tirsdag 04.01.2011 www.start.no
kulturkulturdiktbasen
 
film
musikk
litteratur
diktbasen
tegneserie
tv og medier
kronikker
Dagbladet.no
 nyheter
 på din side
 sport
 kultur
 fredag
 kunnskap
 magasinet
 været
 blink
 nettskolen

info
Redaktør:
Lars Helle

Korreksjoner
Tips og info
Tips oss:
Epost
Tipstelefon:
24 00 00 00
Sentralbord:
24 00 10 00

du er her: Dagbladet.no > litteratur > lyrikkhistorie > Perioden 1900-1940 (nynorsk)
oppdatert 16:10
Perioden 1900-1940 (nynorsk)

Lyrisk mangfald

Lenin
Foto:SCANPIX


Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

  • Sentrallyrikk
  • Kamplyrikk
  • Modernisme
  • Oppsummeringsoppgåver
  • Dikt i bunden form
  • Surrealisme

    I perioden 1900–1940 skapte mange og svært ulike forfattarar ein rik og variert lyrikk. Mangfaldet kom til uttrykk både i temavalet og i valet av uttrykksform.

    Dei fleste valde ei uttrykksform i tråd med tradisjonen, som tilsa at dikt hadde faste strofemønster og jamn rytme, men utover i perioden eksperimenterte stadig fleire med nye og friare former. Det peikar seg ut tre retningar i lyrikken frå denne perioden: sentrallyrikk, kampdikting og modernistisk dikting.

    Sentrallyrikk
    Sentrallyrikk er eit samleomgrep på dikt som tek opp tema som livet, døden, kjærleiken og naturen. Slike grunnleggjande forhold i menneskelivet har vore tema i dikt til alle tider og i alle kulturar. Dei kan uttrykkjast i klassisk form, i fri form og i modernistisk form. Nemninga sentrallyrikk bruker vi med andre ord uavhengig av den forma og dei verkemidla som blir brukte i diktet.

    Herman Wildenvey, Olaf Bull, Olav Nygard, Olav Aukrust, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa er alle markerte sentrallyrikarar i perioden 1900–1940. I formspråket følgjer dei som regel tradisjonen og gir dikta ei bunden form, med fast rim- og rytmemønster, men Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa skriv også ofte frie vers.

    Desse sentrallyrikarane kan verke upåverka av tida dei lever i. Men det er berre delvis rett. Olaf Bull bruker gjerne byen som motiv i dikta sine, og byskildringane hans viser varme kjensler for rytmen og livet i byen. Den nasjonale orienteringa i tida kjem også til uttrykk i den lyriske diktinga, slik ho gjorde hos nyrealistane – både i språk og bilete. Både Aukrust, Nygard, Vaa og Halldis Moren Vesaas hentar dei lyriske bileta sine frå norsk natur. Men tematisk krinsar dei alle rundt dei evige spørsmåla i livet i diktinga si.

    Sentrale forfattarar:
    Aukrust, Olav(1883-1929) Les dikt
    Bull, Olaf(1883-1933) Les dikt
    Sande, Jakob (1906-1967) Les dikt
    Sivle, Per (1857-1904) Les dikt
    Vaa, Aslaug (1889-1965) Les dikt
    Vesaas, Halldis Moren(1907-1995) Les dikt
    Wildenvey, Hermann(1886-1959) Les dikt
    Ørjasæter, Tore (1886-1968)
    Øverland, Arnulf(1889-1968) Les dikt

    Kamplyrikk
    10. mai 1933. Ett av nazistenes bokbål. Nazistene ville rense tysk kultur for det de mente var skadelig litteratur.

    I 1920- og 30-åra slo også dei sosiale konfliktane og kulturkonfliktane i samtida inn i lyrikken. Både Rudolf Nilsen, Arnulf Øverland og Nordahl Grieg var sosialistar som tok del i samfunnsdebatten, og dei brukte språket som kampvåpen. I kampdiktinga deira var det viktig med ein eintydig bodskap, og derfor blei biletbruken enkel og forma tradisjonell, med regelmessig rytme, enderim og fast strofemønster. Det passa best for diktarar som ønskte å agitere for ein tanke og oppfordre til politisk handling.

    Sentrale forfattarar:
    Grieg, Nordahl(1902-1943) Les dikt
    Nilsen, Rudolf(1901-1929) Les dikt
    Reiss-Andersen, Gunnar (1896-1964)
    Uppdal, Kristoffer (1878-1961)
    Øverland, Arnulf(1889-1968) Les dikt

    Modernisme
    Einar Gerhardsen ytst t.v. saman med ei rekkje av dei leiande folka i Arbeidarpartiet i 1920-åra. På biletet ser vi mellom andre Martin Tranmæl (nr. 5 frå v.) og Oscar Torp (nr. 7 frå v.) Arkivfoto NTB/SCANPIX

    Men ikkje alle fann dei gamle og tradisjonelle formene eigna til å uttrykkje det dei ønskte. Rolf Jacobsen (1907–1994) var oppteken av andre sider ved det moderne livet og fann ikkje det tradisjonelle formspråket tilstrekkeleg. Han ønskte å uttrykkje noko anna enn Øverland, Nilsen og Grieg, og han formulerte seg derfor også annleis. Diktet «Fanfare», frå samlinga Jord og jern (1933), er eit modernistisk dikt:



    Har du sett heisekranene løfte de snadrende jernnebb?
    Har du hørt sleggenes muntre sang på de svaiende bjelker?

