Hvetedeigen falt i smak

Gros dikt «en grov varmheva hvetedeig» ble månedens kammerdikt for april. Nytt denne måneden: Helge Torvunds framhever tre diktkammernavn han mener har utmerket seg.

Diktkammer-juryen har for april valgt seg «en grov varmheva hvetedeig» til månedens dikt. Det er skrevet av gro, som vi med dette vil gratulere.

en grov varmheva hvetedeig

Skrevet av gro

22. april 2001 kl. 09.17

innimellom alle kjøkkenredskapene

som ligger strødd utover benken fordi ingen har

satt sammen kjøkkenskuffen som løsna i fronten

fordi mange var sinte på hverandre fordi ingenting

er som det var før har noen satt fra seg den

fettede popcornkasserollen som godt kan stå

på den melete benken sammen med bakebollen til

vi har hatt en lang frokost med egg te og rykende

ferske søndagsrundstykker

Juryens kommentar

Poeten manar fram eit klårt og presist bilete gjennom den naturleg flytande teksten. Samstundes finst det ord og vendingar som peiker ut over her og nå, og gjev lesaren høve til å dikta vidare.

Det å omskapa eit kjøkkenkaos med mennesker, ein situasjon som stadig vil vera å finna i dei fleste hus, til poesi på denne måten, er ein prestasjon det står respekt av. Kvardag og kvardags kamp presentert og omforma til lun forsoning. Utført utan feilskjær, og i motsetning til mange gode dikt om vondskap i april, ender dette med i alle fall ei kortvarig stund av forsoning og harmoni. Godt å lesa.

Juryen har bestått av Unn Conradi Andersen, Ingrid Sande Larsen, Håvard Rem, Maria Børja og Helge Torvund.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------

Frå Diktlæraren

Denne månaden har Diktlæraren lyst til å innføra noko nytt. April har vore ein månad med ekstremt mykje bra. Det er mange som har levert gode tekstar, og eg understrekar igjen, at me trekkjer fram nokon nå, så får andre venta til eit seinare høve.

Eg vil gjerne i tillegg til månadens utvalde dikt, - og dei kvalifiserte -, setja fokus på tre røyster frå Diktkammeret, og gje dei litt ekstra merksemd. Alle desse tre er blant dei mange på Diktkammeret som i tillegg til å levera spenstige tekstar sjølv, er flittige kommentatorar, og flinke til å støtta opp om det dei finn av gode ting hjå andre, men også til å koma med høveleg kritikk, skjerpande og stimulerande.

Det er ei som har hatt ei særleg sterk utvikling og etterkvart stått fram som ein spennande surrealist, og som denne månaden har levert fleire gode tekstar; ho kallar seg vykle. Hennar «13.etasje før midnatt» er eit av dei nemnde gode dikta om det vonde, som me har hatt mange av. Ofte skriv ho kortare ting, og svært ofte skapar ho eit rart originalt univers med trådar attende til fransk surrealisme og det beste i europeisk og latinamerikansk modernisme.

Så er det ein raring som ikkje ser ut til å rekna seg som poet i det heile, men som har prega Diktkammeret med sine vanvittige påfunn og kommentarar. Han glitrar innimellom til med særs fine tekstar innimellom. Også dikt, men gjerne humoresker som for eksempel kan fortelja om eigenrådige påskeski som blamerer sin eigar. Hans ukonvensjonelle kommentarar og åtvaringar om å ikkje skriva poetisk korrekt, er ein fin stimulans på Kammeret. Han kallar seg goka.

April har elles vore ein månad der mange av travarane har levert bra ting. Likevel trur eg ikkje det er galt å seia at det var den månaden Kjell Ivar Sandvik verkeleg slo til med nokre av sine mektigaste ting. I Diktkammersamanheng er han ein som vekslar mellom store tekstar, blødmer og stunts av alle moglege slag. Samtidig viser han med kommentarar og visingar til poetar frå fleire land, at han har lese mykje og har bakgrunn for si aktive kommentering av andre bidrag.

Helge Torvund