Nytt kulturråd for næring?

ETTER AT STORTINGSMELDINGEN om «Kultur og næring» var lagt fram 18. mars, kom det fram at partia på Stortinget var positive til å skipe eit nytt og ekstra kulturråd for å styrkje næringssida i kulturfeltet. Initiativet kom frå Høgre, men også Ola T. Lånke (KrF) meinte Innovasjon Noreg og Norsk kulturråd ikkje dekkjer feltet godt nok.

Eit slikt «næringskulturråd» kan få vanskar med å avgrense ansvarsområdet sitt. Til hjelp for dette er det grunnleggjande å skilje mellom kulturnæringar og kulturbaserte næringar, men det er også viktig å ha klart føre seg kva ein legg i omgrepet «kultur». Sosiologar og sosialantropologar definerer kultur beskrivande - det vil seie folk eller gruppers levemåte og tradisjonar - kodar - slik dei er vidareført i nedervde tradisjonar. Den andre definisjonen er verdiorientert og dekkjer dei kulturelle ytringsformene.

UTVIKLINGA I KOMMUNANE på 90-talet med å avvikle eigne kulturutval/etatar har vore til sut for mange. Særleg har mange tykt det var ille å koma inn under næringsetaten. I tradisjon etter Theodor Adorno var det då ei degenerering av kulturen å blande saman kultur og kommersialisme. Her har det skjedd ei endring, og professor Per Mangset ved Høgskolen i Telemark (HiT) har påvist at kunststudentar no i langt mindre grad er redde for å tenkje økonomi. Røynsle frå mange kommunar syner også at kulturfeltet kan bli styrkt når det ligg under næring. Det kan vel ha samanheng med at det ofte er lett å få løyvingar innanfor instrumentell kulturpolitikk. At kulturen gjer nytte på andre område enn sitt eige, er gangbart både i festtalar og budsjett.

Meldinga tek også opp fenomenet entrepenørskap som kjelde til nye arbeidsplassar. Det blir peika på at det er ein prosess der ein finn økonomiske handlingsrom. Interessa for å starte for seg sjølv er også tydeleg blant kulturstudentane ved HiT. På 70-talet tok dei fleste sikte på å bli offentlege byråkratar, medan det no er mest interesse for å drifte innovative prosjekt og/eller bli kulturentrepenør. Yrkeslivet har også endra seg i retning av mangsysleri. Ein vil gjerne kunne ta eigne initiativ, dyrke eigne kvalitetsnormer og vera fleksibel. Dette blir kalla brasilianisering sidan det i Brasil er fleire sjølvstendige næringsdrivande enn lønstakarar.

GJENFORTRYLLING AV eit avfortrylla samfunn er sett fram som ei viktig oppgåve i kulturfeltet. Heilt frå opplysningstida på 1700-talet har det europeiske samfunnet freista å rydde ut overtru og mykje av det irrasjonelle. Ein uheldig sideverknad av dette er også at fiksjonen - som er viktig i alle kulturuttrykk - har mista noko av statusen sin. Tradisjonelle kulturnæringar har difor til oppgåve å gjenfortrylle gjennom re-estetisering, det vil seie å bruke høgkvalitets kulturuttrykk i mange samanhengar.

Men for å nå store grupper, kan ein satse på heritifisering. På grunn av auka reiseaktivitet blir kulturarven lagt til rette for turisme og blir ei viktig salsvare. At dette også kan utarte til billig disneyfisering, må ein leve med - gjenfortrylling gjennom kommersielle produkt kan også føre til ei interesse for det som ligg bakom fortryllinga - om det så skulle vera Jungs arketyper. Kvalitet i reiselivets kulturformidling er likevel eit viktig grunnlag for kulturutveksling på tvers av landegrenser; det tek også stortingsmeldinga opp.

REISELIV ER den største av dei kulturbaserte næringane. Dersom vi tek med festivalar og kunstmuseum, blir det også ei kopling til dei eigenlege kulturnæringane. Men når vi ser på kultur i reiselivet, er det kultur etter den beskrivande definisjonen som er viktigast økonomisk. Det kan vera å vitje ein autentisk stad der noko historisk har hendt - gjesten vil då gjerne vera oppdagar. Mest vanleg er likevel tilrettelagt kulturminne, som t.d. litterære stader - Shakespeares Stratford-on-Avon er størst av desse. Men i bykulturell samanheng blir stikkordet dokumentert levemåte. Då er lause kulturminne frå fleire kulturar samla utanfor historisk stad. Etnologiske museum er slik sett viktige sekundærreisemål i byar, og mange har gratis inngang.

Reiselivets dilemma er at det som har størst verd for gjesten, er ho ikkje van med å betale for. Kulturattraksjonar er viktige reisemål, men kan likevel ikkje prissetjast høgt. Hotellrom og opphald er sjeldan sjølve reisemålet, men ein er van med at det har ein høg pris og er viljug til å betale denne.

Ein måte å få økonomi ut av kulturopplevingar, er å selje dei som pakker med reise og opphald. Då kan det til og med hende at det kan vera god økonomi i det som kjem inn under den verdiorienterte kulturdefinisjonen. Det er eit under at operaen i Sydney kan fylle sine 1547 sete - for det meste med turistar - nære på kvar kveld med ein billettpris på 1200 kr! Den australske staten kan så klare seg med å dekkje 31% av kostnadene. Vidare ser vi at kunstmuseum i mange europeiske kulturbyar kan vera god butikk. I Firenze måtte eg gje opp å få sjå i Medici-familiens kunstsamling i Ufficio på grunn av for lang kø!

IBSEN, MUNCH OG GRIEG burde vore like gode pengemaskinar. For Ibsen sin del skortar det på samarbeid, pakking og marknadsføring. Går du til eit reisebyrå i London og spør etter ein organisert Ibsen-tur, kan dei ikkje hjelpe deg. Eit nytt næringskulturråd bør kunne organisere eit samarbeid mellom Ibsen-museet i Oslo (Arbiens gate), Skien og Grimstad for å få til ei Ibsen-pakke for verdsmarknaden - gjerne med ein avstikkar til Seljord kyrkje sidan ho ligg til grunn for Byggmester Solness.

Det kulturbaserte reiselivet kan elles nå nye marknader ved å sjå på kultur som lagbygging for næringslivet. Det er ikkje lenger trendy å utvikle leiarar ved å sende dei opp i tretoppar og ned fjellsider. Tendensen går i retning av å bli ein del av ei forteljing, slik som danske Rolf Jensen skriv i boka «The Dream Society». For det går mot slutten av industrisamfunnet og informasjonsamfunnet; no er det det gjenfortrylla drøymesamfunnet som kan gje verdfulle impulsar. På gjestegardar og historiske hotell kan ein vera med og henrykke englane når ein får forteljinga om maten og elles vera aktiv i kulturbaserte læringsprosessar som t.d. plantefarging, mure tørrmur, lage kniv og lære å danse gangar.

REISELIVSUTDANNINGA ved høgskulane bør no utvikle seg i retning av meir kulturformidlig og entrepenørskap. Men også økonomiutdanningane bør stimulere studentane til å ta valfag der ein ser kva for plass kultur kan ha for å utvikle næringslivet. Høgskolen i Telemark - Bø er no på veg mot ein slik profil.

Kulturfeltet er rikt, men det er ikkje alle former som skal vera aktuelle i eit næringsperspektiv. Kunsten skal fyrst og fremst vera fri, og ikkje alltid vera til nytte for noko. Slike avgrensingar må eit næringskulturråd ha tydeleg framfor seg. Vi skal ikkje krevje at alle kunstnarar skal gå inn i ein næringstankegang. Dei må gjerne tilpasse seg brukarane og reiselivet, men det går ei grense. Dei må ikkje bli så tilpassingsdyktige som studenten som sette inn følgjande annonse i avisa: «Student søkjer hybel - kristen viss nødvendig!»