    Har du sett stålskjelettene folde sig ut på himlen
    som røde kniplinger i solskinn?
    Har du hørt lufthamrenes trommeild mot naglen fra skinner, hus, skibenes høie jernsider?

    – Da har du sett krigens knitrende fane i luften!
    – Da har du hørt maskingeværene sprøite sitt stål mot fiendens hjerte!

    Her er spørsmål og svar. Svara er forma som utrop, men ikkje som appellar, slik som hos kampdiktarane. Her blir det ropt ut observasjonar som fører til urovekkjande konklusjonar. Både tema, ordval og form i diktet representerer noko nytt.

    Sentrale forfattarar:
    Boyson, Emil (1897-1979)
    Gill, Claes (1910-1973) Les dikt .
    Jacobsen, Rolf (1907-1994) Les dikt.
    Uppdal, Kristoffer(1878-1961)

    Oppsummeringsoppgåver
    1 Kva er sentrallyrikk?
    2 Nemn tre sentrallyrikarar og kva som er typisk for diktinga deira.
    3 Kva er kamplyrikk?
    4 Gi eksempel på kampdikt og kampdiktarar, og på kva desse forfattarane kjempa for i dikta sine.
    5 Kva er typisk for forma i eit kampdikt, og kvifor er det slik?
    6 Kva kjenneteiknar modernistisk lyrikk?
    7 Gi eksempel på modernistiske dikt, og peik på kva som er typisk modernistisk i desse dikta

    Sentrale forfattarar:
    Aukrust, Olav (1883-1929) Les dikt
    Bjerke, André(1918-1985)
    Bjørneboe, Jens(1920-1976) Les dikt
    Boyson, Emil (1897-1979)
    Bull, Olaf(1883-1933) Les dikt
    Gill, Claes (1910-1973) Les dikt .
    Grieg, Nordahl(1902-1943) Les dikt
    Hagerup, Inger(1905-1985) Les dikt"
    Jacobsen, Rolf (1907-1994) Les dikt.
    Jonsson, Tor(1916-1951) Les dikt
    Nilsen, Rudolf(1901-1929) Les dikt
    Prøysen, Alf(1914-1970) Les dikt
    Reiss-Andersen, Gunnar (1896-1964)
    Sande, Jakob (1906-1967) Les dikt
    Sivle, Per (1857-1904) Les dikt
    Takvam, Marie(1926-) Les dikt
    Uppdal, Kristoffer (1878-1961)
    Vaa, Aslaug(1889-1965) Les dikt
    Vesaas, Halldis Moren(1907-1995) Les dikt
    Wildenvey, Herman(1886-1959) Les dikt
    Ørjasæter, Tore (1886-1968)
    Øverland, Arnulf(1889-1968) Les dikt

    Dikt i bunden form

    Sentrale forfattarar:
    Bjerke, André(1918-1985)
    Bjørneboe, Jens(1920-1976) Les dikt
    Hagerup, Inger(1905-1985) Les dikt"
    Jonsson, Tor(1916-1951) Les dikt
    Prøysen, Alf(1914-1970) Les dikt
    Sande, Jakob (1906-1967) Les dikt
    Takvam, Marie(1926-) Les dikt
    Vesaas, Halldis Moren(1907-1995) Les dikt
    Øverland, Arnulf(1889-1968) Les dikt

    Surrealisme
    Surrealisme: fr. «overrøyndom» Omkring 1930 set modernismen sitt merke på litteraturen i sterk grad. Både i Frankrike, Tyskland og England hadde det vakse fram ein modernistisk lyrikk. Hos surrealistane fann vi element frå røyndom og draum blanda saman i eit språk som braut med alle tradisjonelle måtar ¨å skrive dikt på.
    Kolon Studiebok for VK 1 og VK 2

    Interessert i å lese meir om surrealisme? Klikk her og her

    Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
    Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

    Tekstane er henta frå læreverket Tema, gitt ut av det Norske Samlaget


     TIPS EN VENN OM DENNE ARTIKKELEN

  •  lyrikkhistorie
    Uttrykka lyrikk, dikt og poesi
    Norrøn poesi
    Folkedikting
    Barokken
    Romantikken
    Nyromantikken
    Perioden 1900-1940
    Politisk lyrikk
    1940-1965
    1965-1980
    1980-2000

    Diktbasen er nå gratis og åpen for alle. Innhold:

    søk i 5000 dikt

    dikt etter tema

    forfattere i basen


    Skriv egne dikt:

    skolekammeret

    diktkammeret


    Lærestoff:

    virkemidler i dikt

    lyrikkhistorie

    eksamenskurs

    norske forfattere

    anmeldelser

    tester

    diktanalyse


    månedens elevdikt:

    «Frå jordi (ei siste helsing)»

    Alt som kan komma
    er komme
    og det er meir
    der det kjem frå

    Eksperimentet
    har teke overhand

    Kuvøsa eksploderer.

    Av Jostein Avdem Fretland

    Les alle finalistene

    Skriv dikt selv!


    Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink 

     

    til toppen

    Dagbladet.no © 2012