Remse ble septemberdikt

Kammerjuryen falt for Per Helges elegante og bilderike «remse».

September var enda en måned som bød på mange gode dikt. Juryen satt igjen med en solid, femdiktssterk finalistgruppe, men valgte å framheve Per Helges «remse» spesielt. Les diktet:

remse

en for meg

to for deg som kom

tre for tiden du ble her

fire for hvert lem i støvet

fem for det ekstra hjulet på vogna

seks for ukene jeg lengtet meg i søvn

sju for støvlene jeg dro på meg da jeg dro bort

åtte for dvergene og prinsen som gjorde håret mitt hvitt

ni for halene på katten som skar furene inn i ansiktet på meg

ti for det jeg trengte for å klare å telle ned igjen til jeg fant meg

Juryens kommentar:

Forfattaren tek her i bruk ei remseform som rører ved noko grunnleggjande rytmisk i oss. Og han utnytter denne barnlege forma til å samle opp erfaringar frå mange område og plan. Han startar og sluttar ved seg sjølv, men frå ein til ti er han innom den andre som kom og var hjå han, innom det vonde, forfall og avvising, lengten og brotet. Ved sju dreg han på seg støvlane, og dreg samstundes inn i eventyret, men her gjer dvergane og prinsen han brått gammal, og også eit gammalt torturreiskap dukkar opp for å skildre kva som set merker i eit menneske, før han teller seg ned til utgangspunktet.

Samstundes som diktet er overraskande og har uventa sprang, held den strame forma og komposisjonen, samt dei mange peikarane til felles språklege referansar, det samla til ei skikkeleg livsregle.

For juryen,

Helge Torvund