Leikande hakusamling

Upolerte og språkhoppande smådikt.

glipa i teppet

to fingrar og eit auge

kviskring i salen

BOK: Det er lenge sidan Anne Lind debuterte med boka «Hjemheim A/S» på Gyldendal i 1980.

Ein kunne seia at det får vera måte på vanskeleg andrebok. Då høver det å sitera kva J. D. Salingar skriv i si novelle «Zooey», nemleg at for nokon av oss er den kortaste vegen mellom to punkter ein stor sirkel! 27 år etter førsteboka dukkar ho opp med ei spretten og livat, leikande og personleg prega haikusamling der overståande dikt med si spenningsfylte ro opnar denne upretensiøse boka. Ho kallar dei zaiku, nærast for å rydda seg ein eigen leikeplass i språket. Men som så ofte i denne forma, er vegen mellom leik og alvor ikkje lenger enn ein ring i eit vatn der frosken vart borte. Forfattaren gjev oss først ei rask, men engasjert innføring i diktforma. Bare så mykje at me stiller merksemda inn på denne typen dikting. Ho skildrar både den mislykka skriveprosessen:

haiku-augeblink!

eg spring bort til pc’n

poff!

og den vellykka:

her kjem dagen

med eit panoramavindauge

mellom hendene!

I mange av dikta fangar ho kjensla av å vera til. Gjennom kontrastar og plutselege slåande bilete vekkjer poeten lesaren. Me møter ein himmel full av sauebrek og får vera med når «barnet målar/elva som kjem mot oss med/ei bru i armane». Ho kan også skape fine parallelle rørsle mellom menneske og insekt, eller som her, fuglar:

morgongry i mai

svala flyt på himmelen

og eg på tjernet

Her er dikt frå mange tider og fleire geografiske område. Det er noko frigjerande uryddig over stilen, langt frå det polerte og finslipte. Men stundom kan det verta litt vel ujamt. Her og der kan ho verta abstraherande og sjølv om ho kommenterer det sjølv, vert ikkje alltid dikta anna enn morosame språkhopp. Men når ho under ein frostmåne får regndropane til å kle seg ut som englar – då skjer det ting! Og sjølvsagt må ho ved fleire høve kommentera haikudiktet over alle haikudikt. Det gjer ho slik:

frosken slumrar

på vassliljeblad

streikar