MÅ FORSVARAST: Ting eg trudde var heilt openbare, må brått forsvarast. Vi skal no ha så åpne sinn. Det er ikkje lenger noko gale med å hate visse etniske grupper litt, eller å vere litt lei av at homsane skal ta opp så innmari mykje PLASS i samfunnet, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjon: Øystein Runde
MÅ FORSVARAST: Ting eg trudde var heilt openbare, må brått forsvarast. Vi skal no ha så åpne sinn. Det er ikkje lenger noko gale med å hate visse etniske grupper litt, eller å vere litt lei av at homsane skal ta opp så innmari mykje PLASS i samfunnet, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjon: Øystein RundeVis mer

Caps lock-demokratiet

Etter mange års prøving byrjar eg å lure på om det beste er å brøle rett ut kva eg står for.

Debattinnlegg

Sidan eg både har internett-tilgang og stadig får tildelt små sugerør ned i statskassa, har eg periodevis tid og høve til å krangle med folk eg er djupt ueinig med.

Dette har vorte lettare og lettare i det siste. Det har skjedd noko med debattklimaet i Noreg. Vi har kollektivt bestemt oss for at no er det nok, eller vi har nådd eit metningspunkt på grunn av hundre tusen små kommentarfeltkommentarar. Det er no ok å respondere instinktivt, med det som George W. Bush kalte «the gut». Har nokon nekta ei NRK-hallodame å bere kors? Hundre tusen menneske trykker «like» på LA OSS FAEN MEG FÅ BÆRE KORSET VÅRT, FOR HÆLVETE!

Ein smart bloggar, Rene Kleveland utan é, plukka opp denne tendensen med sin magiske teft for folkelege triggerpunkt. Han skapte eit nytt norsk flagg med ein muslimsk halvmåne og ei stjerne i, og la den uskyldig ut på bloggen sin saman med ein påstand om at halvmånen berre var ein C som sto for «Change». Responsen var overveldande. Fascinerande få gadd å dobbeltsjekke det nye flagget. Dei som dobbeltsjekka, og påpeikte at dette berre var tull, forsvann i støyen frå hundre caps lock-kommentarer. Flagg-posten vart «likt» 10 321 gonger på facebook. Caps lock-demokratiet hadde seira igjen.

Det er eit evig spørsmål om det er vits i å diskutere med denne typen folk. Altså, folk som ikkje er interesserte i å gjere research med mindre den samsvarer med det dei alt har bestemt seg for.

Svaret er: 1. Diskusjonen forandrar sjeldan dei som diskuterer, men den pregar dei som ser på, dei som les og lurer på kva som er «deira» lag. og 2. Av og til kan ein verte positivt overraska. Folk er tidvis mykje betre enn sitt rykte. Glaset er halvfullt, og i resten av glaset er det luft.

Ein annan fin ting med dette nye debattklimaet i Noreg er at eg ikkje føler så veldig behov for å vere original eller ironisk lenger. Eg kan berre seie det openbare ting rett fram. Det som ikkje er så kult, er at ting eg trudde var heilt openbare, brått må forsvarast. Vi skal no ha så åpne sinn. Det er ikkje lenger noko gale med å hate visse etniske grupper litt, eller å vere litt lei av at homsane skal ta opp så innmari mykje PLASS i samfunnet, eller å synest at kvinnene kanhende har fått litt for mange rettar, dei kan godt få litt færre, sånn som abort, fjortenåringar kan godt slite litt meir med å få abort.

I sjølvbiografien til Tony Blair bemerka Blair at når han fekk kritikk frå folk til høgre for seg på den politiske skalaen, var det fordi dei var ueinige med han på sak. Når kritikken kom frå venstre, var fundamentet i kritikken at han, Blair, måtte vere eit grunnleggande dårleg menneske fordi han meinte noko anna enn dei.

Dette kan eg kjenne meg igjen i. Det er fort gjort å føle at ein sit på ein høg, fin hest laga av rettferd og ureduserbare, evige prinsipp når ein ligg litt meir på venstresida. Høgresida ser dette, og prøver å selge seg inn som «den sunne fornuften». Og no har denne idéen vunne. Eg synest sjølvsagt at eg sit på ein moralsk høg hest av perfeksjon og ufeilbarleg rasjonalitet. Men det er eit elendig utgangspunkt for kommunikasjon. Difor har eg testa tre ulike tilnærmingar:

1. Brøle rett ut min forakt. Funkar dårleg, skaper skyttergraver. men gir masse likes og brunst frå dei som allereie er på mitt lag, då eg framstår som fast og bestemt. Skaper samhold innad på mitt eige lag, og gjer meg attraktiv og sexy, dessutan er dette den deiligaste metoden. For eit rush. Men den skaper ingen dialog, den berre dyttar meg og mine meiningsmotstandarar djupare ned i våre posisjonar. Og skremmer gjerne bort vinglarane. I visse saker er det likevel her ein endar, når ein ikkje gidd meir. I denne kategorien har ein Russel Brand si idiotiske, men karismatiske oppfordring til revolusjon, George Bush si feilaktige, men faste og sexy erklæring om å gå til krig mot terror.

2. Lure folk inn i ei felle. Ein klassisk favoritt. Her held du din eigen posisjon i saka litt i tåken, så lenge du kan. Så legg du ut åte, altså eit argument som meiningsmotstandaren din bør kunne sjå seg einig i, men som har ein ubønnhørleg konsekvens. Du ventar på at offeret skal plukke det opp, og deretter let du fella klappe igjen. Eg trudde denne var kulast av alt då eg var ung, men erfaringa no er at folk som tek åtet gir blaffen i den fine fella mi, og gumlar nøgd på åtet og trur eg har bekrefta fordommen deira.

3. Prøve å finne felles grunn. Har trollet nokon menneskelege trekk? Er det berre eit troll, eller er det eit ekte menneske som vil godt? I denne tilstanden har eg oppdaga at den eg krangla med faktisk ikkje trudde at homofili var medfødd, men eit aktivt valg. Og at valget var gjort som eit opprør mot samfunnet. Samstundes innrømte han at dei som var homo i land der homoar vart brente openbart var homo på ekte. Så nokon få var det som var «genuine». Men vegen frå den innrømmelsen til å innrømme at veldig få faktisk kan velge legning, viste seg å vere umogleg.

Så etter mange års prøving byrjar eg å lure på om det beste er å brøle rett ut kva eg står for. Det er klart, tydeleg, og sparer tid. Og det er kanskje den finaste konsekvensen av det nye debattklimaet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook