SJOKKERER KONSTANT: - Merkeleg at folk blei sjokkerte, eigentleg. Det var akkurat dette han lova i valkampen. USA har fått som fortent, skriver artikkelforfatteren. Foto: REUTERS/Kevin Lamarque     TPX IMAGES OF THE DAY
SJOKKERER KONSTANT: - Merkeleg at folk blei sjokkerte, eigentleg. Det var akkurat dette han lova i valkampen. USA har fått som fortent, skriver artikkelforfatteren. Foto: REUTERS/Kevin Lamarque TPX IMAGES OF THE DAYVis mer

Den ellevte landeplaga

En kombinasjon av hundreårsbølge og hundreårsflom utløst av en oransjefarga mann som har tatt bolig i Det hvite hus.

Meninger

Gud trengte ti landeplager for å få Farao til å la jødane fare frå Egypt. No har vi fått den ellevte.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

Det var ikkje nokon gud som gav oss denne landeplaga. Det gjorde amerikanske høgreekstremistar, erkekonservative og kristenfundamentalistar. I tillegg til millionar av fattige, arbeidslause, desillusjonerte, fanga i det amerikanske marerittet. Utstøtte som let seg blende av ein mangemilliardær som lova og laug.

Det var jubelscener då Donald Trump jr. vann valet. Neo-nazistar gjorde nazihelsing og ropte «Sieg Heil». Kristenfundamentalistar takka Gud. Endeleg hadde deira verdiar innteke Det kvite hus. Arbeidsledige gruvearbeidarar børsta kolstøv av arbeidskleda i tru på at no var det like før dei kunne klyve ned i gruvene att. Men faren for at Trump tar frå dei helseforsikringa er meir overhengande.

Jubelscener var det her på berget òg. Både blant brunflekka og mørkeblå var gleda stor over at ein sjelefrende hadde vunne. Carl I Hagen omtala Trump nesten som ein kloning av seg sjølv. Blant kristenfundmentalistar var det òg lovprising. Det underlege er at enkelte på ytterste venstre fløy òg jubla. Ikkje mest fordi Trump vann, men fordi Hillary Clinton tapte. Ein jubel som sette seg fast i halsen då det gjekk opp for dei at det faktum at Clinton tapte, gjorde at verda må leve med Trump i fire år (om han held så lenge).

Resten av verda var fyrst og framst i måpande, hovudristande sjokk over at The Land of The Free kunne la seg forføre av ei realitystjerne og gjere han til verdas mektigaste mann. Eit sjokk som ikkje har lagt seg etter at vi har sett han i fri utfalding i fire-fem månader. For mange framstår han som ei vandrande katastrofe. Ein twitrande elefant i eit glasmagasin. Ein president handlingslamma på grensa til det impotente fordi han og mange av hans nærmaste medarbeidarar er under etterforsking av FBI for mistanke om lummert samspel med russiske maktpersonar.

Det som gjev han landeplageformat, er ikkje at han tilsynelatande er utan impulskontroll, at han har kroppsspråk som ein pitbull eller at han framleis insisterer på at han hadde større oppmøte då han blei innsett som president enn afroamerikanaren Obama. Sjølv om all verdas bilde viser noko anna, held han hardnakka på sin versjon.

Han kan heller ikkje leve med at Clinton fekk tre millionar fleire stemmer enn han. «Tre millionar falske stemmer,» påstår han. Verda såg han oppføre seg som ein trumpete unga då Angela Merkel besøkte Det kvite hus. Vi bivåna han dytte bort statsministeren frå Montenegro for å komme i framste linje på NATO-toppmøtet. Han forlet pressekonferansar lenge før dei er ferdige og let vere å svare på spørsmål frå journalistar. Det siste er at han gjer narr av ordførar Sadiq Khan i London fordi han oppfordrar folk å bevare roen etter terroråtaket der. Alt dette kan, med litt godvilje, bortforklarast med at han ikkje har lært å oppføre seg eller at han rett og slett er ei uskikkeleg bølle.

Landeplagenivå er det, derimot, over at han har gått til krig mot massemedia. Media som kritiserer han, blir stengt ute frå pressekonferansar. Dokumentert kritikk blir avfeia som «fake news». Vi har sett groteske døme i historien på maktpersonar som har tatt strupetak på media. Maktpersonar vi berre kan håpe Trump ikkje vil bli samanlikna med; Lenin, Stalin, Mussolini, Hitler, Mao, Pol Pot, Kim Jong-un og alle andre tyrannar.

Enda verre er det at Trump på forunderleg vis har klart å forrykke balansen i verda. Ein balanse som har gjort at vi, trass i alvorlege, pågåande konflikter, har følt at verdssituasjonen har vore under kontroll. Trump har (påstår han) laga avtale med eit av dei mest barbariske regima i verda, Saudi Arabia, om sal av våpen i hundremilliardklassen. Og han har prestert å omtale den brutale despoten Gularte i Indonesia som eit førebilde.

Etter det nyleg avhaldne NATO-toppmøtet gjekk ho som no blir sett på som den frie verda sin framste leiar, Angela Merkel, ut og sa at heretter må Europa stole på seg sjølve. Dette fordi Trump ikkje i klartekst sa at i NATO gjeld framleis prinsippet om ein for alle og alle for ein.

I forrige veke trekte Trump USA ut av Paris-avtalen. Ein avtale som har sett seg eit togradersmål som øvre grense for temperaturauking på kloden vår. Dermed har han til fulle vist at han forkastar moderne klimaforskning. Miljøministeren hans hevdar, i likhet med blant andre Carl I Hagen her til lands, at alt snakket om global oppvarming er ein venstreradikal konspirasjon.

Trump sende ut sjokkbylgjer med standpunktet sitt. Merkeleg at folk blei sjokkerte, eigentleg. Det var akkurat dette han lova i valkampen. USA har fått som fortent. Han er ein demokratisk valt president som gjekk heim hos mange med sitt nasjonalistiske mantra om å «gjere Amerika mektig igjen». At han i staden gjer landet mindre og meir isolert, må dei leve med. Resten av verda har ikkje fortent å leve i uro fordi ein uberegneleg narcissist styrer USA, men vi kan i det minste hindre at liknande maktpersonar kjem til makta i våre eigne land.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook