Eit dikt i alles «gate»

Tom Ingar Eliassen har vist evne til å laga spennande og samansette tekstar. Denne månaden valgte juryen diktet «gate» til månadens dikt.

I dikt som «gate», «etterlyst», «søvn» og «gjennomsiktig» viser Eliassen si evne til å laga samansette tekstar med ulike element som bymiljø, natur, kropp og kjensler. Han kan også visa også eit særleg mot når det gjeld å trekkja inn sterke kontrastar mellom positivt og negativt lada opplevingsområde i eit overraskande biletspråk som minner om Salvador Dali. Denne månaden merkte juryen seg spesielt diktet «gate»:

dette er min gate

et lår som ender i mitt hus

en blodåre inn i byens muskel

her skinner steinene som stjerner

på en asfalthimmel

her står trærne som skyer

her regner det epler

dette er min gate

en tråd som ender i nøstet

en tunge som ender i halsen

her er det krig

her er det våpenhvile

her står postkassene

som tomme smykkeskrin

dette er min gate

den går igjennom meg

den er en blindvei

den leter etter noen som deg

Juryens kommentar:

I omtalen av modernistisk dikting har det vorte lagt mykje vekt på at den fokuserer på det oppsplitta sinnet, på kjensla av framandgjering og avstand mellom menneske og menneske, mellom menneske og natur og avstanden til andre omgjevnader. Eg har likevel kjettersk hevda at noko av det som pregar denne poesien er at han klarar på ein særeigen måte å skape eit samlande og fortetta bilete av menneskelege opplevingar på mange plan. Dette diktet illustrerar dette doble uttrykket på ein sterk og dramatisk måte. Her er ei spesiell blanding av bilete frå natur, kropp og by som skapar ein omfamnande samanheng i diktuniverset. Ting går over i kvarandre, men diktet underslår likevel ikkje konfliktstoff og motsetningar. Den tilbakevendande lengten som avsluttar diktet er ikkje så original, men er likevel heilt på sin plass. Eit samfunn av einsemder er fanga inn.

AUGUSTPOET: Tom Ingar Eliassen har skrevet «gate», som i august ble månedens dikt.