Du må lese, Ole Idar!

KJØNNLITTERATUR: Det er ikkje uvanleg å meine at menn er betre forfattarar (og akademikarar, og anna) enn kvinner. Det er for så vidt heller ikkje uvanleg å meine dette utan å komme med gode grunngjevingar, men det er litt uvanleg å grunngje synet sitt med at det er lettare å sjå for seg romanen som stiv svart dress, bowlerhatt og stokk enn som kjole. Dette er rett nok ikkje det einaste Ole Idar Kvelvane har som grunn til å hevde at menn er betre forfattarar enn kvinner, han meiner også at hans manglande interesse for å lese kvinnelege forfattarars bøker burde få det til å ringe ei bjelle hos fleire. Esset i ermet er likevel Dagbladet og «folket» sine kåringar av dei 25 beste romanane frå dei siste 25 åra, der berre seks kvinnelege forfattarar var med på lista til juryen, og berre to kvinnelege forfattarar nådde opp hos «folket».

EG VART BEDEN om å vere med i juryen til Dagbladet si kåring, og sjølv om eg var smigra over å bli spurt, sa eg nei. Eg syntes ikkje eg hadde lese tilstrekkeleg mange av bøkene som hadde blitt gitt ut dei siste 25 åra, og hadde ikkje tid til å lese meg opp. Av dei 25 bøkene som kom på lista, var det heile ni romanar eg ikkje hadde lese, og blant dei var dei to som kom på topp. Følte eg meg av den grunn kompetent til å meine at dei to ikkje burde ha vunne? Hissa eg meg difor opp over at Ragnar Hovlands «Sveve over vatna», som var ei av dei «folket» kunne stemme på, og som eg stemte minst tre gongar på, ikkje kom med på verken «folkets» eller juryen si liste? Betyr dette at eg stemte på ei bok skrive av ein mann at eg føretrekk mannlege forfattarar framfor kvinnelege?

Nei. Sjølvsagt ikkje. Skulle eg ha sett opp mine 25 favorittar, hadde eg truleg hatt fleire kvinner enn menn. Betyr dette at eg føretrekk kvinnelege forfattarar framfor mannlege forfattarar? Kanskje. Men det betyr ikkje at eg trur at kvinnelege forfattarar er betre enn mannlege.

LAT MEG i mitt svar til Kvelvane vere like overflatisk som han er: Eg trur grunnen til at fleire les mannlege forfattarar enn kvinnelege forfattarar, er:

1) Det finst fleire menn som skriv bøker enn kvinner som gjer det.

2) Det er fleire mannlege forfattarar som får merksemd enn kvinnelege forfattarar (mellom anna fordi dei skriv kronikkar der dei seier at dei har visst lenge at mannlege forfattarar er betre enn kvinnelege).

Så kan vi heller diskutere i kva grad menn og kvinner skriv på ulike måtar om ulike emne med ulike innfallsvinklar, men eg gidd ikkje bruke energi på å krangle om dette før Ole Idar brukar energi på å grunngje, med utgangspunkt i bøkene , ikkje i genene, kvifor Trude Marstein er ein for dårleg forfattar til å komme på lista over dei 25 beste, kvifor Bergljot Hobæk Haff ikkje fortente ein andreplass og før han har namn- og grunngitt kven av dei 12 kvinnelege debutantane han debuterte saman med som ikkje fortente å debutere. Les, Ole Idar, les! Og viss du ikkje orkar å lese ferdig, så kanskje du likevel klarer å forklare kvifor du ikkje likar det du les?