FACEBOOK: La elevane nytte sosiale media til å skrive, på nynorsk, meiner innleggsforfatteren. Illustrasjonsfoto: Sveinung Uddu Ystad
FACEBOOK: La elevane nytte sosiale media til å skrive, på nynorsk, meiner innleggsforfatteren. Illustrasjonsfoto: Sveinung Uddu YstadVis mer

Nynorsk i digitalismens tid

Elevane skreiv meldingar, chatta og skreiv på veggen til kvarandre; på nynorsk.

|||SPRÅK I SKULEN: «Nynorsk er gøy, da!» kom det frå ei av elevane. Elevane skreiv meldingar, chatta og skreiv på veggen til kvarandre; på nynorsk. I staden for å stengje dei sosiale media ute frå undervisninga, er dei opne på skulen vår. Det er ei utfordring å gjere nynorskundervisninga interessant for sidemålselevar som ikkje ser nytten i faget. Eg blir provosert over å høre dei to jamstelte skriftspråka omtala som norsk og nynorsk. Sjølv er eg oppvaksen med bokmål som sidemål og nynorsk som hovudmål, for meg vil alltid nynorsk vere hovudmålet. Kva om eg hadde byrja å snakke om norsk og bokmål?

ELEVANE er på Facebook og har eigne mobilar, slik kommuniserer dei. Elevane er ekspertar på kortprosa frå sosiale medium, dei kan å få med det viktigaste på nokre få teikn. Det er ein ferdigheit elevane må bli medvetne om å ivareta i skrivinga av dei lengre tekstane i skulen, som når dei skal skrive stutte referat av bøker eller noveller, og til kortsvaroppgåva som har kome inn som ei av oppgåvene elevane kan få til avgangseksamen i norsk hovudmål eller sidemål på vidaregåande etter Kunnskapsløftet 06.

La oss gripe tak i elevane der dei er for å nå dette målet. Det kan vere måten å få opp augo for nynorsken på, mange nyttar dialekten sin når dei skriv i dei sosiale media, og da er ikkje vegen lang tilå sjå nytten av nynorsk; dialekt og nynorsk heng tett i hop. Å stengje Facebook ute frå undervisninga i skulen er difor meir bakstrevarsk enn det negative synet mange har på nynorsk.

KOMPETANSEMÅLA i læreplanen framhevar «å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk», difor er Facebook og SMS like godt eigna i undervisninga som blogg, Google Dokuments og Etherpad.

Det er mye å ta omsyn til i den digitale skulen. Vurderingar av faglege prestasjonar må formidlast i ein lukka arena, utan innsyn frå andre. Attendemeldingar i dei digitale samarbeidsverktya må vere positive og byggje på det elevane kan etter Opplæringslova: «Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, (...) Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.»

MÅLET MÅ vere å auke og ivareta skrivegleda til elevane. Skulen måvåge å gå inn der ungdommen er, ikkje stengje dei sosiale media ute frå skulekvardagen, men halde dei opne for å motivere elevane til å skrive nynorsk, i digitalismens tid.