Kulturcamp?

Det er sommar i Noreg, og store delar av folket er på camp, så som bibelcamp eller idrettscamp. Andre, og truleg fleire, kosar seg med camping i inn- og utland. Atter andre driv på med kamp med k. Den kampen dei driv er kulturkamp.

Desse siste er det visseleg færre av, men dei er skriveføre og reaksjonære unge menn. Dei yndar å tale på vegner av dei som er på camping. Dei siste vekene har dei gått laus på fienden med erigerte agurkar. Fienden er den såkalla venstresida, eller dei kulturradikale, og den enda meir forakta kultureliten.

Venstresida er ein vond akse som synest å spenne over det meste av spekteret frå Magnhild Meltveit Kleppa til Pål Steigan og salige Tron Øgrim.

Dei kulturradikale er ei minst like brokete forsamling, som truleg er blitt til ved sjelevandring frå mellomkrigstida. Da var det enkelt å sjå kva dei meinte for noko gale. Mot Dag og co. var generelt for sex og mot religion i eit samfunn som i ordet var mot sex og for religion. At svært mange hadde seg med kvarandre over ein lav sko, og heller ikkje brydde seg stort om tankegodset til Den norske kyrkja, styrkte berre hypotesane til motdagistane.

Dagens «kulturradikale» kan derimot neppe lastast for å meine noko anna enn folk flest i spørsmål om sex og religion. På dei områda har dei kulturradikale sigra over heile linja. Dei fleste barna vert fødde utanfor ekteskapet. Vi aksepterer abort. Folk flest ville le seg skakke dersom ein for alvor gjorde framlegg om å gjeninnføre konkubinatparagrafen, som fram til 1972 gjorde heterosex utanfor ekteskapet ulovleg. Og seinast i går sat eg på premieren til Brüno med eit ungt og på alle måtar folkeleg publikum som lo godt av haldningar til homosex som var både føreskrivne og allmenne fram til for ca. femten år sidan.

Ankemålet mot dei «kulturradikale» synest derimot å vere at dei ikkje misliker innvandrarar frå Den tredje verda sterkt nok, og da særleg ikkje muslimar. Det å vere for mykje for multikultigreier har no segla opp som sjølve varemerket på «kulturradikalisme». Slik kjenner vi altså lusa på gangen.

Kven er kultureliten? At dei unge mennene med heva agurk dengar laus på ein såkalla kulturelite, er pussig. Dei høyrer jo sjølvsagt til ein synsingselite sjølve, og er sjeldan lenge borte frå media som anten er pressestøttestøtta eller innkjøpsordna. Slik reirskiting og brønnpissing kan vere rørande naiv. Det kan derimot også vere dei vellykka sitt forsøk på å trekkje opp stigen etter seg. Slik sett har eg meir sans for ein suksessforfattar som Ingvar Ambjørnsen. Han har dei siste dagane mint oss om at det nettopp var innkjøpsordninga for skjønnlitteratur som gjorde det mogeleg for han i det heile å etablere seg som forfattar.

Sjølvsagt har den evig foruretta Siv Jensen meldt seg frå teltet sitt på kulturcampen. Ideen hennar om utvida momsfritak for kulturarbeid er glimrande, men ideen om at du kan få til ein inkluderande og dynamisk kultur utelukkande med ei blanding av frivillige amatørtiltak og kommersielle sukessproduksjonar, er berre feil. Hadde det vore fleire kunstnarar, forfattarar og kulturutøvarar i FrP, kunne dei ha kviskra dette i øyret til formannen: Det kulturarbeidarar treng framfor alt, er eit frirom der dei kan konsentrere seg. Utan tid til djupdykk i eit stoff, får du aldri skapt noko nytt eller interessant. Opplyste samfunn har system for å kjøpe dette friromet til kunstnarane og vitskapsfolka sine. Denne tida er såkornet til kulturproduksjonen. Det er ei investering.

Siv Jensen skjøner sikkert kva ei investering er, men eg skjøner knapt kven den mykje omsungne «kultureliten» er. Ok, det er nokre få titals menneske som sit i Kulturrådet og i leiinga for store og sentrale kulturinstitusjonar. Men inkluderer termen suksessforfattarar, eller halvgode forfattarar? Beinveges elendige forfattarar? Mitt inntrykk er at termen «kulturelite» stadig oftare blir brukt som eit nedsetjande og stigmatiserande ord for alle som driv med kultur og får betalt for det, jamvel svært lite. Konnotasjonane er utelukkande negative i moderne medianorsk. Jamfør ordet «idrettseliten» eller «eliteidrett», som har ein heilt annan valør, eller «finanseliten» som var eit hurraord for eit år sidan, men no vekkjer omtrent same reaksjon som «syfilis». Når «kulturelite» har hamna i slikt låkt lag, stigmatiserer ein i røynda heile kulturfeltet.

I den nye kulturkampen støyter vi stadig vekk på ei grunnleggjande omgrepsforvirring. Folk bruker ordet «kultur» i iallfall to tydingar, som «leveform», summen av skikkane i eit samfunn eller ei gruppe, og på den andre sida som «kunst og estetikk».

Når ein skal ta avstand frå «kultureliten», kan ein spare seg for bryet med å seie noko konkret om kulturprodukta deira ved å vise til velkjende klisjéar som raudvindrikking mens ein listar opp namna på skjenkjestovene på vestsida av Slottsparken i Oslo. Dette er gammalt, kjedeleg, og relativt harmlaust.

Samanrotinga av kultur som leveform og kultur som kunst har derimot meir interessante sider.

Dersom det no er slik at det er innvandringa frå Den tredje verda som har segla opp som varemerket på dei kulturradikale, kan vi godt ta den kampen. Den vil gi alle som vil ha eit opplyst, humant, romsleg og kreativt Noreg store fordelar. Fordi vi kan vere veldig klare, samtidig som vi kan skape ei plattform der dei fleste er einige med oss.

Dei innvandra kulturane har gjort livet i Noreg endelaust mykje rikare og meir interessant. Det er det faktisk nokså brei semje om. Folk vil ha restaurantane, musikken, lese på norsk historiene til dei som har valt å kome hit fordi dei har oppfatta dette som eit godt samfunn. For eit par veker sidan stima over tjuetusen menneske seg saman i Førde på ein internasjonal folkemusikkfestival som korkje var meir eller mindre folkeleg enn ein kva som helst køntrifestival eller amcartreff. Folk flest er opne for alle desse impulsane, velutdanna, nyfikne og gløgge som folk flest no endeleg er.

Samtidig har vi felles levereglar som gjeld for alle som bur her, og som skal sikre likestilling og eit mest mogeleg konfliktfritt samvær med kvarandre. Der er grunnprinsippet allmenngyldige menneskerettar som sikrar gjensidig respekt, og inneber visse gjensidige plikter. Når fleirtalet ikkje diskriminerer, treng heller ikkje mindretalet særskilt vern. Når du lever i samsvar med menneskerettane, må eg tole at du eventuelt gjer noko eg ikkje nett liker. I det norske samfunnet tyder alt på at denne prosessen faktisk går seg til. Det einaste som kan velte han, er at vi druknar i ei bølgje av demagogi og talefør reaksjonær sjølvpublisering. Da må vi tilbake til Mot Dag: Kulturradikalisme saman med eit økonomisk program for likeverd og fellesskap, og ei fornya interesse for økonomisk politikk. Når politikarane no i tjue år har abdisert frå økonomisk styring, har dei ikkje stort att å preike om enn kulturen.Men no har EU og dermed også Noreg opna for krumma agurkar. Det vil ikkje forundre meg om ikkje også dei agurkane som kulturkjemparane fektar med, ikkje vert både slakare og slappare utover hausten.