UIMOTSAGT: Kristin Skogen Lund, direktør i NHO, fikk stå uimotsagt i 
Dagsrevyen. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet.
UIMOTSAGT: Kristin Skogen Lund, direktør i NHO, fikk stå uimotsagt i Dagsrevyen. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet.Vis mer

Debatt: Presseetikk

Unge går ikkje på trygd fordi dei vil

Det er absurd å setja ei nedre grense på 30 år for å få AAP eller uføretrygd.

Meninger

På NRK Sundagsrevyen 18. september var det ein reportasje om at over 29.000 personar under 30 år går på arbeidsavklåringspengar (AAP). NHO vil at desse skal missa denne ytinga. Som kritikklaus lakei for NHO sin kyniske agenda, har Sundagsrevyen med eit brukaralibi i innslaget som viser kor godt det er å koma i jobb framfor å motta AAP, men ingen kritikarar til NHO sitt framlegg vart intervjua.

Arve Kirkevik. Foto: Privat. Vis mer

75 prosent av alle psykiske lidingar debuterer før fylte 25 år. Difor er det absurd å setja ei nedre grense på 30 år for å få AAP eller uføretrygd, slik vondsinna NHO-folk og Frp-arar vil. Men dette gjer altså NRK seg til talerøyr for.

Og på Dagsrevyen si side for strøyming på nrk.no har dei titulert innslaget som «8. Utenforskap og AAP». Og nettopp ordet «utenforskap» nyttar også administrerande direktør i NHO, Kristin Skogen Lund, i same innslag. NRK har altså kjøpt denne sterkt politisk farga nemninga som høgresida nyttar for å sverta velferdsordningane våre.

Kristin Skogen Lund påstår òg kategorisk at «mange [av dei under 30 år på AAP ikke] i utgangspunktet [er] syke. Det er et mestringsproblem som gjør at de står utenfor … ».

Dette fekk ho seia uimotsagt på Sundagsrevyen, ingen kritiske spørsmål frå journalisten. Kvar har NHO-sjefen henta dette ifrå, og kva kompetanse har ho for å avdiagnostisera så mange menneske ho aldri har møtt? Dette er å bagatellisera dei lidingane folk slit med. NHO sitt krav om å få fleire unge utplasserte i arbeidslivet er fullt mogleg å få til gjennom samarbeid med NAV.

Men det er og bør vera ein føresetnad at ein framleis har AAP og uføretrygd å falla attende på om freistnadene på å fungera i arbeidslivet mislukkast. Slike tankar kunne NRK fått fram om dei òg hadde intervjua til dømes nokon frå fagrørsla. I staden serverte dei eit stykke svært dårleg journalistisk handverk, eller rettare sagt: bestillingsverk. NRK kalla AAP for «en av de mest økonomisk gunstige ytelsene i NAV».

Ein slik nedlatande omtale av ei viktig, og ikkje lukrativ ordning, er ein lissepasning til alle som foraktar folk på trygd. Så fylgde dei opp med dette: «Men nå vil NHO kutte ut ytelsen for alle under 30 år, og bruke pengene på ordningen for å utplassere ungdommer i bedrifter».

Stort meir slagside er det ikkje mogleg å få til i eit lite dagsrevyinnslag.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook