EKTE POET: Niels Fredrik Dahl var på 1970-tallet en av initiativtakerne til underground-magasinet Dikt og Datt. Han er en forfatter som mestrer både dikt og prosa på en utsøkt måte.
Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
EKTE POET: Niels Fredrik Dahl var på 1970-tallet en av initiativtakerne til underground-magasinet Dikt og Datt. Han er en forfatter som mestrer både dikt og prosa på en utsøkt måte. Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetVis mer

Urovekkande vakkert frå Niels Fredrik Dahl

Gripande kjærleiksdikt etter lang poesipause.

Les intervju med Niels Fredrik Dahl her.
ANMELDELSE: Eg har teke opp denne boka like etter at eg vakna om morgonen. Missa ho ut or hendene når eg sovna om kveldane.

Det er ei bok ein gjerne kunne ha skubba over eit nattcafébord til ein ukjent, bare for å sjå korleis han reagerte. «Lyden av regnet, natteregnet, mot taket, svale blaff slår inn».
Fire samlingar
Niels Fredrik Dahl er poet. Tidlegare samlingar er «I fjor var litt av en natt», 1988, «Branngater» 1992, og «Min tredje muskel» 1999. Kan hende har han gitt ut noko prosa og skodespel, han kan ha fått ein Bragepris og vunne nokre internasjonale prisar, la oss ikkje hefte oss ved slikt. Han er poet og nå har han kome ut med nye, sterke dikt.

Dikta står i ei vakker bok der omslaget er det magiske fotoet som Paul Caponigro, den analoge, tok i County Wicklow i Irland, 1967, i eit lykketreff av ein augneblink. Det kan her slåast ut til ein 60 cm lang reproduksjon av dei springande kvite rådyra. Eit fasthalde flyktig bilete på dette møtet mellom umogelege og det sjølvsagte som poesien er.

Kjelda til liv
«Vi har aldri vært her før» viser side for side korleis poesien kan leggja til side lag etter lag av røynd og erfaring, for å nærme seg det pulserande, skjelvande i oss som er så ugripeleg og ufatteleg viktig. Denne merkelege sårbare kjernen som er kjelda til lyst og liv og det skapande. Kvar me kjem frå og kvar me går til, så basale ting dreier dikta seg om. Utan å bli banale. Om sorg, uro og den omseggripande og komplekse rotfrukta; kjærleiken. Bare nokre få stader opplever eg at uttrykket kan vera fortenkt.

Elles er dikta som gripne ut av dei dirrande fornemmingane og sensitive registreringar av vibrasjonar og negasjonar mellom menneske, frå rom til rom. «Vil du vite hvem du er?//du er den automatiske skriften» skriv Dahl.

Referansar
Mange landskap, mange litterære referansar vert fletta inn. Her er «salt på nypene» på kysten av Massachusetts, der nokre av desse dikta vart til. Trådar frå Prøysen til Eliot, frå Shelley til Cohen, veven er eit utstrekt kulturelt landskap der «jeg» og «du» og «vi» vekselvis slåss, elskar, kviskrar glede og lyttar til lydane og stilla frå kvarandre.

Urnorsk og urovekkande vakkert. Når Dahl er på sitt beste «da er jeg en eneste trommehinne, en gigantisk membran og lyset og snøen og lyset og snøen dundrer inn i meg og den svarte flekken der nede på isen forflytter seg langsomt nærmere».

« «Vi har aldri vært her før» »

Niels Fredrik Dahl