KVINNERETTIGHETER: Raftoprisvinner Yanar Mohammed snakker til FNs Sikkerhetsråd i 2015. Foto: Xinhua/Sipa USA)
KVINNERETTIGHETER: Raftoprisvinner Yanar Mohammed snakker til FNs Sikkerhetsråd i 2015. Foto: Xinhua/Sipa USA)Vis mer

Debatt: Raftoprisen og kvinner i krig

Norge må sikre kvinnerettar – også når me er i krig

Noreg må ikkje gje militær trening til grupper som står bak systematiske overgrep mot kvinner.

Meninger
Arne Strand Vis mer

Både styresmakter og militære grupper utøver systematisk vold mot kvinner i Irak og Syria, krigar me er del av. Korleis me kan hindre seksualisert vald og samstundes fremme grunnleggjande menneskerettar må inn i diskusjonane om det norske militære engasjementet. Vert målet avgrensa til å nedkjempe IS vil kvinnene stå att som taparane.

Martin Paulsen Vis mer

Årets Raftopris til den irakiske menneskerettsaktivisten Yanar Mohammed fokuserer på overgrep mot kvinner i konflikt. Prisen tek utgangspunkt i forholda i Irak, men problemet er internasjonalt og slike overgrep vert ofte utøvd av alle partar i ein konflikt.

Ei rekke FN-resolusjonar gjer det internasjonale samfunnet og Noreg eit ansvar og eit høve for å gripe inn. Det må nyttast medan konfliktane går føre seg, ein må hindre at grupper som utøver vald eller ikkje respekterer kvinners rettar styrkar seg gjennom norsk militær assistanse og trening.

Det er for seint å be dei verte mindre kvinneundertrykkjande når dei har kome til makta.

Noreg har sidan 2015 drive med kapasitetsbygging av irakiske regjeringsstyrker og dei kurdiske peshmerga-styrkane i Nord-Irak. Nyleg vart det vedteke at me skal drive liknande trening av lokale militsgrupper i Syria.

I ei pressemelding frå mars 2015 oppgjer Forsvarsministeren at målet er å stanse IS sin framvekst og stabilisere områda som vert frigjort frå IS sin kontroll.

I sin offentlege omtale av desse operasjonane ser regjeringa særleg to hovudutfordringar: dei folkerettslege utfordringane ved å sende militært personell inn på framand territorium og spørsmålet om dei norske styrkane sin tryggleik.

Me meiner at denne framstillinga inneber ei grov underkommunisering av det menneskerettslege minefeltet som dagens konfliktar i Irak og Syria representerer. Ikkje minst gjeld dette seksualisert vald og systematisk undertrykking av kvinners rettar.

Situasjonen for kvinner i Irak er alarmerande. I rapporten «No Place to Turn» som Minority Rights Group International publiserte i februar 2015, kjem det fram at alle partar i den valdelege konflikten i landet bidreg til dette, ikkje berre IS. Særleg vanleg er bruken av valdtekt som straff, trussel eller torturmetode – også blant irakiske regjeringsstyrker og politi.

Eit mangelfullt lovverk gjer at svært få vert straffa for slike overgrep. Situasjonen i Syria er endå meir uoversiktleg enn i Irak, overgrepa mot kvinner like ille og kvardagsvolden kan vere like drepande som krigshandlingane.

Det manglar verken kunnskap, FN-resolusjonar eller norske handlingsplanar å trekkje på om ein vil forbetre forholda for irakiske og syriske kvinner. FN-resolusjon 1888 slår fast at tiltak mot seksuell vald i konfliktområder vil være eit viktig bidrag til fred og sikkerheit internasjonalt.

Noreg sin handlingsplan for kvinner, fred og sikkerheit for perioden 2015 til 2018 seier den at «internasjonale operasjoner skal ta hensyn til kvinners og menns sikkerhet, rettigheter og behov i alle deler av operasjonen.»

Det er Forsvarsdepartementet sitt ansvar å sikre at «instrukser for norske styrkebidrag inkluderer eit kjønnsperspektiv, herunder om seksualisert vold.»

I ein kronikk av forsvars- og utanriksministrane frå mars i fjor vert den norske deltakinga i kapasitetsutbygginga argumentert utifrå regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ikkje nokon stad vert det vist til FN-resolusjon 1888 eller 1325 om kvinner, fred og sikkerhet, ei heller til norske handlingsplanar.

Her skuslar Noreg vekk ein unik sjanse. Det må verte tydelegare kva me ønskje å kjempe for, ikkje berre kva me kjempar mot. Fokus må rettast på kvinners og menns noverande og framtidige rettar, ikkje snevert mot å nedkjempe IS.

Stabilisering av områda etter at IS er nedkjempa, som er eit av måla for Noreg, høyrest enkelt ut. Det er feil, og det går langt utover dei reint militære virkemidla som no vert tekne i bruk. Det er mens konflikten går føre seg at staten sitt juridiske og ideologiske grunnlag vert lagt.

Dersom kvinners perspektiv blir inkludert allereie her kan det verte enklare for dei å få delta i fredsforhandlingar, fredsbygging og gjenreising etter krig.

Heilt konkret, Noreg må ikkje gje militær trening til grupper som står bak systematiske overgrep mot kvinner. For å sikre at dette ikkje skjer må Noreg konsultere og lytte til sivilsamfunns- og kvinneorganisasjonar i Irak og Syria. Og, Noreg må konsekvent oppretthalde kravet til både militante grupper og styremakter om å avstå frå bruk av seksualisert vald og samstundes sikre kvinner og jenter deira grunnleggjande rettar.

Me oppmodar regjeringa til å vere tydeligare på dei menneskerettslege utfordringane som vår militære innsats i Irak og Syria inneber, og særleg dei utfordringane som gjeld kvinners rettar. Slik det er no er me ikkje overtydde om at desse operasjonane i tilstrekkeleg grad tek omsyn til dei nemnde FN-resolusjonane eller regjeringas eigne handlingsplanar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook