VELGERFLUKT: Spørsmålet er kor mykje ein kan stramma inn regelverket utan at alle dei som finn kjærleiken på tvers av landegrensene finn andre politikarar å stemma på, skriver kronikkforfatteren. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix
VELGERFLUKT: Spørsmålet er kor mykje ein kan stramma inn regelverket utan at alle dei som finn kjærleiken på tvers av landegrensene finn andre politikarar å stemma på, skriver kronikkforfatteren. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB ScanpixVis mer

Når kjærleiken møter statens grenser

Mange sliter med å oppfylla dei vilkåra for ekteskapsinnvandring som utlendingslova stiller opp.

Ein fjerdedel av alle som innvandra til Noreg mellom 1990 og 2008, var ekteskapsinnvandrarar. Av dei 100 000 personane det er snakk om er om lag 75 prosent kvinner og 25 prosent menn. I 2011 kom det flest ekteskapsinnvandrar frå Somalia, Eritrea, Filippinane og Thailand. Samanlikna med asylpolitikken har regelverket for ekteskapsinnvandring fått relativt lite merksemd, både i forskinga og i den offentlege debatten. Men det er i ferd med å endra seg. I dag disputerer eg over doktorgradsavhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway».

Dei som søkjer om ekteskapsinnvandring er ei ueinsarta gruppe. Det kan vera ektemannen til ei kvinne frå Irak som har fått politisk asyl i Noreg. Det kan vera kona til ein arbeidsinnvandrar India. Det kan vera den amerikanske sambuaren til ei norsk kvinne som har budd og studert i USA. Det kan vera den filippinske kvinna som fann kjærleiken i ein mann frå Noreg. Felles for dei alle er at dei må gjennom ein nokså omfattande søknadsprosess for å få bu i lag i Noreg.

For dei som finn kjærleiken på tvers av landegrenser er det altså ikkje berre å gifta seg og flytta saman. Det som i utgangspunktet er eit djupt personleg og privat val, nemleg val av samlivspartnar, blir fort ei statleg affære når det er snakk om at nokon ønskjer å flytta til Noreg. Ekteskapsinnvandring er i utgangspunktet er ein rett du har dersom ektefellen di bur i Noreg. Men mange sliter med å oppfylla dei vilkåra som utlendingslova oppstiller.

Det vilkåret som flest sliter med å oppfylla er kravet til økonomisk underhald. Det går ut på at ektefellen som bur i Noreg må dokumentera ei inntekt på minimum 242 440 kroner både i likninga og i arbeidskontrakten. I praksis vil ein derfor ikkje kunne bu i lag dersom den norsk ektefellen hadde eit friår i fjor, er student, lærling, arbeidslaus, mottek arbeidsavklaringspengar, har motteke sosialstønad, er deltidstilsett eller låglønt. Regelverket er dessutan nokså firkanta på dette punktet. Saksbehandlarane i Utlendingsdirektoratet har ikkje mykje rom til «å bruka sunn fornuft». Dei har rett og slett ikkje lov til å godkjenna søknaden dersom ikkje likningsinntekta er høg nok.

Tvangsekteskap er eit tema som har fått mykje merksemd i den offentlege debatten. Eit av to politiske hovudargument for den skjerpinga av underhaldskravet som vart gjort i 2010, var at Stortinget ønskja å hindra tvangsekteskap. Ved å krevja at alle som vil ha ein ektefelle til Noreg må vera sjølvberga gjennom lønsinntekts, såg ein føre seg at norske borgarar med innvandrarforeldre, som eventuelt skulle vera utsette for tvangsekteskap med ein person frå foreldra sitt heimland, vil vera betre i stand til å nekta. Det som, imidlertid, ikkje har vore så tydeleg i den offentlege og politiske debatten, er at norske borgarar med innvandrarforeldre utgjer omlag tre prosent av dei som giftar seg med utanlandske borgarar.

Eit anna vilkår for ekteskapsinnvandring er at paret er lovleg gift. Det kan framstå som eit sjølvsagt og rimeleg krav for å få løyve om ekteskapsinnvandring. I praksis fører det til at mange unge par ikkje har moglegheit til å flytta saman og leva som sambuarar. I Noreg i dag er dette den vanlegaste måten å starta eit samliv på. Men dersom ein finn kjærleiken utføre EØS, så vil ikkje sambuarskap vera eit alternativ. Mange av dei eg har intervjua i samband med doktorgraden seier at dei følte dei var nøydde til å gifta seg. Og då meinte dei ikkje tvungne av familien til å gifta seg med nokon dei ikkje ville ha, men tvungne av staten til å gifta seg på eit tidlegare tidspunkt enn ein elles ville ha gjort.

Følg oss på Twitter

Eit tredje vilkår er at ekteskapet må vera «reelt». Dette kravet finst fordi norske myndigheiter ønskjer å hindra såkalla proformaekteskap, det vil seia ekteskap som blir inngått for å skaffa seg opphaldsløyve i Noreg. Det kan vera ganske vanskeleg både å kontrollera og dokumentera at eit ekteskap er reelt. Ekteskapsinnvandrarar og ektefellane deira blir bedne om å skriva om korleis dei møtte kvarandre, leggja ved bilete frå bryllaupet og ting dei har gjort i lag, og så blir dei intervjua av utlendingsmyndigheitene. I nokre tilfelle sender ambassaden ein person til søkjarens heimlandsby for å sjekka ut historia. Og nokon opplever å få politiet på døra for å sjekka om dei faktisk bur i lag. Mange opplever søknadsprosessen som ei alvorleg krenking av privatlivet.

Korleis skal me forstå desse kontrollpraksisane, som kan vera problematiske og kompliserte både for politikarar, saksbehandlarar og ikkje minst for søkjarane? I avhandlinga viser eg at reguleringa av ekteskapsinnvandring står i eit spenningsfelt mellom to motstridande utviklingstendensar: Når det gjeld familie og ekteskap har både lovverk og samfunnsnormer endra seg i retning av auka liberalisering. Men når det gjeld innvandring er hovudtendensen auka regulering og innstramming. Medan ekteskap og samliv blir oppfatta som eit privat spørsmål bestemt av frie og individuelle val, så er innvandringskontroll så til de grader eit spørsmål av stor nasjonal og politisk interesse.

Innvandringspolitikken blir vedteken av dei folkevalde på Stortinget. Dei som sjølv innvandrar har inga moglegheit til å påverka reglane, ettersom dei ikkje har statsborgarskap og dermed heller ikkje stemmerett i Noreg. Men dei aller fleste, det vil seia ca. 60 prosent, av ekteskapsinnvandrarar er gift med norske borgarar. Det store politiske spørsmålet er kor mykje ein kan stramma inn regelverket utan at alle dei veljarane som finn kjærleiken på tvers av landegrensene vil sjå seg om etter andre politikarar å stemma på.

Helga Eggebø, stipendiat ved Universitetet i Bergen Vis mer

Regulering av ekteskapsinnvandring byr på fleire utfordringar og dilemma både for dei som søkjer, for utlendingsmyndigheitene som skal handheva regelverket og for dei som utformar og vedtek reglane. Å kontrollera at det ikkje er snakk om proformaekteskap, til dømes, kan framstå som viktig for å sikra legitimiteten i systemet. Men denne kontrollen kan vera inngripande, komplisert og ressurskrevjande og det er ingen ting som tyder på at det er snakk om særleg mange saker i den store samanhengene. Eit strengt og rigid krav til økonomisk underhald gjer saksbehandlinga mindre komplisert og tidkrevjande enn eit skjønnsbasert krav. Men på den andre sida vil eit slikt krav nødvendigvis framstå som urimeleg i mange tilfelle. Eit strengt inntektskrav fører til at færre kjem til Noreg som ekteskapsinnvandrarar, men avslagsprosenten har ei tydeleg slagside: Dei som er gift med innvandrarar, kvinner eller yngre personar er dei som i størst grad blir nekta å leva det familielivet dei sjølv har vald.