Dårlege militærminne

Novemberpoeten (56) kallar seg «Repo». Og det vil han halde fram med.

I november la han ut «Fragment av eit soldatliv» på Diktkammeret. Det vart kåra til månadens dikt.

- Kva betyr skrivinga for deg?

- Skriving har alltid betydd mykje for meg frå eg var ung tenåring og til i dag. Det inneber at eg må få sett form på mine innerste tankar. Diktkammeret er veldig verdifullt når det gjeld å bli dytta framover og bli motivert for skriving. Deltakarane er flinke til å gi ros og konstruktiv kritikk tilbake. Det blir som ein skriveskole.

- Kva tenkjer du om livet?

- Om livet tenkjer eg det at vi menneske lever på to plan, eit faktaplan og eit metaplan. Poesien skal uttrykke erfaring frå metaplanet, som er komplekst, samansett og fargerikt. Poesien kan få fram desse indre stukturane, sette dei i relieff til det materialistiske samfunnet - som på si side legg lokk på det metafysiske, indre livet. Ein levande poesi gjenspeglar ein vital kultur, og all litteratur og kunst er nødvendig for at samfunnet skal bevare mangfaldet.

- Kva tenkjer du om det å skrive nå, samanlikna med tidlegare? Blir det viktigare, skumlare, lettare?

- I ein alder av 56 år ligg eg lågt i terrenget med tanke på å stå fram med dikt. Då eg var yngre, skreiv eg mykje i avisene, også i Dagbladet. Då var det greitt, eg fekk oppmuntring, men også tilbakmeldingar om at det var dumt. I min alder må ein ha ein skikkeleg grunn til å stå fram offentleg, helst ha blitt antatt på forlag. Derfor blir ein veldig kritisk overfor seg sjølv, og det kjennest «skumlare» nå å stå fram enn då ein var yngre. Eg veit heilt sikkert at det er mange folk i dag som ser på eldre poetar på ein spesiell måte, med eit «meirvitande» smil, og det ser ut som poesien har kome ein del i miskreditt i vår tid. Det synes eg er trist, og kunne eg hjelpe til med å få poesien opp til å bli ein anerkjend sjanger ville det bli lettare å stå fram. Målet mitt er å skrive noko som eg meiner er viktig utan at eg treng å bli flau over det når det lyser frå ei avis- eller bokside.

- Hva inspirerer deg?

- Ja, mange dikt kjem som lyn frå klår himmel. Plutsleg kan eg vakne om natta og ha eit dikt i hovudet. Då må eg opp og skrive det ned, for eg er redd å ha gløymt det om morgonen. Elles kjem det ein tanke, ei kjensle, ein metafor til meg som eg jobbar systematisk vidare med - ei aning av noko som eg set form på. Forhold mellom menneske, kjensler og medkjensler inspirerer mykje, og det har blitt slik at mange av dikta kretsar om kvinner. Det er mykje lettare å skrive om kvinner enn om menn.

- Og kva ligg bak dette diktet?

- Bak diktet «Fragment av eit soldatliv» ligg det ei konkret erfaring, nattevake i snøvinteren i Troms under militærtenesta. Minnet, fantasien, har ein slik kontur at det liknar meir på ein draum. Her kjem det eg sa tidlegare inn, faktaplanet og metaplanet. Faktaplanet er at eg var på ein konkret øvelse og stod på ei faktisk snøslette. På metaplan opplever eg det meir som ein draum, fordi eg mistrivdes sterkt i det militære. Psyken kam melde seg ut av verden, eller inn i verden, og mellom desse prosessane finst det eit vell av poetiske perspektiv.

Les diktet

Fragment av eit soldatliv På ei slette med nattblå pulversnø

ned mot den glinsande elva

der isen skurande

vart broten opp ved barden;

og tidsrekninga, tusen år i ein sekund

tikka berre ein gong, denne gongen -

inne mellom trea i utkanten

av skogen: ei gruppe offiserar

ståande tause med sigarettglør

som raude sår mellom fingrane;

eg er ikkje sikker på

om eg var der den gongen.

Les jurybegrunnelsen

Juryens kommentar: Blant mange skikkeleg sterke kandidatar er det juryens håplause og takknemlege oppgåve å få plukka på øvste hylle eitt av desse dikta som me vil fokusera ekstra på denne månaden.

Det blir «Fragment av eit soldatliv.» Her vert det måla fram for oss i ein draumeliknande atmosfære ei nattblå vinterstemning. Undervegs mot slutten av diktet vert det mindre og mindre opplagt kva tid det er, det er bare eit tikk i æva. Og kvar det er, er ikkje sagt heller, men samstundes vert det meir konkretisert at me er i nærleiken av ei gruppe høgareståande militære ei vinternatt, kanskje i Norden. Medan sigarettglørne lyser i mørkret løyser diktets «eg» seg opp framfor augene på oss, og me vert denne merkelege observatøren som svever gjennom soga som poetens auga. Det er sug og rørsle, einsemd og nærvær. Og det pregar faktisk alle dikta me fokuserer på frå november.

I «Fragment av eit soldatliv» er det også ei trugande stemning som held taket i oss lenge etter at me har lese det: er det fortid eller framtid?

For juryen,

Helge Torvund

Juryen består av Torvund, Niels Schia, Kristian Rishøi og Maria Børja.