Norske nordmenn og Språkrådet

Språkrådet er ikkje berre i utakt med si eiga tid, men ironisk nok også med ordbøkene.

HVEM ER NORDMANN: Svein Nestor og Sylfest Lomheim i Språkrådet har siste veka skapt debatt om tydinga av ordet «nordmann», etter at Nestor skreiv til Ny Tid mellom anna at «en pakistaner som bosetter seg i Norge (blir) ikke nordmann, heller ikke om han blir norsk statsborger. Han er uansett pakistaner (...). Nordmannen tilhører sin gruppe, og pakistaneren sin gruppe». I sitt forsvar for brevet frå Nestor, seier Lomheim til Aftenposten at «OMODs oppfatning av hva ord skal bety har ikke spesiell tyngde. Ingen bør forsøke å påby at andre skal bruke bestemte ord. Vår oppgave er å forklare hva som er ordenes gjengse verdi, uten å skjele til hva som er politisk korrekt».Språkrådet har heilt rett i at ordtydingar vanlegvis ikkje er noko som blir vedteke politisk. Det er ordbruken ute i samfunnet som ligg til grunn for ordtydingane me finn i ordbøker. I vedtektene til Språkrådet står det såleis at «Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet», og råd om språkbruk skal baserast på slike analysar.

SPRÅKRÅDET MEINER visst at særinteresser no er ute etter å vri på ordtydingar i strid med vanleg språkbruk. Det ville sjølvsagt ha vore udemokratisk og lite språkvitskapleg, vel å merka dersom desse krinsane vedtok tydingar på vegner av andre språkbrukarar. Men det spørst om ikkje hovudproblemet er eit heilt anna i denne saka, nemleg at Språkrådet beint fram har gløymt å undersøkja den faktiske språkbruken i dag. Mykje tyder på at det er vorte vanleg å seia «nordmann» om alle som har norsk statsborgarskap. Det verkar heller ikkje uvanleg å seia at alle som bur i landet og definerer seg som norske, er nordmenn. Det sentrale språkleg sett er om folk flest godtek desse definisjonane, ikkje om ein sakshandsamar i Språkrådet gjer det.Både Språkrådet, ordboksredaktørar og interessegrupper må truleg læra seg å leva med meir fleirtydigheit enn dei har gjort til no. Til dømes tyder adjektivet «norsk» no for mange mest alt som er knytt til Noreg og nordmenn i den vide tydinga. Denne tydingsutvidinga er eit faktum som ein kan lika eller mislika. Samstundes vil «norsk» i mange samanhengar tyda noko snevrare, i retning av «rotnorsk», til irritasjon for andre.

I NYNORSKORDBOKA er nordmann definert som «person frå Noreg». Det står med andre ord ingenting om korkje hudfarge, religiøs eller kulturell bakgrunn, men om geografisk tilhøyrsle. Ein person med pakistanskfødde foreldre som er oppvaksen i Noreg, er etter denne definisjonen nordmann. Ordboksdefinisjonen er altså langt vidare enn den Svein Nestor kjem med til Ny Tid, og som Lomheim forsvarer. Språkrådet er altså ikkje berre i utakt med si eiga tid, men ironisk nok også med ordbøkene. Språkrådet skal ikkje berre observera og analysera faktisk språkbruk. Dei skal også gje råd, og fylgja opp språkpolitiske mål. Kva ord me vel å bruka, seier mykje om kva haldningar me har, og her i Noreg er det Språkrådet som har drive språkrøkt og språkplanlegging også på dette feltet. Delar av det arbeidet Språkrådet har gjort, er nettopp å ta føre seg ord og uttrykk som på ulikt vis har verka diskriminerande for ulike grupper, og kome med framlegg om avløysarord. Det gjeld t.d. kvinnediskriminerande ord og uttrykk. I dette lyset er Språkrådets utsegner om ordet nordmann mildt sagt underlege.

SJÅ TIL DØMES kva Språkrådet skriv under overskrifta Er ordet «neger» diskriminerande : «\'Neger\' har vore normalordet på norsk for folk med svart eller mørkebrun hudfarge, og for mange er det framleis nøytralt. Men i det siste har det gått fram av pressa at mange nordmenn med afrikansk bakgrunn ikkje liker å bli kalla \'neger\', mens andre meiner at det er greitt, så det er delte meiningar om dette blant dei det gjeld. Likevel er det grunn til å vera varsam. Språkrådet må rå folk til å tenkja seg om før dei nyttar slike sensitive ord. Det er dårleg folkeskikk å kalla folk med eit ord dei ikkje liker, same kva \'vi andre\' måtte meina om innhaldet i ordet». Dette er godt og nyansert sagt, og legg merke til korleis ordet nordmann er brukt her! Språkrådet kunne ha spart seg for mykje bry ved å røkja etter kva dei alt meiner.Når innvandrings-, integrerings- og inkluderingsdebatten no har gått føre seg i det offentlege rommet så lenge som han har, er det klart at ordet «nordmann» er politisk ladd, og ikkje nøytralt. Språk reflekterer samfunnet, men ei endring i språket kan også påverka samfunnet. Betyr det noko om det heiter formann eller leiar, krøpling eller funksjonshemma, andregenerasjons innvandrar eller førstegenerasjons nordmann? Ja, sjølvsagt gjer det det.

SPRÅKRÅDET har spela ei viktig rolle i utviklinga av norsk språk. Gjennom vedtaka sine gjev dei råd om korleis språket bør brukast, og er med på å påverka innhaldet i orda. Men, som Språkrådetsjølv seier, er dei berre eit rådgjevande og ikkje eit rettskraftig organ. Også andre aktørar påverkar språket, og slike aktørar er både Noregs Mållag og Ny Tid, og til sjuande og sist er det den faktiske språkbruken, det som festar seg i bruk blant folk flest, som tel. I saka om ordet «nordmann», meiner eg altså at Språkrådet er på kollisjonskurs med måten ordet allereie blir brukt på. For eiga rekning vil eg leggja til at det er ynskeleg å få til ein inkluderande og ikkje-diskriminerande språkbruk på dette området, og det er ikkje noko «nøytralt» eller «observerande» ved å tilrå. Eg vil vona og tru at Språkrådet kjem til seg sjølv att og får heile det språklege terrenget med på kartet neste gong dei blir bedne om å vera kartlesarar. Når det gjeld identitetslsadde ord, endrar terrenget seg fort.