STRIDENS KJERNE: Alfahannen i Linnekleppflokken etter at den har fått på seg halsbånd. Foto: Jacques Hvistendahl / Dagbladet
STRIDENS KJERNE: Alfahannen i Linnekleppflokken etter at den har fått på seg halsbånd. Foto: Jacques Hvistendahl / DagbladetVis mer

Debatt: Ulvesaken

Om å kaste stein i glashus!

Sveinung Rotevatn sjølv er utan tvil ein ekte populist, i ordets rette forstand. 

Meninger

I Dagbladet 12. januar er stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn uhøveleg krass i sin omtale av kolleger på Stortinget om ulvesaka. Han påberopar seg å ha den rette fortolkinga av både naturmangfoldlova og Bern-konvensjonen. Slik Rotevatn konkluderar, så kan ein tru at naturmangfoldlova dreiar seg berre om ulv. Det er ein totalt forvrengt sannheit.

Rotevatn karakteriserar stortingsfleirtalet bak ulveforliket frå juni 2016, og det store engasjementet for levande bygder, som «populisme av den farlege sorten». Det er svært speisielt at nettopp Rotevatn vågar å bruke eit slikt uttrykk om andre.

Han har i fleire år vore på lag med «dyrevernarar» i pelsdyrsaka, og på den måten støtta oppunder hets og trakassering mot pelsdyrbønder.

Stortingsmeldinga om pelsdyrnæringa si framtid vart handsama tysdag 10. januar. Meldinga og det solide vedtaket om berekraftig utvikling byggjer på rapport frå Vitskapskomiteen, kunnskap frå eit stort antal veterinærar sine erfaringar frå praksis og tilsyn med pelsdyrgardar og frå landets etologi-ekspertise, der den høgste kunnskapen om dyrs åtferd og dyrevelferd finst i Noreg.

Under Stortingets handsaming heldt Rotevatn fram med å fornekte den faglege kunnskapen. Hans argumentasjon vart då også fullstendig avkledd i debatten, deriblant av Torhild Aarbergsbotten, som heldt eit sterkt fagleg innlegg, forankra av at ho sjølv har 20 års røynsle som praktiserande veterinær på produksjonsdyr. Rotevatn sjølv er utan tvil ein ekte populist, i ordets rette forstand. Ordtaket «å kaste stein i glashus» høver veldig godt å bruke om Rotevatn, når han sjølv på uverdig vis vågar å bruke ordet populisme om dei som engasjerar seg for å behalde levande bygdesamfunn rundt om i distrikta.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook