MANN FOR SIN HATT: Helge Torvund har vært diktlærer i Dagbladets Diktkammeret siden 2001 — og er Norges mest kjente Twitter-poet. Foto: Morten Brun
MANN FOR SIN HATT: Helge Torvund har vært diktlærer i Dagbladets Diktkammeret siden 2001 — og er Norges mest kjente Twitter-poet. Foto: Morten BrunVis mer

Lær å skrive dikt med «twitterpoet» Helge Torvund

Her er alle diktlærerens leksjoner — oppdatert.

• Les også: Vi har fostret nye forfattere i ti år 

8. februar 2011 fylte Dagbladets eget diktforum, Diktkammeret, ti år. Helt siden starten har Diktkammerets egen diktlærer, Helge Torvund, delt sin kunnskap med både medlemmer og andre Dagbladlesere. 

Han har selv utgitt flere diktsamlinger, samt en bok med en samling av de første leksjonene. Det siste året har Torvund også blitt kjent som «twitterpoeten» — med jevnlige små poetiske betraktninger på Twitter. Her er finner du linker til hans diktleksjoner på Dagbladet.no:


1. Å gjenta lyd
Både rim og rytme dreier seg om å gjenta lyd. Med rim og rytme kan ein oppnå mange ulike verknader og stemningar. Ikkje minst passer det godt når ein vil få fram eit tydeleg driv og ein sterk puls.

2. Å overraska lesaren
Det å ta fatt i noko som ligg lagra i lesaren og vri på det, er ein poetisk teknikk som kan gje uventa perspektiv til teksten.


3. Å skriva fram ei tydeleg verd
Den første linja i eit dikt kan me oppfatta som ein liten sti som lesaren sine auge går inn i teksten på, eit landskap som set i gang ein prosess i den som les.


4. Å ta eit anna perspektiv
Når me skriv har me sjansen og fridommen til å vera kva me vil, og skriva ting som ikkje kan uttrykkjast på andre måtar.


5. Å lytta til stilla i oss og omkring oss
Å lytta til stilla i og omkring deg er ein måte å få kontakt med det som vil uttrykkjast. Slik kan det koma ting som er originale og heilt dine eigne. 


6. Å sjå tinga som nye
For å bryta ned denne tåka av vanetankar og presentera verda som ny, som her! - og nå! — må poesien sprengja veg inn til menneska sitt medvit med å underleggjera tinga.

7. Å dela ei linje
Linjedeling er eit av dei grunnleggjande poetiske verktøya. Med dette kan ein oppnå svært ulike verknader. Her er eit ekstra godt høve til å oppnå overraskingar ved å innføra nye element til det som er etablert i linja før. 


8. Å våga seg ut i ord
Det er eit eige trøkk i det å skriva sitt eige liv. Sjølvsagt veit me at liv er liv, og nokre bokstavar på eit ark eller ein skjerm, det er noko anna. Utfordringa vert nettopp å få liv i teksten, få livet inn i diktet så det kjennest.

9. Å skriva at eg elskar deg
Det er så lett å tru at sterke kjensler lagar gode dikt. Har ein verkeleg opplevd kraftige ting, så tenkjer ein at dette i seg sjølv er så mektige saker at det er bare å få det ned på eit eller anna vis. Men fellene er mange.


10. Å slutta mens enden er god
Det finst ei oppmoding til folk som skriv, som ofte vert gjenteken på engelsk. «Show them! Don't tell them!» Ei av syndene mot dette er ofte synleg ved at ein har teke med ei linje eller to for mykje på slutten av diktet. 


11. Å granska grensene for språket
Kunsten granskar korleis ting kan uttrykkjast om igjen, på ein heilt ny måte. Det finst eit område mellom to ytterpunkt som gjev oss optimal utteljing; Det eine er eit heilt kvitt ark og det andre er eit ark som er fullstappa med tilfeldig samansette bokstavar. Heilt stille eller eit totalt kaos. 


12. Å skriva seg inn i ei stor rørsle
Noko av det mest fascinerande med diktinga er at me kan setja i gang nokre rørsler som er annleis enn dei me gjer elles i kvardagen og i vårt daglege snakkespråk. 
    


Å skriva dikt er eit vågespel
Dikt kan skrivast på mange måtar. Og på mange andre måtar enn den Göran Sonnevi har kome fram til. Hans måte er likevel noko som gjer godt.

Å dikta om dei små ting
Stor poesi handlar ofte om små ting. Ved å retta merksemda mot dei små byggjesteinane i livet, kan diktinga få lesaren til å koma inn i eit nærare forhold til sin eigen kvardag.

Om poesi og politikk
Poesi og politikk er to delar av røynda som kan oppfattast som motpolar, men som også påverkar kvarandre i eit dynamisk område der me finn den politiske diktinga og den poetiske politikken.


