FÅR KJEFT: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug sprer myter om signaleffekten av å ta imot kvoteflyktninger, mener artikkelforfatteren. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet
FÅR KJEFT: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug sprer myter om signaleffekten av å ta imot kvoteflyktninger, mener artikkelforfatteren. Foto: Bjørn Langsem / DagbladetVis mer

Debatt: Flyktningkrisa

Myten om signaleffekten

Frp-statsråd Sylvi Listhaug held fram med storstilt mytespreiing og ser ikkje ut til å ville la seg forstyrre av fakta.

Meninger

Det var denne veka, i kjølvatnet av Trumps presidentordre om å stenge ute flyktningar frå ei rekke muslimske land, at fleire norske parti tok til orde for at Norge bør ta imot fleire kvoteflyktningar. Deriblant regjeringspartiet Høgre. Innvandringsminister Sylvi Listhaug var raskt på banen med eit innlegg på Facebook der ho sa at dette ikkje var aktuell politikk for regjeringa. Ho skreiv mellom anna følgande: «Det er en meget usikker internasjonal situasjon, og vi så sist hva som skjedde da man sendte ut signaler om å ta imot langt flere flyktninger. Det førte til at vi sprengte alle rekorder og fikk tre ganger så mange asylsøkere som i et normalår».

La oss plukke dette innlegget frå kvarandre, bit for bit.

Vi kan byrje med den lemfeldige bruken av ordet flyktning. Som innvandrings- og integreringsminister burde Sylvi Listhaug vere nokså godt klar over den viktige distinksjonen mellom kvoteflyktningar og asylsøkarar. Dei førstnemnte vert plukka ut av FN frå nærområda til området dei har flykta frå og blir henta til eit trygt tredjeland, slik Norge bestemte å gjere med 8000 syrarar i juni 2015. Det er fordi desse flyktningane verken kan reise heim att til landet dei flykta frå eller kan integrerast i det landet dei har komne til. Å bli kvoteflyktning er i realiteten den einaste lovlege vegen der flyktningane ikkje må risikere sitt eige liv for å kome til trygge land utanfor nærområda.

Ein asylsøkar er ein person som på eige initiativ søker om beskyttelse i for eksempel Norge, etter å ha kome seg hit for eiga maskin – ofte ved bruk av menneskesmuglarar. Når Listhaug skriv om flyktninger, skil ho ikkje mellom kvoteflyktningar og asylsøkarar. Det kan sjå ut som denne forvirrande og tildekkande måten å kommunisere på er eit bevisst val frå statsrådens side.

Så kan vi ta dette med «å sende ut signaler», som Listhaug kallar det. Ho viser til kva som skjedde «sist gang» Norge tok på seg ansvar for å ta imot flyktningar. Signalet som Listhaug her viser til, er altså 2015-forliket i Stortinget som opna for at Norge kunne ta imot 8000 kvoteflyktningar på tre år. Det som skjedde som konsekvens av dette, i følge Listhaug, var at det kom over 30 000 menneske til Norge for å søke asyl. 5500 av desse kom syklande over den norsk-russiske grensestasjonen på Storskog. Listhaug gir inntrykk av å meine at desse kom - ikkje på grunn av krigen i Syria, men – på grunn av at Norge sa seg villig til å ta imot 8000 kvoteflyktningar på tre år. Det er så mange ting som er galt med denne myten at eg ikkje får plass til å ta alt her, men la meg tre kjappe moment:

  • Sverige tok i 2015 imot berre 1595 kvoteflyktningar, eit tal som er langt lågare enn det Norge gjorde. Sverige ligg også lågare når det gjeld kvoteflyktningar i 2016. Likevel kom det nesten 163 000 menneske til Sverige for å søke asyl berre i 2015. Korleis forklarar Listhaug denne manglande samanhengen? Viss talet på kvoteflyktningar handlar om kva signal ein sender ut i verda, burde det vere Norge og ikkje Sverige som tok imot 163 000 asylsøkarar.
  • Ingen er så smerteleg klar over den store forskjellen det er mellom å vere kvoteflyktning og asylsøkar som dei som flyktar frå krigen sjølv. Mange av dei har nok prøvd å få plass på kvoteflyktningprogramma til mange ulike land, før dei ikkje ser andre moglegheiter enn ta ut på den farefulle flukta på eiga hand for å bli asylsøkarar. Privilegia som følger med kvoteflyktningordningane i dei fleste land er vel kjent for flyktningane. Dette burde også vere informasjon som flyt heilt inn i Det kongelege norske justisdepartementet.
  • Så skal vi ikkje underslå at det er viktig å sende signal til flyktningane. Men ved å ikkje ta imot kvoteflyktningar sender vi følgande signal: Det fins ikkje håp for dei mest utsette blant dykk. Vi kjem ikkje til å løfte ein finger for å gje dykk beskyttelse. De får berre risikere livet dykkar for å kome dykk hit på eiga hand.

Så til det siste eg hang meg opp i ved Listhaugs innlegg: Den meget usikre internasjonale situasjonen. Her treff ho blink, viss ho siktar til det same som eg gjer. For det er ein særs usikker internasjonal situasjon. For flyktningane.

Særs få land tar imot kvoteflyktningar. Dette er dei aller mest sårbare flyktningane. Det er her ein finn forfølgde aktivistar, minoritetar utan beskyttelse i nærområda, menneske med store helseproblem, folk som har vore utsett for tortur og andre overgrep. At USA no føyer seg inn i rekka av land som ikkje vil ta imot desse, er djupt tragisk. Rundt Syria er det berre 14 prosent av flyktningane med behov for å bli kvoteflyktningar, som faktisk har fått bli det. Talet på menneske med eit slikt behov er 72 prosent høgare enn i 2014.

Hittil har USA vore det landet som har tatt det største ansvaret for kvoteflyktningane, i tillegg til Canada. Når USA no sviktar dette ansvaret er det opplagt at vi ikkje berre kan sitte og sjå på kva som skjer. Det toler ikkje flyktningane det gjeld.

Eg håpar det var det innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug meinte når ho skreiv om den meget usikre internasjonale situasjonen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook