SISTE SKANSE:  For kommunepolitikarane i Bergen må dei mange blanke veggane ha vore ein irritasjon. Der borte står det ingenting, det er berre eit hus. Og på det tapar vi 14 millionar kroner. Kvart einaste år. Klart det er surt, skriv Øystein Runde. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix
SISTE SKANSE: For kommunepolitikarane i Bergen må dei mange blanke veggane ha vore ein irritasjon. Der borte står det ingenting, det er berre eit hus. Og på det tapar vi 14 millionar kroner. Kvart einaste år. Klart det er surt, skriv Øystein Runde. Foto: Gorm Kallestad / NTB ScanpixVis mer

Bergen vil bytte sjela si mot syklar

Ingen brukar millionar på reklame for produkt folk treng. Eg treng derimot eit reklamefritt Bergen, fordi reklame er laga for å gripe merksemda mi. Merksemd er noko eg treng å bruke på andre ting i livet.

Meninger

Eg var ein av dei som vart mest entusiastisk då Oslo skulle få bysyklar. Eg tenkte at å få opp reklameboards frå Clear Channel var ein akseptabel byttehandel. Eg er ein vaksen mann, og er i stand til å ignorere eit gigantisk foto av knekkebrød med smøreost på.

Likevel vart eg alltid så forbanna glad når eg besøkte Bergen.

Eg tenkte at det var fordi nokre av dei beste vennane mine bur der. Eller fordi det var masse hav og vind der.

Men så fekk eg vite at Bergen var den siste byen i landet der Clear Channel ikkje hadde fått etablert sine enorme reklameboards.

Bergen kommune skal no akseptere opprettelsen av 500 reklameboards. I bytte mot dette får kommunen busskur folk kan sitte i, digitale skjermar som viser ventetider, offentlege do og bysyklar. Resonnementet er at bysyklar er bra for folk. Dei gir trim, dei gir mindre forurensing i sentrum. Bergen har vore hardt plaga med dårleg luft, på grunn av trafikk og elendig luftsirkulasjon. Sånn sett ser tilhengarane av reklame på det som ein nødvendig byttehandel.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Bergensavisene er strålande positive. Så positive at dei begge forsvarer tiltaket på ledarplass. Dei som ikkje likar det, er kjedelege kulturfolk som Mikal Telle og Sondre Lerche. Kva veit vel sånne kulturfolk om livets harde realitetar? Kva veit vel kulturfolk om kva som er verd noko her i livet?

Vel, kulturfolk er ganske gode på å måle kva som får mentale prosessar til å fungere.

Og politikarane som har vedteke reklame-aksepten, det vil seie Høgre, Frp og Venstre, har bra lite kunnskap om korleis den menneskelege kreativiteten, skaparkrafta som dei liberalistiske partia verdset så høgt, fungerer reint teknisk.

Informasjon er spennande saker. Den enorme tilgangen på informasjon vi har i 2014 er så uhørt og utan parallell i menneskeheta si historie, at ein treng nye måtar å forske på den. Akkurat no skriv eg i affekt og det er alt for seint på natta, men hovudkonklusjonen til forskninga eg har lese er at også gratis informasjon har ein kostnad: Den et merksemd. Information eats attention.

Ein by vil alltid ha eit nivå av støy. Band heng opp plakatar. Kjøpmenn vil selge brus, og slenger opp eit gigantisk lysande skilt som seier «Coca-Cola» over døra si. Vi er vande med at sånn er det. Det er ikkje lett å sjå verdien av noko som ikkje er der.

Og for kommunepolitikarane i Bergen må dei mange blanke veggane ha vore ein irritasjon. Der borte står det ingenting, det er berre eit hus. Og på det tapar vi 14 millionar kroner. Kvart einaste år. Klart det er surt.

«At noen plakater i bybildet skal forvrenge deres sinn, er naivt å tro», skreiv nyhetsredaktøren i BA, Jonas Mjaaland. Hans perspektiv på saken var heilt forbausande. Han kobla reklame i Bergen direkte til sykling. Sykling utan reklame var utenkeleg. 14 millionar, eit enormt beløp, umogleg å skaffe utan å selge 500 indrefiletar av reklameplass til den internasjonale giganten Clear Channel for ti år.

Til samanlikning tjente Frode Øverli 12 millionar i 2012. På å lage teikneseriar. Eg vil sjølvsagt gjerne insinuere at Frode ikkje hadde klart å lage Pondus om han budde i Oslo, der hans tankeprosess stadig ville blitt avbrutt av to meter høge foto av bikinikledde jenter. For då får eg alle Bergenspatriotane på mitt lag. Men eigentleg prøver eg å få fram eit anna poeng: Pondus eksisterer utelukkande på grunn av fantasien til ein einaste mann. Heile Pondus eksisterer berre inne i hjernen til eit einaste menneske. Å distrahere dette mennesket med enorme plakatar, som er designa av superintelligente, overbetalte og høgt utdanna folk med variabel integritet for å påvirke oss så sterkt som det overhovudet går an, er ikkje ein bra ting. Og den mentale energien til Frode, om han enn er ein eminent teiknar og dermed er ein gud fanga i menneskekjøt, er ikkje meir verd enn den mentale energien til alle andre menneske på jorda, sjølv om dei «berre» brukar sin mentale energi på å leve og vere tilstade i sine liv. Det å få gå i fred har ein verdi. Det å få sjå på ein vegg, eller ein skulptur, ein ting som berre vil vere vakker eller rar eller stygg, i korte trekk: Ein ting ikkje vil selge deg noko eller direkte påvirke deg til noko, har ein verdi. Og det er ikkje nok at nokre av reklameplassane blir donert til Amnesty eller lignande organisasjonar. Den systematiske, manipulerande bombarderinga av folks psyke er like ille sjølv om det av og til gjeld eit «godt formål».

Fem hundre reklameplassar - la oss seie dei er to meter høge og ein meter breie - er tusen kvadratmeter reklame. Eller eit tårn av reklame som er ein kilometer høgt. Tre gonger høgare enn Eiffeltårnet. At nyhetsredaktøren i BA ser på dette som «noen plakater i bybildet» er heilt ufatteleg. Facebook viser at Mjaaland elskar å gå på skitur i skogen. Klarer han ikkje å koble den mentale freden han opplever på skogstur med den mentale støyen som oppstår når bybiletet ikkje berre skal pregast av hundre år gammal arkitektur, men også av topp moderne photoshoppa fotomodellar, som alltid står der med forførande blikk, i ferd med å stappe i seg knekkebrød med smøreost?

Bergen er ein turistby, ein kulturby og ein by som selger seg inn internasjonalt på historiesuset i gatene. Og eg elskar Bergen. Eg elskar å gå i dei trange gatene, sjå på dei koselege, skakke taka og snakke med dei bråkete, koselege bergensarane, som skjuler si «nest-største-by» usikkerhet under eit sjarmerande lag brauting. Eg veit ikkje om det er miljøfiendtleg av meg å tenke sånn, men bysyklar, offentlege do og LCD-skilt på busskura er ikkje ein god nok deal når motytelsen er å gi vekk ein bit av tankane til alle byens innbyggarar.

Det handlar ikkje om partilinjer. Raudgrøne Trondheim har solgt seg til Clear Channel for lengst. Men eg har aldri hatt ei tilsvarande irrasjonell begeistring for Trondheim. (Og argumentet til dei som er for reklame er jo også at å vere skeptisk til reklame er «irrasjonelt».

Men min påstand er altså at det å tru at visuell input som er profesjonelt designa for å gjere eit inntrykk, ikkje er i stand til å gjere eit inntrykk, er minst like irrasjonell.)

Det handlar ikkje om kultur mot kapitalisme heller. Det handlar berre om heilhetleg kapitalisme, smart kapitalisme, mot kortsiktig, overflatisk lette-pengar-kapitalisme. Professor Tor W. Andreassen ved NHH i Bergen sa det slik: «Å jobbe systematisk med å gjere Bergen til ein turistmagnet vil generere atskilleg meir inntekter til kommunen gjennom skatteinntektene. Ringverknadene vil vere mykje større enn desse sølvpengane frå Clear Channel.» (nrk.no: «10 millioner er Mikke Mus-penger»)

Eg diggar reklame. Og samuraisverd. Er glad dei finst. Men også glad dei ikkje er overalt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook