I Kerouacs ånd

Den ferske aprilpoeten har puta si hos Live og skoa sine langs fortauskanten, som Jack Kerouac.

(Dagbladet.no): - Jeg er 24 år, og bor ingensteder. Jeg har tingene mine hos Sindre, puta mi hos Live, og skoa mine langs fortauskantene, som Jack Kerouac.Helst skulle jeg bodd som MC Hammer, i en 1958 Ford Galaxy, helst skulle jeg vært antiakademiker som Lukas Moodyson, men jeg har en hang til hypotetisk deduktiv metode, og helst skulle jeg vært helt aleine, men det er noen mennesker her.

Sitatene tilhører Oddmund F.J. Vaagsholm (24), kåret til månedens poet for april med det selvtitulerte prosadiktet «Oddmund nr. 14». Et dikt som, tro det eller ei, er hans aller første bidrag til Diktkammeret.

- Skriver du mye?- Jeg skriver mye akkurat nå. Jeg sendte nylig inn et manuskript til Damms diktkonkurranse, en ett-dikt-samling.

«Oddmund nr. 14» er integrert i denne samlinga, forteller Oddmund. Han går på journalistutdanninga i Oslo og spiller fotball når han altså ikke skriver. 

- Ellers er jeg snart ferdig med et kortprosamanus som jeg flikker på daglig, og som kanskje kan hete «Brevet til min mor», fortsetter han.

Det vil kanskje vekke et ekko hos leserne i retning Franz Kafkas «Brevet til faren». Det er ikke helt uten gjenklang i virkeligheten.

- Men i motsetning til Kafkas «Brevet til faren» er det en hyllest, og ikke en konfrontasjon, av ensomheten jeg meiner foreldrene mine utløste.

Les aprildiktet

«Oddmund nr. 14»

det er siste skoledag før sommerferien, og eplet som står på kateteret, ligner ei gammal dame, jeg har viska ut i alle lærebøkene, og spist resten av blyanten, jeg har henta badehetta i garderobeskapet, og tømt ut vannet av svømmeføttene, jeg har spist opp alt potetgullet jeg måtte tømme over i brødpose, jeg har kalt svampen til lærer pale for knekkebrød, og spurt om han skal sole seg i den grå dressen, jeg har folda hendene i skolegudstjeneste, og bedd om fint vær, jeg har kyssa frida på kinnet og sagt god sommer til de jeg liker, nå gjenstår det bare å få det beste setet på skolebussen hjem, så kan denne sommeren begynne,

Juryens kommentar: Sanseleg

Diktet med den nøkterne tittelen «Oddmund nr. 14» er eit prosadikt, som med sin naivistiske tone nok kan minne om byrjinga på ei novelle, men som med sitt fortetta situasjonsbilete og rytmiske gjentaking har lyriske kvalitetar som sjarmerte juryen nok til å framheva det spesielt denne månaden mellom fleire gode og ulike dikt.

Det er noko autentisk her som slår inn i magen på den som har gått på skule, opplevd denne stemninga av avslutning og forventing. Ved å trekkja fram visse detaljar og fokusera på dei får me eit visuelt og angande bilete av restane av eit skuleår, til og med eplet på kateteret liknar ei gammal dame og minner om noko som har hatt si tid. Det sanselege og konkrete i det å tøma vatn ut av symjeføter og det barnlege i å ha fokus på å få det beste setet i skulebussen, alt summerer seg opp til eit taktilt og angande bilete av noko som er over, og har ei underliggjande ungdommeleg kjensle av noko som skal koma. Visse ting i diktet fortel oss at det nok kan ha vore ei god stund sidan poeten sjølv har opplevd dette.

In memoriam

Det er også ei god stund sidan eit av dei andre dikta me har funne fram til denne gongen, vart skrive. Juryen plukka nemleg ut diktet Julinat av Einar Solstad, som eit av dei me ville fokusera på. Dette fordi det var svært godt gjennomført og klare kvalitetar i ein stil som skil det ut frå mykje av det me elles les her. Me undra oss over at ein diktkammerdeltakar nytta eit såpass arkaisk språk, men tenkte det var for å understreka stemning og stil.

Det vart ei spesiell oppleving for juryen då me gjekk attende til diktet på Kammeret og fann ein kommentar nettopp til denne språkbruken, der det går fram at diktet faktisk er skrive for om lag hundre år sidan. Det vart lagt ut på Diktkammeret av Nero Gundersen, ein veteran blant deltakarane, som sjølv hadde månadens dikt, «når jeg ringer gud for å klage», i mai 2002.

- Einar Solstad døde i 1918. Jeg fant dette diktet i «Litteraturen» (1918) i et stykke skrevet av Arnulf Øverland som het «Einar Solstad - in memoriam», skriver han.

At juryen, utan å ha fått med seg denne kommentaren, stoppa opp med diktet hundre år etter at det vart skrive, kan i tillegg til å fortelja noko om juryens evne til å snuse seg fram til kvalitet (!), seia noko om at det som gjer dikt leseverdige, ikkje er noko som går like fort ut på dato som sportsreportasjar. Dikt og diktar fortener avgjort å trekkjast fram, og sjølv om han nesten lurte heile juryen, så takkar me Nero Gundersen for at han trekte fram dette fine diktet.

For juryen, Helge Torvund

I juryen sitter Kristian Rishøi, Niels Schia, Helge Torvund og Maria Børja.

OM VÅREN: Oddmund Vaagsholm skrev det selvtitulerte aprildiktet «Oddmund nr. 14». Det er med i en diktsamling han nylig sendte inn til Damms diktkonkurranse.