Medisinsk spel for galleriet

HAUSTEN 2004 måtte lækjemiddelfirmaet Merck trekkje bestseljaren Vioxx frå marknaden, då det blei kjent at fleire titusen menneske kan ha mista livet pga hjarteinfarkt og hjerneslag utløyst av denne pilla. Frå å vere sett på som eit trygt og nærast biverknadsfritt medikament, blei dette preparatet over natta omtala i verdspressa som «killer-drug». Aftenposten melde 26. januar 2005 at Legemiddelverket, ut frå alarmerande tal frå USA, fryktar at meir enn 400 nordmenn har mista livet etter bruk av Vioxx. The Wall Street Journal kunne avsløre at leiinga i Merck heilt sidan mars 2000 hadde vore kjent med at Vioxx kunne utløyse hjarteinfarkt, og at selskapet likevel hadde argumentert aktivt mot forskarar som dokumenterte problema. Merck risikerer nå talrike, alvorlege søksmål. På si side dumma hovudkonkurrenten Pfizer seg kraftig ut då dei på sviktande grunnlag marknadsførte sitt eige alternativ, Celebra, som tryggare enn Vioxx.

Den amerikanske Food and Drug Administration (FDA) har fått sterk kritikk i denne saka. Mellom anna har medarbeidarar som arbeider med biverknader opplevd at leiinga har lagt hindringar i vegen for dei. Her heime har Statens legemiddelverk og fleire uavhengige forskarar omtala biverknadene, men utan at ein har gripe inn med reguleringar før no.

KVA SÅ MED oss legar, som skriv ut medikamenta til pasientane? Den klassiske legeetikkens fyrste bod er faktisk å ikkje gjere skade («Primum non nocere»). Difor skal vi - uavhengig av økonomiske eller andre interesser - basere behandlinga vår på best mogeleg dokumentasjon av både verknad og biverknad.

Biverknadene til Vioxx blei publiserte så tidleg som i 2001 i ein artikkel i tidsskriftet Journal of The American Medical Association (JAMA). Dette arbeidet blei omtala i ulike nasjonale medisinske tidsskrift, også her i Norge. Likevel heldt legar verda over fram med å skrive ut dette preparatet. I dei åra Vioxx og Celebra er blitt selde, er dei omsett for mangfaldige milliardar dollar. Brukarane tel fleire millionar menneske. Korleis kan dette ha seg når ein analyse i eit av våre tyngste fagblad konkluderer med at denne type preparat disponerer for hjarteinfarkt og hjerneslag? Det skjedde fordi legar over heile verda valde å stole på produsentane si marknadsføring, framfor å fylgje med i uavhengig medisinsk litteratur.

LÆKJEMIDDELINDUSTRIEN driv kommersiell verksemd og brukar uhyggjelege summar på marknadsføring, faktisk mykje meir enn til utvikling av nye lækjemiddel. Ein monaleg del av dette vert nytta i direkte kontakt med oss legar. Problemet for mange legar er eit stort behov for informasjon, og arbeidsgjevarar som tradisjonelt ikkje har vore viljuge til å bruke pengar på denslags. Det har difor vore ei enkel sak for industrien å knyte alliansar med legar som er sveltefora på ny kunnskap. Begge kronikkforfattarane har tidlegare vore med på kongressreiser betalte av industrien. I samband med lansering av nye lækjemiddel har det vore vanleg at norske legar er blitt tekne med til kongressar i utlandet som omhandlar sjukdomar det nye medikamentet er mynta på. Denne forma for marknadsføring er svært effektiv. Ho kombinerer det å appellere til legens intellekt - produktet vert ikkje presentert isolert, men i ein vitskapeleg kontekst - med relasjonsbygging mellom legen og firmaet sin hyggjelege og profesjonelle medarbeidar. Slik får legen ei kunnskapsgåve frå lækjemiddelfirmaet. Det er godt dokumentert at legar endrar sin forskrivingspraksis i favør av sponsor som eit resultat av slike gåver.

INDUSTRIEN inviterer også ofte på «faglege» møte der mat og drikke høyrer med, gjerne på betre restaurantar. Ein spesiell variant er å gi støtte til møte der retningsliner for behandling blir laga, og der sponsoren sitt produkt står sentralt. På same vis sponsar industrien ei heil rekkje vitskapelege studiar. Tidlegare kunne det gå over stokk og stein: Legar er blitt tekne med på jaktturar i utlandet der dyr mat og alkohol har flote i strie straumar. Ektefeller er blitt inviterte med på kongressreiser for industrien sin rekning, og industrien har betalt for billettar til fotballkampar, konsertar og teater. Det seier seg sjølv at legar sin kritiske sans og uavhengige vurderingsevne er blitt godt bedøvd av slik handsaming.

FOR NOKRE ÅR sidan laga Legeforeininga og Legemiddelindustriforeningen (LMI) ein avtale som skulle regulere denne haloien. Den tok bort dei verste eksessane. Den nyleg reforhandla avtalen mellom Legeforeininga og LMI gir inntrykk av ei nøktern haldning til korleis samarbeidet skal gå føre seg, men vil ikkje kunne hindre at legar misser sin uavhengige ståstad i høve til industrien. Tidlegare praksis vil i hovudsak kunne halde fram uendra, men ved reise og opphald skal støtta avgrensast til staten sine satsar for kost og losji. Gåver skal vere av fagleg art (faglitteratur eller faglige hjelpemiddel) og ikkje ha ein verdi som overstig kr 1000. Mange andre sider av samarbeidet mellom legar og industrien, t.d. forsking, er i den nye avtalen regulert i tråd med det som større medisinske tidsskrift nå krev ved publikasjon av vitskapelege arbeid, og representerer såleis ikkje noko nytt.

At lækjemiddelindustrien ynskjer å marknadsføre produkta sine er heilt naturleg. Men kor naturleg er det at denne verksemda vert regulert i ein avtale med den viktigaste målgruppa? Etter vårt syn er det viktig at vi legar arbeider for å styrke vår eigen sjølvstendige stilling, kunnskap og kritiske sans. For å oppnå sjøvstende treng vi klare grenser for kva vi kan vere med på av marknadsføring. Men slike grenser bør vi kunne setje heilt uavhengig av lækjemiddelindustrien.

HELSESTELLET i Norge er idag i aukande grad drive ut frå ein bedriftsøkonomisk tankegang, der det er lita forståing for at det er ei kompetanseverksemd med stadig behov for fornying av kunnskap. Det må difor understrekast at det er legar og styresmakter si plikt å syte for at pasientar får behandling som baserer seg på uavhengig gransking av best mogeleg dokumentasjon. Legeforeininga si omforhandla avtale med Legemiddelindustriforeningen er ingen garanti for at dette skjer, men tek derimot fyrst og fremst sikte på å vidareføre eit samspel som båe partar har note godt av i mange år. Eit slikt samspel er dyrt for samfunnet, og kan i verste fall koste nordmenn livet.