Skjermdump fra Youtube, fra Elliot Rodgers video.
Skjermdump fra Youtube, fra Elliot Rodgers video.Vis mer

Nei helvete, tid for å oute seg sjølv som feminist

Eg vart spurt om eg var feminist av nokre damer i Kvinnefronten i går. Å svare «ja» sat langt inne. Kvifor? Fordi eg følte meg usexy om eg sa det.

Meninger

Jepp. Det sit litt fast i halsen å kalle seg feminist som mann. Det kjennest som smisking. Å vere knalltydeleg feminist som mann krever ein viss sjølvtillit: Om du ikkje er ein breiskuldra, v-forma kjekkas, føler du alltid at det kviler ein mistanke over deg, både frå kvinner og menn, om at du eigentleg seier dette berre for å få pule heite, frigjorte feministdamer som er flinke til å få orgasme.  

Her må eg skyte inn at alle menn i Noreg, med mindre dei er klin sprø, er feministar. I den forstand at det er svært unormalt å påstå i 2014 at kvinner bør ha mindre lønn for likt arbeid, at kvinner ikkje bør ha stemmerett.  

Stempelet oppstår fordi det er ein del, både menn og kvinner, som ser for seg at feminisme handlar om å gi kvinner meir enn menn. Denne typen overkompensering for gammal urett eksisterer, så klart. Eg har berre aldri møtt sjølverklærte feministdamer som er så kjøtta dumme at dei tenker at menn er mindre verd enn damer. Dei finst, men dei er ei marginal gruppe, og eksisterer mest for å gi sure mannfolk ein fantasifiende dei kan bitche om, som kjerringer, noko eg synest er umandig av dei.  

Desse sure mannfolka insisterer også på at det eksisterer full og total likestilling for lengst, og at det faktisk er menn som er undertrykt. Det forklarer sjølvsagt ikkje kvifor det ikkje eksisterer kjønnslege motstykke til skjellsord som «bitche», «som ei kjerring» og «umandig». Det næraste er vel om ei kvinne blir kalt «mannhaftig», som indikerer at ho er sjefete og dominant. Skjellsordet for ein dominant mann, er ... «dominant». Men sjølv dei mest surmaga klagemenn, som insisterer på at kvinnene har fått for mykje å seie, er ikkje negative til lik lønn for likt arbeid.

Ergo, i historisk perspektiv: Vi er alle feministar. Ikkje la deg skremme av fronten «femi-», den er misledande. Likestilling er bedre for alle. Det er den som gjer at kompisen min kan tvinge kona si ut på jobb, medan han kan ha det gøy heime med babyen, og få vere tilstade i ei avsindig kul og uerstatteleg fase av barnet sitt liv. Tenk så trist med alle dei menn som i gamle dager jobba fulltid i spedbarnsfasen! Så, du er feminist.  

Eit større skille går mellom liberalfeminisme og sosialfeminisme. Liberalfeminismen er oftast mest rådande på høgresida, hos Siv og Erna, og seier at likestilling er noko vi allereie har oppnådd, og no er det berre å lene seg tilbake og la kvinner og menn få velge fritt. Sosialfeminismen finn ein oftare på den politiske venstresida, og den insisterer på at dei samfunnsmessige strukturane - tankane, kompisgjengane med makt, har ein nedarva ubalanse i menns favør. Difor ønsker dei å bøte på dette med kvotering. Det er som regel her ein kan finne dei reelt vanskelege problemstillingane.

Kva er rett nivå av kvotering? Null? Om svaret ikkje er null, er resten av diskusjonen dritlang og kjempekomplisert for alle som ikkje er fullstendig sneversynte. Så den hoppar vi over, men ja, eg trur ikkje heilt at null bevissthet rundt struktuelle problem som har brukt tusenvis av år og minst to-tre verdensreligionar på å få fotfeste forsvinn berre ein seier at no er alt bra. Så då ligg eg meir mot sosialfeminist.  

For å spisse det endå meir, kan eg sjå tre mulige motiv for min feminisme. Det eine er at eg er nervøst politisk korrekt, og krampaktig opptatt av å få cred-poeng av seksti år gamle damer i Ecco-sko. Dette er korrekt, i og med at mamma er ei sånn og eg vil at mamma skal vere blid.  

Det andre er at livet har lært meg at di mindre jenter bekymrar seg for kroppen sin, di meir kan dei bruke kreftene sine på å vere kule og interessante, og dei har også langt lettare for å kle av seg. Vi er då inne i egoistisk motivert macho-feminisme. Det er faktisk langt meir sjarmerande di meir overfladiske motiv eg påstår å ha. Jenter trur meir på det.

Men ein tredje faktor er at det er ikkje alt som er i boks.

Forfattaren Margaret Atwood formulerte det sånn: «Men are afraid that women will laugh at them. Women are afraid that men will kill them."  

Atwood sitt sitat kom opp igjen etter at ein Elliot Rodger, ein 22-åring i California, drap sju menneske, seg sjølv inkludert. Han etterlot seg eit manifest, sjølvsagt. Høyrt det før? Hugsar du manifestet til den verste, stusselegaste personen i norsk historie?

Eit lite omtalt aspekt ved Breivik sitt telefonkatalogtjukke manifest er kvinnesynet - feminismen er for han det verste moglege som kan skje med samfunnet. Rodger hadde i det minste ikkje Breivik sin glasur av «samfunnsnytte», Rodger var heilt ærleg på at han berre var sur fordi han ikkje fekk pule sjølv, og at alle hans fiffige teoriar om samfunnet djupast sett var påskot for å kompensere for indre bitterhet.

Men sjølv om han var klar over sin eigen illusjon, levde han etter den. Han klaga over at jentene heller ville ha «brutale svin» enn ein «magnificent gentleman» som han sjølv. 22-åringe Rodger var framleis jomfru, (han måtte altså halde ut eitt år lenger enn meg) og dette syntest han var så urettferdig, sidan han trass alt var ein snill fyr, at han rett og slett var nøydd til å stikke ut og ta si hevn.  

På pressekonfreransen erklærte politiet sin talsmann «it's obviously the work of a madman». Men Rodger sitt manifest var ikkje spesielt psykotisk. Han representerte ein ekstrem versjon av eit uhyre vanleg fenomen - kvite, hetero menn som føler at dei i utgangspunktet fortener suksess og medgang.

Eg forstår sårheta: Om du er kvit, hetero mann, er du statistisk sett betre plassert enn dei fleste andre kategoriar. Om du så likevel ikkje får ting som du vil, er det dobbelt vondt. Litt som det er dobbelt vondt å vere deprimert nordmann (sjekk alle Joachim Trier-filmar) - det er liksom litt flaut å ikkje vere i konstant ekstase. Rodger var rasande fordi han ikkje var i konstant pleasure.  

Så politiet si underrapportering av kor ekstremt vanleg Rodger sitt kvinnehat var, førte til ein feministisk reaksjon. Dei påpeikte at folk sa og publiserte ting som hadde akkurat same kvinnesyn - tanken om at menn fortjener sex om dei har rett type status, eller oppførsel, eller bankkonto - og at det å prate dette bort som «the work of a madman» viste nettopp mange menns blindhet når det kjem til å merke alle dei små, slitsomme greiene som damer lever med heile tida.  

Responsen frå grinemennene var som følger: «Ja, men ikkje alle menn er sånn!» Dette er ikkje ei generalisering: #notallmen vart ein hashtag som trenda på twitter. (Om du ikkje forstår den siste setninga, så betyr den «det vart mykje om det på internettet»). 

Dei er altså meir opptekne av å sleppe den ekle kjensla av å kanskje bli anklaga for noko, enn av å analysere kva som gjer at så avsindig mange damer har opplevd overgrep. Jamen det er ikkje meg! Ikkje meg!  

Den kjensla heiter skam. Og det er ingenting flaut over å kjenne på den innimellom. Det kan til og med vere sunt.  

Men sosialfeminismen er sterk i Noreg, så sterk at den kan hindre nøktern forskning. Litt bevissthet rundt roller er bra, men idéen om at «alle menn» kan bli overgriparar er farleg - fordi den er feil, og fører til at ressursane vert sett inn på feil stad. Når politisk ideologi styrer forskninga, sluttar forskninga å fungere.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook