TYPISK NORSK: Skal du vere ein god nordmann må du elske brunost og Ibsen, skriv artikkelforfattaren. Foto: Katrine Nordli / Aftenposten / NTB Scanpix
TYPISK NORSK: Skal du vere ein god nordmann må du elske brunost og Ibsen, skriv artikkelforfattaren. Foto: Katrine Nordli / Aftenposten / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Den norske samfunnsarven

Den politiske høgresida viser liten interesse for våre unike samfunnsverdiar

Den norske modellen, fellesskolen og offentleg eigarskap til naturressursane er unike samfunnsverdiar som er like umisselege som kulturarven vår.

Meninger

Stadig fleire går på barrikadane for den norske kulturarven. Skal du vere ein god nordmann må du elske brunost og Ibsen.

Ikkje eit vondt ord om norsk kultur, men kvifor snakkar vi berre om kulturarven? Kvifor snakkar vi så lite om samfunnsarven – det som er verdifullt ved samfunnsmodellen vår?

Noreg har ei sterk fagrørsle, trepartssamarbeid (mellom dei fire største arbeidstakarorganisasjonane, dei fire største arbeidsgjevar-organisasjonane og regjeringa, red. anm.) og moderate forskjellar.

TIDLEGARE STORTINGSREPRESENTANT: Alf Holmelid (SV). Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix Vis mer

I ei tid der aukande forskjellar trugar demokratiet i mange land, er dette verdiar det er all grunn til å ta vare på. Moderate økonomiske forskjellar er grunnlaget for den samfunnstilliten og det fellesskapet som er basis for eit levande folkestyre. Men dei som snakkar mest om norske verdiar, nemner sjeldan trepartssamarbeidet og den norske modellen.

Den norske fellesskolen der alle møtes på tvers av religiøse, sosiale og økonomiske skiljeliner, er ein unik samfunnsverdi. Den er basis for den samfunnstilliten og den egaliteten som pregar det norske samfunnet.

Fellesskolen legg grunnlaget for eit lite hierarkisk arbeidsliv med sjølvstendige og kompetente tilsette på alle nivå i organisasjonen.

Mange bedriftsleiarar peikar på dette som vårt viktigaste konkurransefortrinn. Offentleg eigarskap til naturressursane har vore eit sentralt element i utviklinga av det norske samfunnet. Vasskrafta og oljeressursane har skapt arbeidsplassar og verdiar for fellesskapet. Fiskeressursane har også vore under demokratisk kontroll og skapt arbeidsplassar i kystsamfunna. Men høgrepolitikken er i ferd med å forskusle den demokratiske kontrollen over desse fellesressursane.

Den norske modellen, fellesskolen og offentleg eigarskap til naturressursane er unike samfunnsverdiar som er like umisselege som kulturarven vår. Men den politiske høgresida som stadig uroar seg over dei norske verdiane, viser liten interesse for våre unike samfunnsverdiar.

Kan det skuldast at desse verdiane er meir truga av høgrepolitikk enn av innvandring?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook