FOR MYE VALFRIDOM?: «Vil det ikkje vere pedagogisk uheldig for elevar i småskulen å halde styr på to skriftspråkkonvensjonar?», skriv innsendaren, som svar til forslaget frå Noregs Mållag om å innføre obligatorisk skriftleg opplæring i sidemål i barneskulen.
FOR MYE VALFRIDOM?: «Vil det ikkje vere pedagogisk uheldig for elevar i småskulen å halde styr på to skriftspråkkonvensjonar?», skriv innsendaren, som svar til forslaget frå Noregs Mållag om å innføre obligatorisk skriftleg opplæring i sidemål i barneskulen.Vis mer

- Sidemål er pedagogisk uheldig

NYNORSK: Kan det forsvarast å tvinge bokmålselevane til å lære seg ord som til dømes «brotsverk», «freistnad» og «vørdnad» - før dei meistrar hovudmålet sitt?

||| NYNORSK: Skal elevar på barnesteget som har nynorsk som opplæringsmål, måtte lære seg bokmål før dei er blitt heilt fortrulege med nynorsken? Det kan bli resultatet dersom Noregs Mållag får viljen sin.

Mållaget har nemleg teke til orde for å innføre obligatorisk skriftleg opplæring i sidemål i barneskulen. Blir forslaget vedteke, må nynorskelevar som slit med verb som til dømes «symja» («eg sym, eg sumde, eg har sumt»), også setje seg inn i bokmålsbøyinga («jeg svømmer, jeg svømte, jeg har svømt»).

Når det attpåtil er den førre leiaren av Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, som gjer seg til talskvinne for dette forslaget (som styremedlem i Noregs Mållag), må det vere lov å spørje om det er godt nok gjennomtenkt, ikkje minst pedagogisk. I Aftenposten 22. juni skriv ho (saman med Jens Kihl): «Sidemålet bør inn i skulen alt på barneskulen, slik at ein treffer elevane medan språklæringsevna er høg og sidemålshatet er lågt».

Vil det ikkje vere pedagogisk uheldig for elevar i småskulen å halde styr på to skriftspråkkonvensjonar? Og kan det forsvarast å tvinge bokmålselevane til å lære seg ord som til dømes «brotsverk», «freistnad» og «vørdnad» - og verbformer som «hjelpte», «trefte» og «las» - før dei meistrar hovudmålet sitt? Skriftleg sidemålsopplæring vil nok også vere ei større utfordring for desse elevane enn for dei som har nynorsk som hovudmål. Det vedgår jamvel leiaren for Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, på laget si heimeside: «Elevar med nynorsk som hovudmål vert tvunge på så mykje bokmål, i aviser, bøker, blad, reklame og anna, at det vert høvesvis lett å meistre bokmål skriftleg».

Vi veit at fråfallet er ei av nynorsken sine største utfordringar. Etter mitt syn må ein rekne med at enda fleire nynorskelevar vil gå over til bokmål dersom dei får skriftleg opplæring i det alt på barnesteget. I så fall kan forslaget frå Noregs Mållag føre til auka tilbakegang for nynorsk. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at skriftleg sidemålsopplæring på barnesteget vil føre til meir nynorskmotstand blant foreldre til barn med bokmål som hovudmål sidan desse elevane slit meir med sidemålet enn nynorskelevane gjer.

Ved sida av fråfallet er «bokmålsinntrengjarane» og normbrota ei stor utfordring for nynorsken i dag. Dette heng sjølvsagt saman med den sterke rolla bokmål etter kvart har fått, også i nynorskland, men mange meiner også at den store valfridomen i formverket må ta noko av skulda. Valfridomen fører nemleg til at nynorskskrivande ser det same ordet skrive eller bøygd på nye måtar stadig vekk, slik at eit fast skriftbilde ikkje får feste seg.

«Vi er ikkje lenger sikre på ei einaste bøyingsform. Og vi rømer ut bakdøra», skreiv Møre-Nytt sin redaktør Skjalg Longva i Bergens Tidende 13. september 2005. Blir nynorskelevar eksponerte for enda meir bokmål i skulen, kan det godt tenkjast at resultatet blir større forvirring om kva som er rett nynorsk.

Det kan ikkje seiast å vere nokon føremon for nynorsken eller målrørsla.