STYGG METODE: Tvangsbehandling er ein stygg og krenkjande straffemetode, og ingenting anna, skriv Arve Kirkevik, Eva Rognvik og Joar Tranøy. Foto: Stein J. Bjørge / NTB Scanpix 
STYGG METODE: Tvangsbehandling er ein stygg og krenkjande straffemetode, og ingenting anna, skriv Arve Kirkevik, Eva Rognvik og Joar Tranøy. Foto: Stein J. Bjørge / NTB Scanpix Vis mer

Tvang er krenkjande

Dei haldningane Synne Sørheim gjev uttrykk for, er det verste psykiatrien har å by på.

Meninger

I Dagbladet Magasinet 23. juli er rettspsykiatar Synne Sørheim intervjua. Det er trist og opprørande at ho ikkje vedgår ein einaste feil som sakkunnig i Breivik-saka. Det som såra henne mest, var at ho og Torgeir Husby ikkje hadde tenkt seg grundig nok om (!).

Psykiatrar er ofte opptekne av sjølvinnsikt. Det totale fråværet av dette er farleg i eit yrke der avgjerder får så store konsekvensar for einskildmenneske. Per Egil Hegge sa fylgjande om den rettspsykiatriske erklæringa frå Torgeir Husby og Synne Sørheim:

«Den første rapporten er hjelpeløst skrevet og evneløst resonnert

I Synne Sørheim sine augo derimot, er rapporten så perfekt at ho ikkje eingong toler at folk påpeikar at ho ikkje har tenkt seg godt nok om.

Ein person som er så kritikklaus til eige arbeid, har eit stort skadepotensiale i psykiatrien. Difor er det skræmande at ho arbeider på fengselspsykiatrisk poliklinikk og framleis tek rettspsykiatriske oppdrag. Så glad som ho er i å bruka psykosestempelet, er det opplagt at det vil føra til at mange får skadeleg nevroleptikabehandling etter fantasifulle tolkingar av «pasienten»/«observanden» sine utsegner.

Ho kan trøysta seg med at ho ikkje er åleine om det i psykiatrien. Der vert utsegner vridne slik på at det er vanskeleg å kjenna seg sjølv att når ein les journalen sin. Vridinga skjer alltid i retning psykose, for at det skal stemma med diagnosen som dei har bestemt seg for på førehand.

Dei haldningane som Synne Sørheim gjev uttrykk for i intervjuet, er det verste psykiatrien har å by på: Ho forgudar seg sjølv for å ha brukt tvang, heilt utan kritisk refleksjon. Tvangsbehandling er ein stygg og krenkjande straffemetode, og ingenting anna.

Mange som sit i fengsel vert psykisk nedbrotne av det. Dei som vert innesperra i psykiatrien, tek skade av å verta låste inne og isolerte, akkurat som når uskuldige vert dømde og fengsla.

Menneske med psykiske lidingar er ikkje ein eigen menneskerase som toler innelåsing og isolasjon betre enn andre.

Alle som hugsar det som hende i Breivik-saka må vera på vakt mot freistnader frå 22. juli-aktørane og venene deira på å skriva om historia etter kvart som minnet om saka vert bleikare. Professor Tor K. Larsen og tidlegare professor Alv A. Dahl hevda i Aftenposten juni 2013 at Breivik vart dømd på feil grunnlag, noko dei bygde på ei oppfatning av vrangførestellingar som Erasmus Montanus ikkje kunne gjort betre.

Synne Sørheim skildrar i intervjuet kritikken ho fekk for Breivik-rapporten som «[å] bli idiotforklart overfor en hel nasjon». Her glimrar sjølvinnsikta framleis med sitt fråvær. Kritikken for det rettspsykiatriske kvakksalveriet hadde substans, og kom både frå oppegåande lekfolk og fagfolk. La aldri kvakksalvarane og deira etterplaprarar få redusere 22. juli-terroren til ein sjukdom i hjernen til gjerningsmannen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook