Kampen mot automatane

SPEL PÅ gevinstautomatar er no heilt ute av kontroll. Medan automatomsetninga i 2001 utgjorde om lag 9 milliardar kroner, auka den til 22 milliardar kroner i 2003. Spel på gevinstautomatar utgjer no nesten dobbelt så mykje som samla omsetjing på alle andre pengespel. Dette har utvikla seg til å bli eit alvorleg sosialpolitisk problem.

Nyare forsking viser at i overkant av 80 prosent av folkesetnaden i Noreg deltar i pengespel. Om lag 40 prosent av desse deltar igjen relativt hyppig, minst ein gong i veka. Talet på problemspelarar er om lag 50 000. Om lag 3,2 prosent eller 11 000 tenåringar har klare teikn på speleproblem.

Det store fleirtalet av speleavhengige personar som søkjer hjelp oppgir automatane som hovudårsak.

EFTA SITT kontrollorgan ESA hevdar at stortingsvedtaket om å gi Norsk Tipping eineansvar for drift av utbetalingsautomatar er i strid med EØS-avtalen. ESA synest å meina at norske styresmakter fører ein pengespelpolitikk der målet først og fremst er å tena pengar. Som ansvarleg statsråd for spela i Norsk Tipping og for dei private lotteria er eg djupt usamd i dette. I over hundre år har ikkje trong til spel vore noko problem her i landet, motsett av situasjonen i andre land med ein meir liberal spelepolitikk.

Mange har reist spørsmålet om kvifor eit automattilbod i regi av Norsk Tipping skal vera så mykje betre enn at private aktørar driftar speleautomatar. Sjølv er eg ingen tilhengjar av monopol for monopolet si eiga skuld. Men på pengespelområdet har dei siste hundre åra vist at eit statleg styrt tilbod kan gi utløp for spelelysta til folk flest og samstundes hindra framvoksteren av illegale spel.

GRUNNEN TIL AT einerettsmodellen er betre enn ytterlegare regulering av dagens automatmarknad er dei dårlege erfaringane styresmaktene har med slike reguleringar. Dagens automatregime er basert på konkurranse mellom eit stort tal operatørverksemder der målet, som i anna næringsverksemd, er å sikra seg størst mogleg overskot av drifta. Konkurransen har drive fram automatar som er stadig meir aggressive og som gjer brukarane speleavhengige. Konkurransen har medført kamp mellom operatørane om dei beste oppstillingsplassane og er årsak til eit særs uheldig utplasseringsmønster. Dessutan har dette resultert i eit kontinuerleg press for å søkja å omgå styresmaktene sine ulike reguleringar. Forsøk på innstramming har blitt møtt med massiv motstand og trenert fjerning av skadelege automatar. Innføring av ein statleg einerettsmodell med full styrings- og kontrolladgang for styresmaktene er derfor den einaste måten å sikra eit forsvarleg automatregime.

MONOPOL ER ofte sett på som ein lite effektiv måte å tilby tenester på. Når det gjeld pengespel, kan dette berre vera ein fordel. Den kreativiteten og profittoptimaliseringa som moderne konkurransebaserte marknader skal opna for, er etter mi meining ikkje ønskjeleg på pengespelområdet. Grunnen er ganske enkelt at eit attraktivt tilbod lett kan bli altfor lokkande for mange av spelarane. Dagens automattilbod i Noreg er eit godt døme på det.

Eit samla storting med unntak av Framstegspartiet sa i 2003 ja til å avvikla det eksisterande automattilbodet. Ikkje minst for å unngå at det utviklar seg ein ukontrollert illegal marknad for slike automatspel, vart det vedtatt at Norsk Tipping skal utvikla eit meir moderat tilbod av spel. Det er her tale om automatar som ikkje er vanedannande på same måten som det speletilbodet vi har i dag. Stortingsvedtaket fekk støtte frå dei største av dei organisasjonane som nyt godt av det overskotet som dei eksisertande automatane skaffar, mellom anna Raudekrossen og Norges Idrettsforbund og Olympiske komité.

ETTER KLAGE frå dei private operatørane som i dag driv automatar på vegne av frivillige organisasjonar, har ESA kome til at det er i strid med dei pliktene Noreg har etter EØS-avtalen å gi einerett for Norsk Tipping til drift av utbetalingsautomatar. Regjeringa vurderer saka annleis enn ESA og har gjort greie for dette i eit brev som vart sendt ESA 19. november 2004.

Norske domstolar har hittil lagt ESA sitt syn til grunn. Ved ei avgjerd i Borgarting lagmannsrett er det nedlagt forbod mot å innføra einerett inntil forholdet til EØS-avtalen er endeleg avklara.

For meg er det ein tankekors at ESA, som skal vera eit politisk nøytralt kontrollorgan, nyttar EØS-avtalen til å hindra gjennomføringa av eit stortingsvedtak som har ei klar sosialpolitisk grunngjeving. Enda meir paradoksalt blir det når vi veit at nabolanda våre, Finland og Sverige, begge EU-medlemmer, har tilsvarande automatmonopol som det vi no ønskjer å etablera her i landet. Og det finske automatmonopolet er til og med vurdert av EF-domstolen og det er ikkje i strid mot EU-avtalen.

EG BLIR AV og til konfrontert med eit ønske om å totalforby alle typar utbetalingsautomatar, ja til og med totalforby alle former for spel om pengar. Men som i alkoholpolitikken må vi som ansvarlege styresmakter vedgå at eit slikt totalforbod i praksis ikkje lèt seg realisera.

Dersom totalforbod mot utbetalingsautomatar er det einaste effektive verkemiddelet EØS-avtalen tillet når det gjeld å få kontroll med ein heilt uansvarleg spelemarknad, kan totalforbod likevel ikkje heilt ekskluderast. Vi kan i alle fall ikkje ha det slik vi har det i dag.

I løpet av andre halvpart av 2005 reknar eg med at det vil liggja føre ei avklaring av korleis norske styresmakter etter EØS-avtalen kan regulera automatmarknaden på ein sosialpolitisk forsvarleg måte.

Det kan vera freistande for spelebransjen å trenera dei rettslege avklaringane for slik å hindra styresmaktene lengst mogleg i å rydda opp på automatmarknaden. Eg håpar at bransjen ikkje vil gi seg inn på ein slik veg. Eg håpar også at spelebransjen ikkje får ESA til å «setja» seg på saka.

Den noverande utviklinga av automatmarknaden medfører problem for stadig fleire. Derfor er det mitt føremål å foreta radikale endringar i dagens gevinstautomatmarknad. Eg håpar framleis å få medhald i at ein einerettsmodell kan leggast til grunn for vår regulering av automatmarknaden slik Stortinget har vedtatt.