Sløyt sommardikt

Øyvind Rangøy skreiv om fiskeslo og blei månadens poet.

(Dagbladet.no): - Høyrt på maken, dette var ei endå større overrasking! Det fall meg i alle fall ikkje inn då eg skreiv inn diktet at det skulle bli utvald til noko som helst, seier sommarpoeten Øyvind Rangøy (26).

Diktet hans heiter «Sløying» og handlar om, ja, fisk og slo og sløying. Kva ligg bak?

- Det byggjer på mine eigne røynsler frå fiskeindustriarbeid, særleg ved Henden Fiskeindustri heime på Averøya på Nordmøre, der eg har hatt sommararbeid frå tenåra av. Det har eg halde fram med kvar sommar fram til i dag, og dette enkle arbeidet er noko eg på sett og vis er glad i.

- Samstundes er det ikkje tvil om at slikt arbeid kan vere monotont. Diktet er på sett og vis skrive som ei kjærleikserklæring til dette arbeidet, der du slepp stresset som gjerne kjem i samband med slikt dei fleste ser som meir attraktive arbeidsplassar, og der tankane og kanskje øyro kan vere fri til andre ting medan hendene og kniven gjer det dei skal. Samstundes søkjer diktet å få fram den monotone rytma og den stadige «spente strengen» som held deg fast i den industrielle røyndomen ved sløyebordet og samlebandet. Dei same grepa går omatt og omatt, så denne faste rytmen står sentralt.

Ei kjærleikshistorie

- Vi har ikkje sett namnet ditt før, er du ganske ny?

- Det stemmer at eg er rimeleg ny på Diktkammeret. Eg driv mykje av tida med omsetjing mellom norsk og estisk. Det er eigentleg erfaringar med forsøk på gjendiktig av estisk lyrikk som har sett meg igang med å eksperimentere litt med eige uttrykk, både på norsk og estisk.

Øyvind fant kjærleika i ei estisk jente. Og flytta med ho til Baltikum.

- Kvifor Estland?

- Under eit bibelskuleår på Sørlandet vart eg godt kjend med ei estisk jente. Sjølv om ho kunne godt norsk alt då, har eg alltid vore språkinteressert, så heilt frå starten av lærte eg meg estiske ord. Då det året var over hadde venskapen vakse til noko meir og det estiske ordtilfanget mitt vakse nok til å føre enkle samtalar.

Vidare, fortel Øyvind:

- Etter eit endt år verneplikt for min del, var vi ikkje snauare enn at vi gifta oss, og eg dro til Tartu i Estland for å studere estisk ved universitetet der.

Ikkje smart, men rikt

Der bur han no. Medan han avsluttar studia, tar omsetjinga mellom norsk og estisk meir og meir over.

- No vil det norske folkeregisteret kalle meg utvandra, medan eg i Estland er sjølvstendig næringsdrivande. Det eg har gjort er ikkje nokon smart måte å sikre seg materielt på, og i det heile spør mange vener meg korleis eg får meg til, dels, å arbeide for estisk løn når eg kunne tent det mangedobbelte på langt mindre kvalifisert arbeid i Noreg. Men eg har det interessant, eg lever eit rikt liv. Kona mi, som altså er estisk, har og studert norsk, og saman står vi dermed sterkt når det gjeld omsetjingar begge vegar.

- Vonleg skal eg greie å halde liv i meg.

Glad i gamlelandet

Øyvind ber på ein draum om å kunne formidla noko god estisk litteratur til nordmenn. Til no har han gjendikta to estiske lyrikarar, Kristiina Ehin og Jürgen Rooste, til norsk. Han har og jobba ein del med ein roman av forfattaren Olev Remsu.

- Men det skal bli meir før eg går i grava, seier Øyvind, som brenn for å skape kontakt mellom Estland og Noreg.

- Like fullt er eg glad i gamlelandet mitt og, særleg i vesle Rangøya i Averøy kommune. Og i dialekten min. Der ligg og grunnen til at det har blitt nynorskmann av meg, sjølv med bokmål som einaste hovudmål gjennom skulegangen. Og der ligg og mykje av leitinga etter eit eige uttrykk.

Les diktet

Sløying

gatthol buken beint fin laks

gatthol beint fram til hovud

hand rundt innmat kniven inn

og sprette opp

radioen snakkar snilt god bok

radioen snilt fram til pausen

snakk om bjørnson samar bjørk

og sprette knopp

gatthol buken beint fin laks

gatthol beint fram til hovud

hand rundt innmat kniven inn

og sprette opp

Juryen: - Blues og indianarsong

Med gjentakande rytme i ei kroppsleg takt, som ein arbeidssong, ein shanty, eller som dei songane arbeidsleiaren song når Diktlæraren var med og trekte kabel i grøftene i Oslogatene i førre hundreåret, fører denne teksten oss inn i ein arbeidssituasjon på fleire plan. Ja, dette kan føra assosiasjonane langt av garde, til dei eldste bluessongane skapte under arbeid i steinbrota i fengsel og under plukkinga av bomull på markene. Og lenger attende; til dei eldgamle indianarsongar om ein vil. Denne kroppsrytmen gjer noko med lesaren, og helst bør dette lesast høgt, slik at du bruker pusten og røysta i lesinga og kjem inn i det med kroppen. Legg merke til kor fort barn byrjar røra seg i takt, om ein les rytmiske tekstar for dei.

Innhaldsmessig er me inne i ein fiskefabrikk der det monotone arbeidet med å snitta fisk med kniv blandar seg med det som kjem frå radioen. Mot kuttinga kjem nå adjektivet «snilt» inn i rytmen slik at kniven som var der ifrå før, står fram i ein skarp kontrast. Der det først heiter «hand rundt innmat kniven inn» heiter det i andre vers «snakk om bjørnson samar bjørk». Ein slags buljongterning av «det norske» vert ståande i motsetnad til den gørra og skiten som den norske kvardagen er for den som snittar sitt snitt frå «gatthol beint fram til hovud».

Poeten Dylan Thomas skriv i ein tekst om orda i poesien, at når han først fatta interesse for dikt, så var det lyden av orda som var viktigast:

«Og desse orda var for meg, som tonane i klokker, lydane frå musikkinstrument, støyen av vind, sjø og regn, skranglinga frå ei mjølkekjerre, klapringa av hovar på brusteinar...»

Lat gjerne månadens dikt minne oss om kor viktig det er at poetar auser av denne djupe kjelda når dikt skal skapast! Og om rytmen fører med seg ein knivskarp ironisk og kritisk kommentar til den «hyggelege» mediekulturen, sett frå ståstaden til eit menneske som har ein slitsam og grapsen arbeidsdag, så er det bare endå ein grunn til å lesa det høgt ein gong til.

For juryen,

Helge Torvund.

I juryen sit òg Kristian Rishøi (diktlærar i Skolekammeret), Niels Schia og Maria Børja.

PÅ FISKETUR I GAMLELANDET: - Eit bilete av meg på segltur frå i sommar heime i Noreg, skriv Øyvind Rangøy. Han bur i Estland, for kjærleikens og ikkje penganes skuld.