Kategorien nynorskbok

11. NOVEMBER

stiller dagbladets bokmeldar Cathrine Krøger seg noko uforståande til at Gunnhild Øyehaug si novellesamling Knutar har blitt nominert til Brageprisen. Ettersom ho ikkje synest boka er god nok til Brage, ymtar ho mistenksamt om at komitèen si positive vurdering av boka har med målforma til forfattaren å gjere. Dette er ikkje første gong nynorskforfattarar blir mistenkjeleggjorde; for nokre år sidan påsto dagbladet også at Frode Grytten sin roman Bikubesong var nominert til Brageprisen fordi han var skriven på nynorsk. Slike påstandar og slik ymting blir nynorskforfattarar gjerne hissige av, og eg er ikkje noko unnatak. Eg veit ikkje kva brageprisjuryen har tenkt, men eg stiller meg svært tvilande til at dei har nominert dei gode bøkene til til dømes Gunnhild Øyehaug og Frode Grytten for å vere greie med nynorskingane.

Det er nemleg ikkje slik at forfattarar og andre som brukar nynorsk melder seg på i ein eigen kategori når dei skal få vurdert innsatsen sin.

Derimot reknar dei med å bli vurderte på same måte som bokmålsbrukarane. Det vil ganske enkelt seie at dei reknar med å bli vurderte utan særbehandling og utan at det skal bli gjort noko poeng ut av kva for målform dei brukar. Dermed reknar dei også med å få gle seg over ein pris eller ein nominasjon utan at det skal bli påstått at dei har fått utmerkinga på grunn av kvotering. Vi har to likestilte målformer i Norge, og det at den jamne hovudstadsavis og bokklubbredaktør nektar lesarane sine tilgang til den eine, eller at den jamne litteraturredaktør ofte gløymer at nynorsk finst når ho skal avgjere kva for bøker som skal få omtale, betyr ikkje at den oversette målforma er mindre eigna til å skrive skjønn- og saklitteratur eller avisartiklar med enn den vanlegvis overrepresenterte målforma. Når Ottar Grepstad gjer ålmenta merksam på at nynorske bøker gjer det bra i Brage, burde ålmenta heller komme på at det er noko den har gløymt, enn å automatisk tru det er brageprisjuryen det er noko gale med.

SOM ALLE

andre juryar, består brageprisjuryen av folk som ikkje har monopol på sanninga om kvalitet, og eg skal ikkje nekte Catherine Krøger å setje spørjeteikn ved nominasjonen av Gunnhild Øyehaug. (Sjølv om eg meiner ho tar feil på ein pinleg skråsikkert nedlatande måte). Men kjære bokmeldar: Ikkje skuld på nynorsken!