Forsølva augustdikt

«Men så, seinare» er augustdiktet.

(Dagbladet.no):

Men så, seinare

Men så, seinare kjem den forsølva setninga hårtynn mot den frostklåre himmelen. Som ei enorm sikkerheitsnål held ho dei to halvdelane av morgonen saman. Når dette første lyset blir halvvegs gløymt kjenner du brått graviteten i skjelettet. Alt verkar forkorta og du går som ein fyllik i skodde over den brølande motorvegen.

Finn Øglænd

Les intervju!

Juryens kommentar:

Av og til, som denne gongen, kan juryen vera samstemde om at ein tekst merker seg ut blant dei andre, utan heilt å kunna setja fingeren på kvifor. Og det sjølv om det også denne månaden var mange gode dikt ein kunne ha fokusert på. Det er ofte slik når det gjeld poesi, at det som gjer ein tekst til noko spesielt, har meir å gjera med tonen og klangen, stilen og kloa, atmosfæren og rommet kring elementa i teksten, enn det har å gjera med innhaldet eller noko som ein jury på ein eller annan måte kan gjenfortelja eller gripa i prosaiske ord.

Slik er det også denne gongen.

Det er ei klo og ein klang, eit grep og noko gripande over desse linjene som går frå sølv og hårtynn frost og inn i skjelettet til eit skjelvande lite mennesket ved samfunnets ustoppelege og bråkande rørsle. Dette gjorde at denne teksten vart ståande att som den me gjerne vil halda fram i lyset frå Diktkammerdikta i august.

For juryen,

Helge Torvund.

Juryen består av Kristian Rishøi, Niels Schia, Helge Torvund og Maria Børja.