Å forma eit dikt
Mange som prøver å skriva dikt er svært fokuserte på meiningsinnhaldet. I denne leksjonen skal eg så vidt byrja å sirkla inn kva poetar kan gjera når dei formar eit dikt.


Om å sjå merke etter liv
Marie Takvam er ein poet som gjennom mykje av det ho skriv skildrar samanhengen mellom menneske og natur, mellom dikt-eget og det ho har rundt seg.


Å testa grensene
Å dikta vil seia å gå inn i eit område med andre grenser enn elles. Det ville vera dumt av oss å ikkje utnytta desse og leva ut nokre galskapar her som me ikkje elles så lett kan få uttrykt.


Om ulike røynder
Eit av problema med diktkritikk er at me så ofte må røra oss innanfor ein subjektiv røyndom. Kva er virkeleg? Hva finst, eigentleg? Og kva kan me skriva om?


Om antikrigsdikt
Så å seia alle dei store poetane våre har skrive antikrigsdikt. Når dikta får ein tydeleg bodskap, er faren å hamna i eit for enkelt, slagordaktig språk. Men dei gode poetane finn fram til vinklingar som peiker på det menneskelege. 


Pablo Neruda skreiv om eple og løk
«Til visse tider på dagen eller om natta kan ein ha godt av å sjå nøye på ting som ligg i ro: Hjul som har rulla bortetter lange, støvete vegar med tunge bører av planter eller stein,» meinte den chilenske poeten Pablo Neruda. Lær meir om hans metode.

Å røra ved orda
Den norske poeten Kurt Narvesen har ein særeigen evne til å skape empati gjennom skråblikk og sjølvironi, og formulerer skarpe glimt av menneskeleg lagnad. 


Dei tre beina på poesiens krakk
Tre element bør vera tilstades når ein lagar eit dikt: teknisk kunnskap om skriving. det overraskande og nye i framstillinga. Og noko som knyter diktet opp til det menneskelege.


Syngjande og suggererande
Den danske poeten Henrik Nordbrandt har ein eigen evne til å utvida dei enkla orda si meining, og få orda til å utøve magi.
Sjå òg: Henrik Nordbrandt — Ordblind poet fødd med granatsjokk

Om å tenkja på nytt
Når det går mot haust må alle poetar tenkja gjennom skrivinga på nytt. Kva kan poesien gripa som me ikkje kan uttrykkja i vanleg tale eller i prosa? Kva skjer når poesien oppstår, og kva har vorte sagt om dette?


Om å gjere sprang
Dikta til den svenske poeten Lars Lundkvist er som små korger med plass til det meste, som han så slår ein himmel over. Desse skapar han mellom anna gjennom uventa sprang mellom ulike område og plan.


Om surrealisme og nyskaping
Surrealismen er sannsynlegvis den aller sterkaste og mest nyskapande påverknadskjelda når det gjeld den spennande moderne poesien. Kanskje gjeld det òg biletkunst, foto og film, ja, til og med reklame?


Om å samla saman ei samling
Å komponera ei diktsamling handlar om komposisjon, byrjing og slutt, tittel, kronologi, konsept og idé. Til døme går det an å tenkja som ein musikar som sett saman ei LP-plate: Ein burde ha ein veldig god opningsmelodi (her: dikt), ein god nummer to, ein god tittel, og eit godt sluttinntrykk.

Om å sjå verda i nytt lys
Det nye ein kan skapa, vert skapt i utkanten av det som er kjent frå før. Det gjeld å løysa opp alvoret, det fastlåste språket og trua på at dikt skal vera på ein bestemt måte. Ein må våga noko for å sjå språket i eit nytt lys.

Om å vurdera det andre skriv, del I
Når ein skal lesa og vurdera det andre skriv, er det naudsynt å setja seg i ein kvit tilstand. Vita at teksten kan innehalda noko me ikkje kjenner, noko som ikkje passar inn.


Om å vurdera det andre skriv, del II
Når ein skal vurdera andres dikt, må me halda kontakten med utgangspunktet, nemlig: Kan tekstane skapa ei oppleving hjå ein lesar? 


Om Obstfelder og det å skrive musikalsk
Sigbjørn Obstfelder såg på musikken som noko av det finaste som fanst. Han nytta rytmiske og klanglege verkemiddel på ein frisk og ny måte, ofte med ein uvanleg oppsett av bokstavar og teikn i tillegg.


Dylans protest mot forenklinga
Bob Dylan har fått mange til å drøyme om å bli rockestjerner. Poeten Helge Torvund er ikkje noko unntak.


Å læra seg å gå
Det finst ein lang tradisjon for å formidla tankar om dikting. Hans Ruin meinte å skrive handlar om å læra seg å gå: «Lyrikk er å snakka, og snakking er å gå, og den som ikkje innser dette kjem aldri til å skriva god lyrikk.»


Å sjå det vonde og det gode
Den kanadiske poeten Alden Nowlan arbeidde mykje med dikta for å få til ei kjensle av at nokon snakkar direkte til lesaren. Det finst eit mot i dikta til å sjå både det vonde og det gode, og ikkje fornekta noko av dette hjå menneska. 

