Septemberdikt med savn

Juryen valgte seg johnp.s dikt «eg saknar deg beibi, no slår eg av ljoset» fra september.

Månedens poet for september har skrevet dikt på Dagbladet.no under navnet johnp. siden oppstarten av Haikuskolen i mars 2000, der han også ble månedens poet med haikudiktet «Naboane».

Han har ingen større ambisjoner med skrivinga, bare skriver øyeblikksdikt på Diktkammeret for moro skyld.

- Det er likevel veldig hyggelig å bli en av månedens poeter når man har vært med så lenge. Selv om ambisjonene ikke er der så legger man jo ned litt konsentrasjon og tankearbeid i diktene sine likevel, skriver han.

Den hemmelighetsfulle poeten er litt over halvveis i tjueåra, og vi håper vi fortsetter å høre fra ham. Gratulerer!

Les diktet:

eg saknar deg beibi, no slår eg av ljoset

Skrevet av johnp.

går eg gjennom stova

i svarte natta

ser eg enno morelden

dei slake bogane

dirrar i lufta

men eg skal selge huset

til eit par framande

som ikkje kjenner deg

som ikkje såg deg ro over fjorden

Juryens kommentar:

Den som sjølv har gått ein siste runde i eit husvære han eller ho snart skal flytte frå, og stått med fingeren på lysbrytaren, sett seg kring i eit rom, skrelt for inventar, men likevel fullt av minne, minne om mjuke kjærleiksopplevingar og sorgfulle kveldstimar. Den som sjølv har kasta eit blikk ut på eit landskap der ein har vore saman med nokon for nå å aldri meir. Den vil vel som fleire av oss i juryen kjenne at det søkk i oss ved lesinga av dette diktet som både har eit visuelt sug og ei kjensleladning som stig opp i oss sjølv, fordi diktet ikkje fortel så mykje, bare seier nett det som skal til for å setja ting i gang i lesaren. Alt som står her, frå tittelen om ljoset som skal sløkkjast, og til dei framande som skal flytta inn, er med på å byggja opp denne sterke kjensla av tap, av tid som går, som går rett i magen på oss.

For juryen,

Helge Torvund

I juryen satt denne gongen Niels Nagelhus Schia, Kristian Rishøi, Helge Torvund og Maria Børja.