551 DREPT: 4. juni viste Søndagsrevyen en oversikt over de 551 som siden januar 2015 er blitt drept av islamistisk terror i Europa.  Foto: NRK
551 DREPT: 4. juni viste Søndagsrevyen en oversikt over de 551 som siden januar 2015 er blitt drept av islamistisk terror i Europa.  Foto: NRKVis mer

Debatt: Medier

NRK bør vakte seg for å spreie terrorfrykt i beste sendetid

Dagsrevyens sundagssending var prega av einsidig dekning av terroråtaka dei siste åra. Det bidreg berre til frykt, og det er det siste me treng no.

Meninger

Det var i samband med terroråtaket i London at Dagsrevyen sundag 4. juni fortalte oss at sidan januar 2015 har 551 menneske blitt drepne av islamistisk terror i Europa. Byar som Paris, Brüssel, Istanbul, Stockholm og London vart merka av på kartet med tal på drepne på sida av.

Mai Lene Fløysvik Hæåk Vis mer

Det vart snakka om sjølvmordsbombing, skyting og å køyre lastebilar gjennom folkemengdar. Til saman vart det ei kort, men forholdsvis detaljert framvising av skadane islamistiske terroristar har påført Europa dei siste åra.

Sjølv om islamistisk terrorisme er vondskapsfullt og destruktivt, burde Dagsrevyen halde seg for gode for å sende ein «terrorkavalkade» i ei nyheitssending som allereie hadde ei mørk sky hengande over seg. Det einaste sjåarane sat igjen med var eit alt for høgt tal på terroroffer, eit tal som vart hengande i lause lufta. Det var ingen fagpersonar som vart intervjua, ingen som kommenterte det, og det var ingen som fekk sleppe til med nokre beroligande ord. Utan nokon til å prøve å nøytralisere og forklare vart vinklinga einsidig og unyansert.

Eit tidsperspektiv på to og eit halvt år seier langt ifrå alt. Hadde Dagsrevyen gått endå lengre tilbake i tid kunne dei sagt at nærare 450 menneske vart drepne i terroråtak i 1988. Dette er tal for berre eitt år i Vest-Europa. Talet til Dagsrevyen inkluderer heile Europa i to og eit halvt år.

NRK kunne òg ha utvida geografiperspektivet i staden for å fokusere einsidig på Europa. Grunnen til dette er at dei fleste terroråtak skjer heilt andre stader enn i Europa. I 2015 kunne 72 prosent av alle dødsfall relatert til terror knytast til fem land: Nigeria, Afghanistan, Pakistan, Irak og Syria.

Sanninga er at faren for å bli utsett for eit terroråtak er forsvinnande liten. Det er andre dødsårsaker som fører til langt større tall på døde. Til dømes døydde 26.300 i trafikken i Europa berre i 2015.

Dagsrevyen burde tenkje over kva signal dei sender ut når dei vel å kome med ein oversikt over terroråtak på ein slik måte som dei gjorde sundag 4. juni. I ein slik kontekst ein slik dag bidreg det berre til frykt. Det er det siste me treng no.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook