NYNORSKHISTORIE: Ottar Grepstad har skrive historien om den nynorske journalistikken. Foto: MARIA BØRJA
NYNORSKHISTORIE: Ottar Grepstad har skrive historien om den nynorske journalistikken. Foto: MARIA BØRJAVis mer

Endeleg er den nynorske kulturhistoria komplett

Bok om den nynorske journalistikken.

ANMELDELSE: Den 9. oktober 1858 kom første nummeret av avisa Dølen ut i Christiania. Avisa var sterkt prega av redaktøren, Aasmund Olavsson Vinje. Han skreiv på ein seregen måte.

«Stilistisk var han ein elegant ramp som kunne sin klassiske retorikk, og som meistra daglegtalen. Journalistisk var han pågåande, oppsøkjande, undrande, kritisk», skriv direktøren ved Aasen-tunet i Ørsta, Ottar Grepstad, i boka om den nynorske presse og den nynorske journalistikken.

Ein kunne nesten tru det er skrive om dagens journalistikk. Men personifisering, polarisering, konkretisering er ikkje grep som er komne med VG og Dagbladet, skal vi tru forfattaren.  

Dølen var opphavet til mange draumar mellom målfolket. Dei oppdaga at med Vinjes avis kom landsmålet til syne. Gjennom avisene skulle dei gjere Ivar Aasens livsverk til eit bruksspråk. Nynorsken skulle alminneleggjerast. Men det tok tid å gjere draumane om til røyndom. Fram til 1900 var det sett i verk 11 nye aviser på nynorsk. Dei som kom fekk til dels korte liv. I dei 151 åra som er gått sidan Dølen kom ut første gongen, er det starta 159 nynorskaviser. I 2010 er det 58 nynorskaviser i drift mot 161 bokmålsaviser. Dei er for det meste lokale.  

Den store draumen
Men målfolket har og halde liv i den store draumen om ei riksdekkande storavis. Tre gonger tok dei denne draumen fram, i 1890-93 med Fedraheimen, 1928-35 med Den 17de Mai og 1946-63 Norsk Tidend. Men frå 1963 har dei hatt Dag og Tid.som takk vere betalt og ubetalt innsats, entusiasme og friviljug og statleg støtte har bauta seg fram gjennom farlege farvatn der dei som sto dei nærast ofte var dei farlegaste motmennene.  

Det er Ottar Grepstads tese at nynorskpressa no er vorten alminneleggjort som ein integrert del av det norske pressemønsteret. I meir enn 100 år var nynorskavisene ein lekk i målreisingsarbeidet. Dei var for det meste partipolitisk ubundne, om ikkje ubundne av målrørsla. Men på eit vis var dei altså moderne før norsk presse vart modernisert og fristilt frå partia frå 1970-talet. No er nynorskavisene for det meste ordinære lokale nyhendeaviser, der avisspråket er nynorsk, ikkje målaviser som skriv på nynorsk om målreisingsarbeidet.  

Hovudstraumen
Dei fleste nynorskavisene finn ein som rimeleg er på Vestlandet. I dag er dei godt tilpassa hovudstraumen i den norske pressa. Det nye verket Norsk Presses Historie har synt at den norske pressa er ei lokalpresse, meir enn nokon gong.    

Grepstad har store kunnskapar om målutviklinga her i landet, og auser av dei i denne boka. Han skriv sjølv drivande godt, analytisk og utan unødig polemisk snert, bortsett frå når han har sine rituelle oppgjer med Dagbladet og VG om deira haldning til medarbeidaranes målform. Med denne boka har vi fått standardverket om den nynorske pressa. Nynorskjournalistikken er innskriven i norsk journalistikks historie. Og Aasmund Olavsson Vinje er endeleg plassert mellom dei moderne journalistane.

« «Avisene som utvida Norge — nynorskpressa 1850 — 2010» »

Ottar Grepstad