Vant med dikt om bilmekking og avdød far

- Skrivingen er terapi.

(Dagbladet.no): - Skrivinga har vært terapi for meg. Jeg har lagt lokk på mange følelser i åras løp og trengte å «lufte» litt, sier Ole Petter Vaaten.

Han er månedens poet i Diktkammeret, med et dikt som handler om bilmekking. Men «Enda en historie om far min», som det heter, har også en dypere bunn.

- Det handler nok om en far jeg mistet alt for tidlig, og det å ikke få være en sønn han kunne være glad i og stolt av. Bilen er nok det maskuline i relasjonen, forteller Vaaten.

Han er månedens poet for første gang og har ikke skrevet dikt i mer enn et halvt år. Men han innrømmer at han nok «har blitt litt hekta».

- Jeg skriver tre-fire dikt i uka, forteller han.

Inspirert av Lars Mytting

Vaaten lar seg inspirere av naturen, mellommenneskelige relasjoner og de nære ting. Han ble 40 år lørdag og synes Diktkammeret-seieren var en bra presang.

- Jeg er ydmyk i forhold til denne kåringen i konkurranse med så mange flinke diktere. Jeg som knapt har åpnet ei diktsamling, sier han.

SKREV OM FAREN: Ole Petter Vaaten er månedens poet i Diktkammeret. Foto: PRIVAT Vis mer

Selv leser han helst skjønnlitteratur, og spesielt krim. Robert Wilson er favoritten. Men en som har inspirert ham mye i skrivinga, er, ikke overraskende med hensyn til tematikken i vinnerdiktet, Lars Mytting med boka «Hestekrefter».

Månedens poet er egentlig utdannet svakstrømselektriker, men tok lærerhøgskolen etter å ha jobbet åtte år i Telenor og jobber nå som spesialpedagog på en ungdomsskole. Han bor på Tyristrand i Ringerike.

Juryens kommentar:

Diktet opnar sterkt med ein klar, konkret, bastant og gjenkjenneleg lyd av eit lokk som vert smelt igjen. Ein setning som vert sagt. Utover i diktet får denne opningssekvensen meir og meir fatal meining og vert eit bilete på noko heilt anna enn det han er når ein les han første gongen.

Dette får ein spesiell innverknad på lesinga av tittelen på diktet også, i og med at det som vert proklamert som endå ein historie om far min, faktisk vert den siste, den endelege, den avsluttande historia.

Der den levande aktive mannen som har mekka på bilen, og som med sin irritasjon og aggresjon får det til å syngja i fastnøklane, brått gjennom eit suverent surrealistisk bilete, vert ståande i døra til verkstaden, ein skapnad i spelet mellom lyset og skuggane, vert ståande som eit immatrielt bilete med ei pappeske med bildelar i bringa, og me aner uråd. Kva skjer?

Svaret kjem hardt og brutalt i neste korthogde linje:

«så ble han stein». Denne linja kunne nok forsvart bruken av stor bokstav, men poeten lar heile den første delen av diktet, med denne flytande forvandlinga frå eit menneske til ein skugge til ein stein, skje utan å stogge det opp med store bokstavar.

Først når me vendar attende til eit «Jeg» som er i gang med kvardagen på ny, tek poeten i bruk store bokstavar. Sonen og farens grenselause dialog etterpå, er vakkert og nøkternt skildra. Då er alt annleis, den eine har olje på hendene og ei stolt, levande kjensle.

Og den andre? Ja, faren er i ein meir grenselaus tilstand der det å køyre verda rundt og samstundes vera på same staden, kan skje i ein augeblenk. Og avslutninga er usentimental, med eit glimt i lakken.

For juryen: Helge Torvund.

I juryen satt også Kristian Rishøi, Niels Nagelhus Schia og Marie L. Kleve.