Kjønnlitteratur

Kvifor får så mange kvinner gi ut bøker, når menn vitterleg er betre forfattarar?

LITTERATURKÅRINGEN: Med interesse har eg følgt sommarens kåring av dei beste skjønnlitterære bøkene her i landet, eller skulle eg seie kjønnlitterære? Det ante meg på førehand, og då dei endelege listene var klare, fekk eg det stadfesta: Menn skriv betre bøker enn kvinner. Bare ein kvinneleg forfattar på folkelista og seks kvinner blant dei tjuefem på litteratane si liste fortel sitt.

Formannen i forfattarforeininga, Anne Oterholm, seier det er bekymringsverdig at kvinnene er så dårleg representert. Meiner ho då på litteratlista? At dei som er så godt utdanna burde vite betre? Personleg synst eg at seks kvinner på denne lista er i meste laget. Då relativt ukjente Trude Marstein dukka opp på 24. plass begynte eg å lure på kva slags liste dette skulle bli.

ETTER EIN FAMLANDE start med tre kvinnelege forfattarar i botn av lista, blei ho etter kvart meir representativ for kva eg forventa å finne på ei slik liste. At Bergljot Hobæk Haff nådde andreplass var i likskap med Marstein ei bombe. I motsetnad til Marstein fortener Hobæk Haff å stå på denne lista, men ein andreplass er vel i overkant av kva ein kunne forvente. Vil fagjuryen fortelje oss at dei eldste framleis er eldst, i og med at to av dei tre eldste forfattarane på lista, Kjell Askildsen og Hobæk Haff, ligg på topp? Ein anar også ein sosialdemokratisk likskapstanke ved at det er ei kvinne og ein mann som ligg øvst. God underhaldning har det i alle fall vore og følgje med på listene etter kvart som dei har tatt form.

EG SKRIV IKKJE dette for å komme ut av skapet som misogynist. Eg har også noko å melde. Då eg debuterte i 2004 var eg ein av tjueseks prosadebutantar det året, tolv kvinner og fjorten menn, som er ganske representativt for kjønnsdelinga på debutantar dei siste åra. Difor spør eg meg: Kvifor får så mange kvinner gi ut bøker, når menn vitterleg er betre forfattarar, som har større moglegheiter for å nå eit større publikum?

Eg ønskjer ikkje på nokon måte å sverte kvinnelige forfattarar. Dei aller fleste forfattarar er vel heilt gjennomsnittlege og stort sett ukjente for folk flest, anten dei er kvinner eller menn, men dei forfattarane som er best likt av folket og fagjuryen er i hovudsak menn, og det håper eg forlaga har fått med seg. Etter mi meining bør dei bli meir restriktive med å gi ut kvinnelege debutantar. På den måten vil fleire mannlege forfattartalent sleppe til; talent som i dag får det eine refusjonsbrevet etter det andre.

Eg er redd det forsvinn nokre verkelege einarar i bunka på ca. seks hundre manus som kvart år blir refusert på store norske forlag. Det er ikkje bare fordi det kjem kvinnelege debutantar framfor dei i køen, men også fordi me har fått eit gjennomregulert samfunn som ikkje veit korleis det skal handtere galskap lenger, det vere seg av kreativ eller psykiatrisk karakter. Men at dei finst der, dei skrivande genia, det er eg viss på. Ein må bare sjå godt etter.

AT MENN ER betre forfattarar enn kvinner, er noko eg har visst ganske lenge. Eg kan på ståande fot rekne opp eit dusin svært gode mannlege norske forfattarar, nålevande og daude, men eg kan ikkje komme på ein einaste kvinneleg forfattar som eg faktisk har lest. Kvifor har eg ikkje lest Undset, Collett eller Skram (eg kjem diverre ikkje på nokre samtidige kvinnelege forfattarar av same kaliber)? Kvifor blir ikkje deira bøker dytta på meg slik som er tilfelle med dei beste verka til Mykle og Bjørneboe, eller Saabye Christensen eller Ambjørnsen for den saks skuld. Svaret er enkelt: Fordi dei ikkje er like gode.

Det interessante spørsmålet er ikkje om det er slik, for det er det, men kvifor det er slik. Eg trur det har med noko så enkelt som blikk å gjere, måten å sjå verda på. Sjølv etter tretti år med likestilling blir jentungar framleis oppdratt til å sjå på verda med eit passivt blikk, eit blikk som ikkje skal sjå, men bli sett. Difor lærer dei seg å pynte seg og gjere seg til for mannsblikket, slik at dei når tida kjem skal få ein make å formere seg med. Det ligg i kulturen. Det ligg i gena.

BEKYMRINGSVERDIG: Mener Anne Oterholm om antall kvinner på listene over beste litteratur. Hva mener hun? spør Ole I. Kvelvane. Foto: Elisabeth Sperre Alnes Vis mer

Gutungar blir oppdratt til å sjå aktivt, og då helst på det andre kjønnet. Og å sjå er kanskje den viktigaste eigenskapen ein må ha for å vere forfattar og kunstnar i det heile teke. Det slår meg i møte med kvinnelege forfattarar sine tekstar. Det er som om tekstane deira skrik: Er det nokon som ser meg nå, kor godt eg skriv? Og dette blir det ikkje god litteratur av. Den beste litteraturen er heilt fri, den har eit aktivt og grådig blikk. Menn har det, og difor er det dei som står bak storparten av dei siste tjuefem åras beste norske litterære verk.

KVIFOR ER det slik? At det maskuline blikket er så avgjerande for romankunsten, og ikkje innanfor poesi, scenekunst, dans, musikk, fotografi og biletkunst der det finst mange framifrå kvinnelege aktørar? Eg trur desse kunstformene i langt større grad enn romanen gir rom for kvinnelege kunstnarar til å vise fram kvinna i seg. Det verkar som dei er meir på heimebane der, enn dei er i romanen, som for meg alltid har hatt noko maskulint over seg. Det er nesten som eg ser for meg ein litt stiv, svart dress, bowlerhatt og stokk når eg tenkjer på romanen som form, og i alle fall ingen kjole. Kanskje det er så enkelt?

DÅ EG DEBUTERTE var eg godt vant med å bli refusert gjennom fleire år. Sikkert ei naudsynt mogningstid vil nokon seie, men kva med alle dei skrivande mennene som aldri kjem gjennom det berømte nålauget, og det på kostnad av mindre skriveføre kvinner? Eg følte meg privilegert som endeleg fekk debutere; draumen som gjekk i oppfylling. Nå er det den vanskelege andreboka som er bøygen. Det er ikkje sjølvsagt at ein skal få gi ut ei ny bok fordi ein allereie har gitt ut ei. Det er mange om beinet, mange som har den same forfattardraumen. Slik skal det vere, slik må det vere.

Eg trur eg har ein del mannlege forfattarspirer og mannlege uetablerte forfattarar med meg i disse strøtankane om kjønn og litteratur. Målet må vere at litteraturen blir best mogleg, det trur eg alle kan einast om, anten ein er lesar eller forfattar, kvinne eller mann.