TALTE I HELGA: Sylvi listhaug på talerstolen under den kristne konferansen Oslo symposium i helga. - Sylvi Listhaug var nummer to på talarlista. Ho kom til sine eigne, og hennar eigne tok vel imot henne denne siste dagen på jobben før ho gjekk ut i fødselspermisjon. I kjend stil skisserte ho eit samfunn i oppløysing der tradisjonelle, kristne, norske verdiar står i fare for å bli utraderte, skriver artikkeforfatteren. Foto: Marion Haslien
TALTE I HELGA: Sylvi listhaug på talerstolen under den kristne konferansen Oslo symposium i helga. - Sylvi Listhaug var nummer to på talarlista. Ho kom til sine eigne, og hennar eigne tok vel imot henne denne siste dagen på jobben før ho gjekk ut i fødselspermisjon. I kjend stil skisserte ho eit samfunn i oppløysing der tradisjonelle, kristne, norske verdiar står i fare for å bli utraderte, skriver artikkeforfatteren. Foto: Marion HaslienVis mer

Jesus var ikke på Oslo symposium

Men det var Sylvi Listhaug. Og skal en skaffe stemmer i dette segmentet, er det viktig å framstå mest mulig gammeltestamentlig.

Meninger

«»Så var dei samla, i Guds namn, alle som kan krype og gå av rettruande kristne; konservative og erkekonservative, då Oslo Symposium gjekk av stabelen fredag og laurdag. Til stemmefiskeri i forkant av valkampen.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

Alle stemmer tel, og skal ein skaffe seg kundar i dette segmentet, er det viktig å framstå mest mogeleg gamaltestamentleg. Blant tilhøyrarane er dei som opplever heile sin eksistens truga fordi verda går framover og samfunnet endrar seg. Abort. Å, fysj og føy. Homofili i fri utfalding. Sodoma og Gomorra midt i blant oss. Skilsmisse og gjengifte; familieverdiar i oppløysing og fritt fall. Mørkhuda innvandrarar som kallar gud Allah og ikkje ringjer med kyrkjeklokker. Endeliktssignal alt saman.

Programmet for årets Symposium (drikkegilde, som det eigentleg betyr) var rimeleg forutsigbart. Framtredande og falma høgrevridde kasta glansen sin over gildet.

Sylvi Listhaug var nummer to på talarlista. Ho kom til sine eigne, og hennar eigne tok vel imot henne denne siste dagen på jobben før ho gjekk ut i fødselspermisjon. I kjend stil skisserte ho eit samfunn i oppløysing der tradisjonelle, kristne, norske verdiar står i fare for å bli utraderte. Fyrst og framst takka vere AP og deira politikk.

Det mest oppsiktsvekkjande ho sa, var fylgjande: «Før var dette med multikulturalisme populært; dette med å leve side om side og forstå kvarandre. Det har aldri vore noko for oss!» Ei sensasjonell innrømming frå ho som er integreringsminister her i landet! Elles gjekk ho, prisverdig nok, ut mot alle som kjem med sjikanøse utsagn om politiske motstandarar. Litt nedslåande då å oppdage at ho seinare på dagen ikkje slo ned på at fylgjarar på fjesboksida si som kalla AP «apepartiet» og snakka om «nettrollsosialistar som spreier fake news».

For mange var nok den mest overraskande talaren på lista Torbjørn Røe Isaksen. Konservativ, javisst, men samtidig kan han framstå som både raus og liberal. På twitter grunngav han deltakinga med at det er viktig å komme ut og møte alle slags folk. Skuleministeren nytta talarstolen til å ta til motmæle mot mobbing av homofile og jødar. Det var prisverdig. Tenk om han òg hadde teke til motmæle mot dei som sjikanerte Knut Arild Hareide for at han deltok i Gay Pride i solidaritet med offera for massakren i Orlando. Mot dei som trakka på kvinner sin rett til å bestemme over sin eigen kropp. Mot dei som var med å spreie fordommar og framandfrykt. Mot dei som legitimerte forakt for andre menneske. Mot dei som tillet seg å karakterisere medmenneske på ein sjikanøs måte. Skuleministeren, med kamp mot mobbing som ei viktig prioritering, tok til orde mot mobbing. Men han kunne ha vore enda tydelegare på att mange av haldningane presentert under symposiumet, rett og slett legitimerer mobbing.

Ein som derimot glimra med sitt fråver på Oslo Symposium, var Jesus. Av naturlege årsaker, vil mange hevde. Men eg skal vedde på at om han hadde vore midt i blant oss, så hadde han ikkje blitt invitert. Han med sitt preik om at for den som bankar på, skal det lukkast opp. Han som sa at det du har gjort imot ein av desse mine minste små, det har du gjort imot meg. Han som sa at du skal elske din neste som deg sjølv. Han som sa at størst av alt er kjærleiken utan å lage noka gradering av kva slags kjærleik som er mest høgverdig. Han som sa at den som er utan synd, han kaste den første stein. Jesus hadde nok vore både for radikal og kontroversiell til å sleppe gjennom Oslo Symposium-nålauget.

Om han no, mot all formodning, hadde blitt invitert til å bruke talarstolen deira, hadde han då gått stille og audmjukt i dørene framføre desse potensielle, gudfryktige fylgjesveinane?

Neppe. Eg trur han hadde tatt ei ny, heidundrande oppgjerd med «dei rettruande skriftlærde, desse farisearane». «Den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg,» hadde han tordna. «Med same dom som de dømmer, skal de dømmast sjølve,» hadde han sagt. «De går rundt som kalka graver,» hadde han fortalt dei. Sjokkerte hadde dei fått høyre at han mykje heller ville ha vore i lag med dei som blir forakta enn foraktarane. Han ville ha refsa dei for å gløyme kjærleiksbodskapen i Det nye testamentet og slått ettertrykkjeleg fast at kristendommen ikkje berre kan bestå av Det gamle testamentet.

Men Jesus var ikkje på Oslo Symposium. Ikkje så mange som deler hans syn heller. Jan Hanvold, derimot, var der og kom med eit rabiat, trumpsk utfall mot media. Nina Karin Monsen kalla kritikken mot Oslo Symposium hatkriminalitet, og tilhøyrarane og bidragsytarane kunne dra styrka i trua derifrå. Dei hadde fått bekrefta at dei har funne den einaste, rette vegen. At dei skal vere frimodige og ikkje la seg kue av hylekoret av jesuskloningar og godheitstyrannar.

Nokon av dei fann òg heilt sikkert ut kven dei skal stemme på ved neste val i løpet av dei to dageane.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook