Kontakt med jorda

Juryen falt for et stramt gjennomført dikt denne gangen. Det er skrevet av Erik Boye, som vi endelig har fått kontakt med.

En måned etter at han ble kåret til månedens poet for august, har vi fått kontakt med Erik Boye. Dette startpasset er til hodebry i blant...

Bedre på nynorsk

Erik Boye har med ujevne mellomrom skrevet tekster siden han var 17 år. Interessen for litteratur har gitt seg utslag i et hovedfag i nordisk litteratur der han skrev om Jon Fosse. De litterære inspirasjonskildene har også tilhørt den nynorske litteraturen. Blant annet gjennom Vesaas, Hauge og Fosse har han oppdaget sin egen «nynorsklegning».

- Det var rundt 1997 at jeg oppdaget at ting jeg skrev klang bedre på nynorsk. Siden da har de fleste dikt jeg har skrevet vært på nynorsk, selv om jeg er bokmålsbruker, sier han.

Boye er glad for Diktkammeret og leser leksjonene til Helge Torvund med stor interesse.

- Diktkammeret har vært det jeg drømte om at internett en gang skulle kunne bli, da det hele startet på begynnelsen av 1990-tallet. Jeg har vært innom her siden Øystein Hauge hadde haikuleksjoner og kåret månedens haiku, forteller han, og takker Helge Torvund og alle som har gitt respons.

Les diktet:

Jordkontakt

Overraska av regn

står eg og røykar

i ly av eit stort lønnetre

i Småland

etter ei lang vandring

langs skogsvegar

med høgt gras i midten

og plutseleg står eg

i ei stor sorg:

eit lyn av kvite underjordiske røter

før eg uroleg stumpar sneipen

barbeint og går ut

i regnet.

Juryens kommentar:

Diktet fangar ein av desse augneblinkane som ofte er bakgrunnen for at poesi blir til. Plutseleg må me ut av den planlagde aktiviteten. Det kjem eit brot i rutinen eller den flyten me er inne i, og så står ein der, under eit lønnetre, i eit anna land, røyker og ser ut på regnet. Så skjer det som poeten her får fram med så enkle verkemiddel, me rykker nærmare vårt eige liv, me er brått sterkare til stades og eit djupare lag i oss vert aktivert. Som her; ei stor sorg tek bustad i oss, og det er ei sorg som med sine kvite lynande røter også er knytt til landskapet me står i, ei kjensle som bind oss saman med kloden, og som i eit glimt avslører noko eksistensielt. Men denne poeten fell ikkje for freistinga til å gjera meir vesen av dette enn det som er nok. Her er få ord, og ein knapp stil. Diktet er presist, sanseleg og konkret. Men med eit slåande og lysande underjordisk bilete, når dette trengst. Ei uro er alt som sit att, og ein går vidare i dagen, i livet, ut i regnet. Men heldigvis for oss; det vart også eit heilstøypt dikt av det.

For juryen

Helge Torvund

I juryen satt denne gongen Håvard Rem, Unn Conradi Andersen, Niels Nagelhus Schia og Helge Torvund.

POET MED JORDKONTAKT: Erik Boye er månedens poet for august med diktet «Jordkontakt».