Om å kommentera dikt
Å kommentera dikt handlar om å motivera den som skriv. Eitt mål er å gå inn i ein skriveutviklingsprosess, ofte med konkrete forslag til endring av ord, linjer eller heile dikt. Det andre er å seia: Du ser ut til å vera på rett kurs her.


Om å oversetja
La poesi frå heile verda koma til oss! Gode dikt frå andre land og språk gjev nye opplevingar, styrker trua på mennesket si evne til å kommunisera, skapar auka tilknyting til omverda, aukar fellesskapskjensla til menneske i ulike land, og utvidar vårt eige språk.


Om å ta eit steg ut
Den amerikanske poeten Robert Bly mener at menneska må «ut» av vårt eige vesle hus, og inn i det store huset av samanhengar, oikos. Ein teknikk for å oppnå dette, er å lata det vera rom mellom detaljane i eit dikt.


Å liggja lågt
Einsemd er viktig for å roa sinnet ned, for å opparbeida sensitivitet, og opne kanalane til vage impulsar frå det umedvitne. Les andre leksjon om den amerikanske poeten Robert Bly.


«Alt i meg er sang»: Om tid, lesing og innsats
Det tek vanlegvis lang tid med mykje innsats å læra seg å skriva gode dikt. Det er mellom anna ved å lesa massivt mykje av det beste som er skrive, både av dikt og om dikt, at ein kan skulera seg til diktar. Og ved å la seg inspirera av andre!


Om svangerskap, fødslar og småbarn i poesien til eit par menn
Også menn skriv om dei nære tinga, som barnefødslar og det å ha småbarn i huset.

— Barnedikt har mye felles med hypnose
I dette intervjuet forteller Helge Torvund om fellestrekk mellom virkemidler i barnedikt og hypnose.


— Twitter egner seg spesielt godt for poesi Helge Torvund når ut til flere tusen på nettet. Det, mener han, er en seier for poesien.


Frå søt basilikum til hav forelska i skipsvrak
Om den serbisk-amerikanske poeten, journalisten og gjendiktaren Charles Simic.


Den mystiske poesien er her!
Helge Torvund om tre poetar av Nobelpris-klasse som no kjem til Lillehammer: Ko Un frå Korea, Adonis frå Syria og Adam Zagajewski frå Polen.


Eit år for poetisk sjølvtillit!
Ein entusiastisk Helge Torvund om høgdepunkta frå Poesiåret 2012.


Ei gransking av nyansar
Ein av dei leiande poetane i Skottland heiter Thomas A. Clark. Han formidlar ei stille og ein energi. Noko som lever og rører ved han, men som har sitt eige liv. I eit intervju seier han at dikta etablerer små harmoniar, og dermed stemmer øyro våre for slike. 

Dine ord er gode nok (PDF i Norsklæreren Nr. 03/2012)
Når eg skal undervisa heile klassar i det å skriva, og må ta utgangspunkt i at dikt ikkje er noko fleirtalet av dei er spesielt opptekne av, er eg i byrjinga ute etter å få fram at det kan vera morosamt å lesa og skriva dikt. Samstundes prøver eg etter kvart å få inn at dikt kan få sagt noko viktig med få ord.

«Lytt ikke til meg, men til det eg taler om»
14. april 2012 holdt Helge Torvund denne poesiforelesningen på Litteraturhuset. Hør den i opptak!


Å skriva om det som alle har skrive om
Det er skrive tusenvis på tusenvis av tekstar til popmelodiar, visetekstar, skillingsvisetekstar, musikals og bluessongar om det same temaet. 


Om poeten Tor Obrestad, 75 år i dag (12. februar 2013)
Inni den kvite samlinga «Kollisjon» som Tor Obrestad debuterte med, var språket reinska og skrapa og stod att som nokre underlege, gåtefulle, av og til litt knudrete dikt. Men òg ofte som vakre, syngjande strofer.


 «Den som ikke har humor har kanskje tulipan?» (13. april 2014)
«Det er ikkje til å koma frå at diktsamlingar med mange kvalitetar kan falle utanom spotlightet og må finne fram til sine lesarar gjennom andre vegar enn dei som media set lyset på.»

Å skriva fram eit nærvær (Psykologisk.no 10. mai 2014)
Kvifor er eg oppteken av vakent nærvær? Fordi det har med svært grunnleggjande opplevingsnivå å gjera, skriv Helge Torvund. 


I alle landskap må ein vera hjå seg sjølv
Den finlandssvenske poeten Gungerd Wikholm skriv i spenninga mellom det spørjande og undrande og det som brutalt markerer sitt maktrevir.   

Kva har med å vera redde for?
Det er jo først og fremst dikta og diktinga det dreier seg om, skriv Dagbladets diktguru Helge Torvund, 12. mai 2015.