Ingenting skal visne

Her er månedens dikt for oktober.

Diktet vengjefolket fra Diktkammeret er kåret til månedens dikt for oktober. Det er skrevet av Anne Grete Bærheim som også har vært månedens poet tidligere, og som har gitt ut diktsamlingen kokong.

Det blir ikke noe intervju denne gangen, men diktet og juryens begrunnelse står støtt på egne bein. God lesning!

vengjefolket

vi gir fuglene navn
vi gir trærne navn
for at ingenting skal visne
brødre, vi har så mange hus
så få fottrinn

ei natt kjenner jeg
stjernene falle inn
i ryggmargen min,
hva skal jeg hete

som går inn i mørket
med et kart i kroppen

Av strandharpe

Juryens kommentar:

Namngjeving er noko som gir assosiasjonar til ritual som dåp og namnefest, og det er ein av dei grunnleggjande delane av poesien. Å gje namn til det namnlause. Dette diktet har fått eit litt underleg namn sjølv: Vengjefolket. Med nynorsk klang distanserer ordet seg litt frå resten av bokmålsteksten, som om ordet kom frå eit anna folk sitt språk, eit anna språk enn det diktaren sjølv brukar, vengjefolket sitt språk.

Det magiske og gåtefulle ved det å gje namn vert understreka i diktet ved at me gir fuglar og tre namn for at "ingenting skal visne," for å halde fast ved biletet av tinga på tvers av dei universelle lovane som gjer alt forgjengeleg. Furu seier me, og furu er det, om gamle tre fell og nye veks opp, og nye generasjonar av kråker seier kra og får oss til å gjenta namnet "kråke" for å halde fast ved det som kråker for oss slik det gjorde for våre forfedrar.

Ordet "brødre" er sentralt. Kven er brør i dette diktet. Dei som er nemnde er fuglar og tre. Naturlegvis kan ein tenkje seg at diktet si røyst nå vender seg til sine menneskebrør, men noko gjer det også mogleg å tenkje på at det er andre hus det her er snakk om. Oikos er det greske namnet på hus som dannar rota av ordet økologi. Det store felles huset der både dei som flyg og dei som står på rot bur, og ikkje har så mange fotsteg, men netter og stjerner. Mennesket gjev namn til stjerne, teiknar kart over himmel og jord og målar tida opp etter lys og merker. Og alle namn og kart og mål pregar oss og går oss i ryggmergen. Men likevel, likevel veit me ikkje heilt kva me sjølv skal heite. I leitinga etter ord som kan famne alt dette me ser og er, skriv me endå eit dikt for å namngje det me kjenner på vegen inn i det ukjente. 

For juryen, som også består av Kristian Rishøi og Maria Børja,
Helge Torvund

DIKT PÅ DAGBLADET.NO:

Skolekammeret er Dagbladet.nos forum for skrivende elever til og med videregående skole. Tilsvarende finnes Diktkammeret for poeter i alle aldre. Diktlærer Kristian Rishøi kommenterer løpende utvalgte dikt i Skolekammeret, mens Helge Torvund har samme rolle i Diktkammeret.

Hver måned kårer juryen de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladets papirutgave. Én av finalistene fra hvert forum blir dessuten kåret til månedens poet.

Dikt- og Skolekammeret har eksistert siden henholdsvis 2001 og 2003, og mange av poetene har etter hvert kommet ut i bokform. Dagbladet har også laget to bøker i tilknytning til foraene:
* Diktkammeret. Å skriva poesi av Helge Torvund på Det Norske Samlaget (2001), som inneholder leksjoner i diktskriving med eksempler. Du kan lese de tolv første leksjonene til Helge Torvund her.
* Ungdomsantologien Faen ta tyngdekrafta på Gyldendal Norsk Forlag (2008).

I tillegg tilbyr Dagbladet Dikt.no, en tjeneste som sorterer dikt på sjanger, tema med mer.