Skjermdump fra Facebook
Skjermdump fra FacebookVis mer

Eg har meldt meg inn i Mannegruppa Ottar

Her er det ei intelektuellfri sone der ein slepp å leve opp til forventingane frå omgjevnadane om å alltid gjere det rette.

Meninger

Eg må bryte saman og tilstå at eg har meldt meg inn i Mannegruppa Ottar. Ja då, ja då, eg veit at det ikkje er stuereint. Ikkje i det heile tatt. Men det kan vere lurt å finne ut litt om kva dette dreier seg om. «If you can`t beat them, join them», som det heiter på utanlandsk.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

Det fyrste eg gjorde då eg blei akseptert som medlem, var sjølvsagt å scrolle nedover den uendelege rekka av meldingar som var posta der. Og for dei som måtte lure; her er det lett å finne mat til alle slags fordomar mot gruppa. Overdose av mat, faktisk. Heilt i tråd med det som blir hevda i sosiale media.

Mannsjåvinisme i fri utfalding. Kvinnediskriminering. Antifeminisme. Oppfordring til valdtekt. Ønskje om enkelte sin snarlege død. Og hatobjekt over alle hatobjekt; Sophie Elise. Det er ikkje måte på kva slags ulukker mange ottarar håper skal vederfare denne rosabloggaren som visstnok har kritisert gruppa.

Andletet hennar er klipt inn i eit bilde av jødar i nazistars fagenskap. Og sjølverklærte sexatletar vil la henne «suck my dick».

Homoforakt er noko anna som slår imot ein. Soparar står ikkje høgt i kurs her. «Veit du kvifor homoar snur boksaren bak fram?» er det ein som spør. «Jau, for då luktar det drit der pikken er og pikk der rumpa er».

Vitsar om mongoloide, jødar, muslimar og sjølvsagt rasistiske vitsar. «What do you call a dead nigga hanging down from a tree?» «Julepynt?»

Dess meir eg les, dess meir kjenner eg det som mange har kommentert på twitter og fb. Dette er kvalmende, og eg får ein ubendig trang til å slå med storsleggje i kommentarfeltet, fortelje kva eg verkeleg tykkjer om dette søppelet og ta sjansen på å bli kasta på hovudet og ræva ut av gruppa.

I staden held eg fram med å lese mølet, og gradvis skjer det noko. Eg oppdagar nyansar. Dette er ikkje svart-kvitt som eit nesten unisont twitterat og fb-kommentariat vil ha det til. Eg oppdagar at mange medlem er såra. «Eg melde meg inn her for å le og ha det moro», seier ein, «no blir eg mistenkelegjort som pedofil og valdtektsforbrytar». «Vi må ikkje skjære alle over ein kam, får vi høyre om ein muslim har drive terror. No skjær dei alle i denne gruppa over ein kam», klagar ein. «Jøss, mannen har rett», slår det meg. «Kvifor vil dei ikkje ha pengane våre», spør ein om krefteforeininga sitt nei takk til innsamla middel. Og han held fram: «Sonen min har leukemi, og dei treng kvar ei krone dei kan få til skikkeleg behandling».

Mange tar ei oppgjerd med dei rabiate kvinne- og homohatande rasistane som har gjort dette til sin tumleplass for ekstreme og hatefulle ytringar og ber dei slutte å øydeleggje. «Kast dei ut, moderator», seier ein. «Viss ikkje, melder eg meg ut».

Mange er òg såre for at vener på fjesboka blir oppfordra til å slette alle som er medlem i Mannegruppa Ottar. «Som om vi er spedalske», sukkar ein. «Kva er galt med å le og more seg?» Fleire av mine vener kontakta meg på fb i rein storebror-ser-deg-stil for å fortelje at eg var observert som medlem. «Kanskje nokon har meldt deg inn», sa ei. Eg fortalde at det hadde eg gjort sjølv, men eg kunne formilde det med at eg var der i «forskningsaugemed».

Etter kvart som eg fekk tørka hatgjørma av augo, oppdaga eg at det jammen er humor her òg. Mykje lavpanna eller under beltestaden, mykje, ekkelt, mykje rasistisk og sexistisk. Men jaggu tok eg meg i å le opptil fleire gonger. Av morsomme filmsnuttar, bilde, kommentarar og vitsar.

Og plutseleg slår det meg: This is a man's world. Dette er jaktturen med mannfolkpreik på koia. Dette er garderoben til bedriftslaget i fotball. Dette er gutteturen til Manchester. Dette er soldatbrakkepreik. Dette er lunsjpausen der menn er menn. Her er ein tøff liksom-macho-tone og sjargong. Her er det bilpreik og pupper og kona mi forstår meg ikkje.

Her er det fellesskap og tull og tøys og lått og løye i intelektuellfri sone der ein slepp å leve opp til forventningane frå omgjevnadene om å alltid gjere det riktige.

For all del; ikkje tru at eg driv og stuereinifiserer gruppa. Ho har kome kapitalt skeivt ut. Fyrst og framst takka vere haldningslaus og lemfelding leiing som har tillete nettroll å spreie møkka si i fri utfalding. Her har det vore innslag av alt det kritikarane nemner. Altfor mange slike innslag. Det blei fritt fram å mobbe og hetse andre på det mest nedrige. Mobbing som tok heilt av og fikk spre seg som det råtne i eit eple.

Det er fullstendig utilgjeveleg at dette fekk utvikle seg til dei grader før folk tok til motmæle.

Dette har blitt frykteleg øydeleggjande og har ført til forakt og avsky blant massevis av oppegåande menneske med krav til moral. Dei som er skadelidande, er sjølvsagt dei mange oppegåande blant medlema med dei same krava til moral. Dei blir no, ganske så ufortent, uglesett og idiotforklara.

Dette medlemet melder seg snart ut. Gruppa er ei manneverd på godt og vondt. Ei verd som berre må få vere der for min del, men ikkje ei verd denne mannen vil føle seg heime i, så eg seier berre: «Mission completed».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook