- Begge deler. Tusen takk, sa juryen

Juryen vart til slutt ståande ved dei to følgjande dikta, og i eit anfall av Ole Brumsk taoisme fall valet på begge to.

omkved

Kjersti Bjørkmo

så kom du til meg igjen

som lyden av små klør mot kraniet

dradd med i en lemenvandring

over grovhugde bjelker

til tankens bløtere terreng

hvor jeg gir deg nye navn

med lukten av blod og treverk

i stemmen

Juryens kommentar:

Eit dikt som er stramt og matar lesaren med sanselege inntrykk. Me forstår ein del som går på det å oppleve noko om igjen, men som likevel er nytt og får nye namn. Det er ei blanding av vondt og godt, ei rørsle prega av drift, men og ettertanke . Og samstundes har me dette viktige som vert igjen, det gåtefulle som er opne for våre eigne tolkningar, som gjer at lesaren kan gå inn og fylla ut diktet med sitt eige liv. Eit kort, men fullstendig dikt.

jeg ligner ikke på henne

boeffel

jeg vandrer

mellom opplevelsene dine

drar fingrene langs livet ditt og

nyter de dype furene,

du sitter

i følelsene

de renner i strømmer mellom

fingrene mine, fra munnen din

lukket

smilende

alene med det de ga deg,

jeg smaker på en fremmed

dunete rygg

smyger deg tilbake

du ligger i fosterstilling rundt øret hennes

jeg ligner ikke på henne.

Juryens kommentar:

Etter å ha framheva lettare gjenkjennelege tekstar som «en grov varmheva hvetedeig» og «flyttetankar», er det fint å trekkja fram dikt som har dette gåtefulle, nokre ville kanskje seia «vanskeleg», over seg, som ofte pirrar juryen. Men det er kopla med det konkrete, og gjev lesaren ei kjensle av å koma djupt inn i ein intim sfære, der erfaringar frå møte mellom menneske er avleira. Sanseleg høgdepunkt er vel «jeg smaker på en fremmed/dunete rygg», og avslutningslinja opnar for mange assosiasjonar, både vonde og gode.