staten kan lyse ut jakt på sårbare dyreartar. Et hovudkrav er at dyra gjer ei viss skade.

Denne åtvaringa valde Stortinget å oversjå. Og vedtok med viten og vilje eit bestandsmål for ulv som dei visste måtte vere i strid med norsk lov. Så når dei lokale vedtaka om å skyte 47 (av om lag 70) norske ulv kom inn til departementet, slo Helgesen fast at naturmangfaldslova og Bern-konvensjonen hindra eit så stort uttak av dyr. Det var ikkje dokumentert eit stort nok skadepotensiale.

Temperaturen var difor høg når statsminister Erna Solberg troppa opp i Stortinget på onsdag. «Regjeringen skyver lovparagrafer foran seg», sa Senterpartileiar Tryge Slagsvold Vedum. Som slo fast at saka «handler om maktens måte å bruke juridiske spissfindigheter til umyndiggjøring av lokalsamfunn».

Problemet er berre at jussen i denne saka også er Stortingets vilje. Det er Stortinget som har vedteke naturmangfaldslova (etter forslag frå ei regjering Senterpartiet var del av). Det er Stortinget som har sagt ja til Bern-konvensjonen. Og det står Stortinget fritt å gjere endringar på dette. Men det vil dei altså ikkje.

«Jeg vil ha en forsikring om at man gjør det man kan, også lovmessig» sa KrFs Hans Olav Syversen. Som altså kan foreslå og stemme for dei lovendringane han måtte ønskje. Syversen tilhøyrer for øvrig eit parti som har signert ein samarbeidsavtale som slår fast at «naturmangfoldsloven ligger fast».

I staden blir det skapt eit bilete frå leiande politikarar om at det er eit eller anna byråkratisk, metafysisk fenomen som hindrar folkeviljen frå å trenge gjennom. Dette fenomenet har ulike namn. «Vidare Helgesen», «Lovavdelinga», eller «internasjonale konvensjoner». Eller som Slagsvold Vedum gjerne seier, uavhengig av sak og saksforhold: «Det er eliten i Oslo».

Dette er populisme, og det er populisme av den farlege sorten. For det einaste som står i vegen for Stortingsfleirtalets vilje i denne saka, er Stortinget sjølv. Men der vil ein helst ha i både pose og sekk. Ein vil gjerne både stå fast på viktige prinsipp om å ta vare på dyreartar i norsk natur. Men samstundes forebeholde seg retten til å starte jakta så snart temperaturen blir høg nok. Det går ikkje.

Den same dynamikken har vi sett i andre saker den siste tida. Like før jul gjekk Jonas Gahr Støre ut på framsida av Klassekampen og slo fast at han «beklagar» ei nyleg avgjersle i Høgsterett om at LO-monopolet for lossing og lasting i norske hamner er i strid med EØS-avtalen. Støre «stiller seg undrende og kritisk til» konklusjonen. Men det er altså Stortinget som har vedteke EØS-avtalen, ikkje Høgsterett. Ein avtale som for øvrig kom på plass med ein ung Jonas Gahr Støre i ei sentral rolle som spesialrådgjevar ved Statsministerens kontor.

Politikarar skal få sleppe å ta ansvar for det andre vedtek. Men dei må som eit minstemål klare å ta ansvar for det dei sjølve er med på. Og dette veit jo Ap, Senterpartiet og KrF utmerka godt. Det er berre så behageleg å ha nokon andre å skulde på enn seg sjølv. Og regjeringa kan lite gjere i slike tilfelle. For når det er regjeringa si klare oppfatning at eit vedtak vil bryte med norsk lov, kan den ikkje gjennomføre vedtaket. Det vil kunne vere eit brot på ansvarleglova, og i ytste konsekvens medføre riksrettssak mot den ansvarlege statsråd.

Stortingspolitikarar kan kalle dette å «skyve lovparagrafer foran seg». Men alternativet er å bryte dei same lovparagrafane. Og det vil ikkje vere å vise respekt for den lovgjevande forsamlinga. Det vil vere det motsatte.

Ei av dei største styrkane ved den norske samfunnsmodellen, er ein svært høg tillit til offentlege institusjonar. Denne tilliten står i alvorleg fare for å forvitre når politikarar skapa uklårleik om kven som har ansvaret for kva. Og det vil igjen skape solid grobunn for populisme.

Jens Stoltenberg er kjent for at han «tok ansvar ved å bli sittende». Hans raudgrøne etterfølgjarar kunne med fordel tatt større ansvar ved å sitje i ro på plassane sine i stortingssalen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook