FOR LITE PENGAR: Leiar for Statens kunstnerstipends ANKUN-komité, Mette Karlsvik, skulle gjerne delt ut meir pengar. Foto: Lars Eivind Bones
FOR LITE PENGAR: Leiar for Statens kunstnerstipends ANKUN-komité, Mette Karlsvik, skulle gjerne delt ut meir pengar. Foto: Lars Eivind BonesVis mer

Debatt: Statens kunstnerstipend

Vi går glipp av gode stemmer

Fredag ble nokre kunstnarar lykkelege for å få stipend. Dei fleste ble skuffa.

Meninger

Ein tenkt laurdags føremiddag. Du skal kose deg med Dagbladets Magasinet, men ser at noko er galt. Verken portrettet eller spaltene har illustrasjonar. Illustratørane har ikkje lenger råd til å teikne. I papiravisa er ein rettsreportasje utan rettsteikning. Rettsteiknar Fedor Sapegin har heller ikkje inntekt nok til å kunne gjere det langsame arbeidet som rettsteikning er. Så går du til Litteraturhuset, og der manglar eit heilt rom. Kvernelandrommet er vekke fordi heller ikkje Steffen Kverneland kan halde fram som kunstnar. Og når du går til Nationaltheatret og skal sjå Trine Falcks siste, er heller ikkje dét der. Heller ikkje Falcks kunstnarskap finst lenger.

Dette er heldigvis berre ein tenkt situasjon. Enn så lenge. Nokre av desse kunstnarane får, i periodar, ei relativt til lønsnivået i Noreg, låg men fast inntekt. Men dei aller fleste skapar likevel. Sjølv om dei berre tener nokre tusenlappar for kvar illustrasjon.

Alle kunstnarane som er nemnt over søkjer stipend frå Komiteen for andre kunstnergrupper. Til denne stipendpotten kjem søknadar frå illustratørane, teikneserieskaparane, regissørane, dei etablerte kritikarane, interiørarkitektane, lyddesignarane og alle andre som fell utanfor andre ordningar. Rundt 230 svært kvalifiserte søkjarar konkurrerer om 14-15 stipend.

Samtidig med denne kronikken, publiserer Kulturrådet tildelingslistene til Statens kunstnerstipend. 14-15 kunstnarar blir veldig glade. For majoriteten av kunstnarane er dette ein dag av skuffing og kanskje sinne. Nyetablerte, spennande kunstnarar får ikkje det dei treng for å begynne kunstnarskapet, få bygd seg ein CV å vise til. Etablerte og viktige kunstnarar får ikkje halde fram det dei gjer men må avbryte utveklinga halvvegs for å ta andre jobbar for å overleve. Difor råkar det også deg, og bør også skuffe deg. Kvart år går vi glipp av særeigne og gode stemmer, strekar, kunstnariske uttrykk.

For med unntak av Franz Wideberg, Jo Nesbø, Unni Lindell, Odd Nerdrum, Unni Askeland, Di Derre, Wenche Myhre, Tom Egeland og nokre handfuller andre, overlever ikkje norske kunstnarar av salg aleine. For å fordjupe seg i kunstnarskapet, er dei avhengige av stipend. Stipendtypane er, grovt sett, arbeidsstipend (i år: 246000 kroner i året, som blir betalt ut i månadlege rater) og mindre diversestipend for material, reiser og liknande. Stipend er det viktigaste kunstpolitiske verkemidlet ein har, fordi det går rett inn i bygging av eit kunstnarskap. Det går ofte rett til skapnad, til kunstverk.

Komiteen for andre kunstnergruppe får søknadar frå kunstnarar som arbeider avansert. Dit kjem nokre av dei aller beste søkjarane. Det første året var det veldig gøy å sitje som komitémedlem for Andre kunstnergruppe. Det å kunne gi arbeidsstipend til 14-15 og bidra til at desse kunstnerskapa fekk betre vilkår var fantastisk. Det var kjekt å følgje med i åra som gjekk og sjå at den klokka som ho produktdesignaren skulle lage, den med visarar av strikkepinnar, den som strikker eit skjerf på eit år, den blei faktisk til.

Dei neste åra var det å sitje i komiteen meir vondt enn artig. Grunnane er dei same. Når eg no les svært gjennomarbeidde og truverdige søknadar og lyttar og ser meg gjennom dei svimlande gode arbeidsprøvane og gir arbeidsstipend til 14-15, er det tragisk. Kunstnarar som skal ha arbeidsstipend kan ikkje få. Dette er ikkje berre erfaringa til komiteen for andre kunstnergrupper. «Alle» komitear melder inn at dei har for få stipend i høve til kvalifiserte søkjarar. Mange av komiteane manglar heilt hjemlar for enkelte typar stipend. Arkitektane, til dømes, har ikkje arbeidsstipend. Kritikarane har ikkje stipend for etablerte kunstnarar (SEK). Og så vidare. Ein kritikar som ønskjer å søkje SEK må søkje Komiteen for andre kunstnergruppe. Komiteen skal nemleg ivareta alle søkjarar som ramlar utanfor dei andre gruppene.

Men innanfor budsjettramma er det vanskeleg for oss i Komiteen for andre kunstnergruppe, som dei andre komiteane, å utføre mandatet vårt. Eg skal «innstille søkere på grunnlag av ei skjønnsmessig vurdering av kunstnerisk kvalitet og aktivitet og i samsvar med gjeldende retningsliner». Retningslinene er i «Forskrift om statens kunsterstipend m.m». Det er lett å utføre mandatet. Det er så mange fleire kvalifiserte søkjarar enn ein har stipend. Men det kjennest som at eg ikkje utfører mandatet når vi må avvise nokre av dei viktigaste kunstnarskapa i Noreg i dag.

Nivået på norske kunstnarar har blitt så høgt at det bør bli fulgt opp med å løyve friske stipendmidlar. Viss ikkje blir dei beste frå ulike kunstnargrupper og disiplinar igjen i eit latterleg konkurranseforhold. Som situasjonen er i dag, kjem enkelte av kunstnargruppane særleg dårleg ut. Teikneserieskaparar, illustratørar og produktdesignarar er særleg sårbare kunstnargrupper i Noreg.

Dei har oppsiktsvekkande liten sjans til å få stipend frå staten. Slik er det at ein kan stå i fare med å, på sikt, vakne opp til ei helg med fargelause avismagasin utan norske teikneseriar på sistesida. Det kan gjere ein tenksam.

Men ikkje tenksam på den måten dei får oss til å tenkje, dei skarpaste av hjernane i norsk kunst.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook