DOPKIRKE: En av grunnleggerne av «The international Church of Cannabis» i Denver, Colorado, Steve Berke, sjekker alderen til noen av de første som besøker «kirka» 20. april. Artikkelforfatteren mener det ikke står så bra til i Colorado som Dagbladets kommentator vil ha det til. Foto: Marc Piscotty / Getty Images / AFP / NTB Scanpix
DOPKIRKE: En av grunnleggerne av «The international Church of Cannabis» i Denver, Colorado, Steve Berke, sjekker alderen til noen av de første som besøker «kirka» 20. april. Artikkelforfatteren mener det ikke står så bra til i Colorado som Dagbladets kommentator vil ha det til. Foto: Marc Piscotty / Getty Images / AFP / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Legalisering av marihuana

Glansbilete frå Colorado

Urovekkande nok er det fleire minoritetsungdom som blir arresterte for cannabisbruk etter legaliseringa.

Meninger

«Den svarte marknaden forsvinn med legalisering», konstaterer Dagbladets kommentator, Ola Magnussen Rydje, og viser til delstaten Colorado, som legaliserte rekreasjonsbruk av cannabis i 2013. For ein skribent i ei avis som tar mål av seg å stoppe spreiinga av såkalla «fake news» gjennom faktasjekkprosjektet Faktisk, er det skuffande at ein tar så lett på kunnskapsgrunnlaget bak påstandane som blir fremma i eiga avis.

Marie Jahren Fludal Vis mer

At den illegale rusmarkaden har forsvunne er ein påstand utan dekning i verkelegheita. Den illegale marknaden er framleis til stades, med kartell som anten har starta å dyrke sjølv blant den lovlege produksjonen, eller bytt til sal av andre stoff, som heroin. Statsadvokaten i Denver slår fast at den samla narkotikarelaterte kriminaliteten har auka etter legaliseringa. Det har dessutan vore ein betydeleg auke i ulovleg produksjon og sal av cannabis og cannabiskonsentrat. Mengdene som blir beslaglagt i dei enkelte sakene, er mangedobla. Versjonen til Rydje står derfor i sterk kontrast til myndigheitene i Colorado si erfaring.

I ly av den lovlege cannabisproduksjonen har det vakse fram ein grå marknad som forsyner illegale marknader lokalt og i andre delstatar. Guvernøren i Colorado skildra nyleg denne cannabismarknaden som «a clear and present danger». Ifølge statsadvokaten er politiet i Denver meir travelt opptatt med å handheve cannabislover og etterforske cannabisrelatert kriminalitet enn nokosinne. Talet på arrestasjonar for offentleg bruk er også mangedobla sidan legaliseringa. Og urovekkande nok er det fleire minoritetsungdom som blir arresterte for cannabisbruk etter legaliseringa.

Rydje hevdar vidare at «Når det svarte markedet forsvinner blir det også vanskeligere for barn og ungdom å få tak i stoffene.» Men den svarte marknaden har ikkje forsvunne, og tilgangen er høg for mindreårige. Til trass for ein liten nedgang frå 2014 til 2015: Cannabisbruk blant 12–17-åringar i Colorado har auka sidan legaliseringa, mens tendensen på nasjonalt nivå går nedover. Dei har svært god tilgang til rusmiddelet gjennom den framleis eksisterande illegale marknaden som lever side om side med den legale.

Auka bruk gir fleire negative utslag. Mange skular rapporterer om elevar som møter rusa til undervisninga. I to rundspørjingar svarer høvesvis 80 prosent av politikontaktane og 70 prosent av rådgivarane ved vidaregåande skular i Colorado at det har vore ein auke i cannabisrelaterte hendingar ved skulane, hovudsakeleg at elevane er rusa i timane.

Colorado hadde høg cannabisbruk allereie før legaliseringa, men bruken har auka etter. Framstillinga av at alt er problemfritt og løyst med legalisering av cannabis, er i beste fall ei svært skeiv framstilling, og i verste fall direkte falske nyheiter.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook