Poet som kaster skygge

Irene Larsen (40) fra Nord-Troms er årets aprilpoet med «Flyktig kjempe».

Hun har blitt månedens poet to ganger før, første gang i november 2002, andre gang i februar i fjor.

Les diktet:

Flyktig kjempe

Det er under lyset

skuggen viser seg

skrittar langs sida di

pratar med

dvergmål

om laust og fast

tek eit forsprang

på neste steg

faldar seg ut

ein vanskapt figur

hastar i veg

som var han

forfylgd

Irene forteller at månedens dikt, ble lagt inn som svar på en oppgave fra Helge Torvund, med skygge som tema:

- Jeg skriver mye haiku og kortdikt og benytter et veldig fortettet språk når jeg skriver. Som i haiku forsøker jeg også i dette diktet å fange et øyeblikk, beskrive det umiddelbare, for så å fortelle noe ut fra det.

Irene er med i diktgruppa på Jernbanecafeen i Tromsø. Flere burde kanskje skape tilsvarende møterom?

Helge Torvunds kommentar:

Diktaren har klart å fanga skuggen sine rørsler her. Dette er eit sentralt tema for mange poetar. Den store amerikanske forfattaren Robert Bly har faktisk publisert ei heil bok kalla: «A little book on the human shadow». Og juryen opplever ikkje bare at månadens poet maktar å visualisera noko karakteristisk ved skuggen av mennesket, men at han eller ho også utnyttar språket på ein fascinerande måte til å få fram ein tvitydig relasjon, ein dialog og ein kamp der mennesket og skuggen skifter posisjonar. Dette er i tillegg gjort på ein måte som heile tida held seg til noko gjenkjenneleg ved sjølve det synlege skuggebilete. I den eine augeblinken er skuggen som eit ekko, i den andre er det som om menneske hastar etter sin eigen skugge.

Det Bly og mange psykologar er opptekne av, er jo korleis det å vedkjenna seg sin eigen skugge, med andre ord, dei fortrengde mørkare, skammelege, meir impulsive og uregjerlege kreftene i oss, er eit viktig steg i utviklinga av kreativitet og heilskap. Slik sett peikar diktet også på noko som kan vera sentralt for Diktkammeret.

I juryen denne gangen satt Helge Torvund, Kristian Rishøi og Niels Schia.

Skriv egne dikt!

MÅNEDENS POET: Irene Larsen (40) fra Nord-Troms.