Mektig om Blake

Det har blitt utgitt et grundig og engasjert verk om diktermaleren William Blake.

Etter lesinga av Geir Uthaug sin grundige og omfangsrike biografi «Den kosmiske smie» er det eitt bilete av Blake (1757- 1827) som står særleg sterkt i minne. Teksten målar fram den visjonære og originale diktarmålaren i sitt tronge, mørke arbeidsrom fylt av reiskapar og grafiske arbeid. Han sit bøygd over ei lita koparplate. Med sverte på hendene og skinnforklede på brystet. Dette er London for to hundre år sidan. Ein by prega av fattige smaug, såra soldatar og prostituerte landsjenter. Industrialismen sitt kvernhjul har teke til å masa sund barnesjeler. På barneheimane døyr hundrevis av babyar. Her sit altså kunstnaren og graverer inn sine «Songar om Uskyld» i form av dei vakraste illuminerte blad. Han flettar saman biletet med teksten i eit lysande barnleg uttrykk av harmoni og livshåp! To hundre år seinare kjenner me framleis krafta og den gåtefulle utstrålinga.

William Blake

  • William Blake (1757) var ein britisk multikunstnar. Han skreiv profetiske dikt, måla bilete og er kjend for sine koperstikk og raderingar.

  • Han var opteken av symbol og følte seg heile livet omgitt av englar og himmelske vesen. Særlig kjende er dikta "The Tiger" og "Jerusalem". Mange av verka hans er svært vanskelege. Blake finst på norsk både i bokform og på CD.

Motsetningar

Nå skapte sjølvsagt motsetninga mellom verda rundt han og Blake sin eigen fantasi ein god del problem for kunstnaren. For han var den menneskelege fantasien den kosmiske smia der det som var viktigast for kunsten skjedde. Sinnet var sjølve elden. Etter kvart kom Blake rett nok også til å skriva «Songar om røynsler» . Begge desse syklusane er gjendikta av Geir Uthaug i eit tidlegare verk (1997).

Blake såg at ingenting kunne eksistera utan sin motsetning. Noko som går klart fram av ein tittel som «Giftarmålet mellom himmel og helvete» (på norsk i 1993 ved Erling Indreeide og Hanne Bramnes.)

Sjølv om Blake i kortare periodar kunne tena litt på reproduksjonsoppgåver til populære verk i samtida, var han og kona Catherine for det meste svært fattige. Blake var kompromisslaus, og i opposisjon til rådande syn både på politikk, religion og filosofi. Det gjorde det ikkje lettare å slå seg fram som kunstnar.

Ingen av dikta hans kom ut i bokform medan han levde, og den einaste separatutstillinga han hadde, i butikken til broren, vart ein fiasko.

Djuptpløyande

Blake skapar etterkvart sin eigen mytologi, og denne er kompleks og innfløkt, og Uthaug har ikkje forenkla det utover det som er naudsynt. Dette har gjort at eit par av kapitla i boka er lovleg tunge å lesa.

Men Blake er ikkje for den overflatiske lesar uansett. Han er ein djuptpløyande kunstnar som trengjer inn under det tidsmessige uttrykket og løftar fram allmenne problemstillingar i all sin komplekse dialektikk.

Og som i Uthaugs tidlegare gjendikting er her mange gode reproduksjonar av Blake sine linjer og fargar. Dei er viktige for å forstå kva slags arbeid han gjorde og kva slags verk han har lagt att etter seg.

I den nyleg utkomne dagboka si skriv Olav H. Hauge nokre stader om sine ekstatiske opplevingar av kosmisk medvit. Han skriv at han i liten grad nytta desse erfaringane direkte i dikta sine, men let «ugrashakkaren» skriva dikta. Det gjorde ikkje Blake. Blake gav seg ikkje på at alt som ikkje var inspirert av visjonar, skulle forvisast frå diktinga.

Så var det då heller mest ingen i samtida som forstod dikta hans. Nokre få biletkunstnarar og kunstkjøparar vart glad i bileta hans, og støtta han. Dei få omtalane frå samtida talar om «galmannsverk».

Med ein visjonær fantasi som både verbalt og visuelt maner fram syn som kan minne om Bosch og Dali, er det ikkje rart at Blake vart for hard kost for samtida. Det er ei famnande revolusjonær rørsle på mange plan i det Blake gjorde. Han reiv ned mentale barrierar og opna for visjonar med eit mytisk bodskap som gjekk djupare og varte lengre enn mangt av det han stod i opposisjon til.

Visjonære syn

På norsk vart me første gong presenterte for William Blake av Tor Obrestad i 1967, med versjonar som framleis står seg svært godt. Uthaug si gjendikting frå 1997 er noko plaga av klisjear, men gjev klårt att innhaldet og har eit fantastisk reproduksjonsmateriale av dei illuminerte sidene til Blake.

Men med «Den kosmiske smie» har Geir Uthaug levert sjølve Boka om Blake på norsk.

Han går grundig til verks når det gjeld å visa kva som påverka Blake. Sjølv den mest originale kunstnar har fått med seg mangt og mykje av tenking og bilete frå andre. Frå starten av er det faren med sine radikale meiningar og sin religiøsitet. Avgjerande for Blake si retning i livet vart at han alt som åtteåring hadde eit syn: Han såg eit tre som var fullt av englar. «Vingene deres skinte i grenene liksom stjerner.» Dette kunne ikkje faren akseptera, og hans negative reaksjon fekk seinare sitt uttrykk i eit bilete der ein eldre mann klipper vengene av ein gutt. Medan den unge koparstikkeleven Blake stod aleine i Westminster Abbey og teikna nøyaktige kopiar av gravmonument til eit stort verk om middelalderkyrkjene, oppdaga han gotikken, som han kalla «levande form».

Å vera tydeleg, å skapa skulpturelle figurar ved bruk av linja, vart viktig for han. Med gravstikke prega han linjene sine djupt inn i koparen. Saman med stadige visjonære syn, ofte med eit nærast surrealistisk preg, danna dette grunnlaget for kunsten hans.

Samansett bilete

Uthaug gjev oss ei brei orientering om sentrale tenkjarar for Blake, som den svenske mystikaren Swedenborg, og om Jacob Böhme, gnostiske skrifter og kabbalismen.

Til saman skapar Uthaug eit samansett og sterkt bilete av ein total kunstnar av den typen som aldri sluttar å fascinera oss.

Uthaug har utført eit kjempearbeid. Han får fram at Blake sitt verk speglar menneske sin lagnad og samansetning på ein så innsiktsfull og samansett måte, at det alltid vil vera noko å henta her. Og alltid noko ein ikkje får tak i!

Så har Noreg fått sin biografi om denne kunstnaren. Den bør mange finna fram til. Det ville vore synd om han skulle koma heilt i skuggen av dei store verka om Hauge og Hofmo.