Oppsummeringsoppgåver
 |
Hiroshima
SCANPIX/Stanley Troutman

|
Innanfor lyrikken skjedde det ei større fornying enn innanfor den episke diktinga i denne perioden. I dei første etterkrigsåra dominerte den tradisjonelle lyrikken, med enderim, bunden rytme og faste strofeformer.
Men den modernistiske lyrikken, som var introdusert med spreidde mellomrom alt frå hundreårsskiftet, og fekk sitt gjennombrot like etter den andre verdskrigen.
 |
Framtidsoptimismen endra seg med verdskrigen. Dette speilar seg i litteraturen med nye temaer som kaos, vondskap og samfunskritikk. Bilete er frå bombinga av Dresden. Les
Jens Bjørneboes dikt Om ungdommens råskap
SCANPIX/EPA

|
Den livskjensla som i si tid hadde skapt dei første modernistiske tekstane, var framandkjensle (Sigbjørn Obstfelder, Knut Hamsun) og uro over utviklingstrekk i tida (Rolf Jacobsen). Krigserfaringane og etterkrigstida gjorde denne livskjensla til den dominerande hos mange lyrikarar etter krigen, for eksempel Gunvor Hofmo, Paal Brekke, Georg Johannesen og Stein Mehren. Men også eldre og alt etablerte diktarar som Tarjei Vesaas og Gunnar Reiss-Andersen fann etter krigen si form i frie vers og i eit svært biletrikt og symbolmetta språk. Den tradisjonsbundne lyrikken levde likevel vidare, ikkje berre hos ein etablert diktar som Arnulf Øverland, men også hos nye, yngre diktarar som Inger Hagerup, André Bjerke og Jens Bjørneboe.
Kampdikt
Den tyske okkupasjonsmakta kunne stoppe aviser og bestemme kva for bøker forlaga fekk lov til å gi ut, men stoppe diktarar frå å dikte og publikum frå å lese og lytte, kunne ho ikkje. Nordahl Grieg, patriot, kommunist og pasifist, hadde kjempa mot fascismen med sine kampdikt alt frå midten av 1930-åra.
 |
Nasjonalkjensla var sterk under okkupasjonen.
Nordahl Grieg, som er nummer to frå høgre på biletet, skreiv også om trua på mennesket i kampen mot våpna. Les diktet:
til ungdommen. SCANPIX/scanpix

|
17. mai 1940, før tyskarane hadde fått radioen i Tromsø til å teie, kunne det norske folket høre stemma til Nordahl Grieg mane til kamp mot valden og overmakta. Tittelen på diktet er datoen og året det blei framført.
Det fødtes i oss en visshet:
Frihet og liv er ett,
så enkelt og så uundværlig
som menneskets åndedrett.
Vi følte da trelldommen truet
at lungene gispet i nød
som i en sunken u-båt ...
Vi vil ikke dø slik en død.
Sentrale forfattarar:
Grieg, Nordahl(1902-1943) Les dikt
Hagerup, Inger (1905-1985) Les dikt
Øverland, Arnulf (1889-1968) Les dikt
Det endelege gjennombrotet for modernismen
Året 1949 blir rekna som det året modernismen fekk sitt endelege gjennombrot i Noreg. Det er fordi det da kom ut tre diktsamlingar som alle hadde særtrekka til den modernistiske diktinga: ei uttrykksform der bilete, ord og formuleringar som hører heime i heilt ulike samanhengar, blir sette saman, der syntaksen blir broten opp, og der strofene oftast ikkje har rim og fast rytme. Dei tre diktsamlingane var Skyggefektning av Paal Brekke, Lykka for ferdesmenn av Tarjei Vesaas og Prinsen av Isola av Gunnar Reiss-Andersen. Same året gav Paal Brekke ut ei gjendikting av diktet «The Waste Land» (1922) av T.S. Eliot (på norsk: «Det golde landet»), som er eit sentralt verk i europeisk modernisme.
Stadig fleire diktarar finn i løpet av 1950- og 60-åra fram til ein modernistisk uttrykksmåte, utan at denne uttrykksmåten er knytt til bestemte tema. Både framandgjering overfor moderne teknikk og det moderne Velstands-Noreg, og sentrallyriske tema som kjærleik, natur, liv og død, blir formidla i eit modernistisk uttrykk.
Sentrale forfattarar:
Brekke, Paal (1923-1993) Les dikt.
Reiss-Andersen, Gunnar (1896-1964)
Vesaas, Tarjei (1897-1970) Les dikt.
Tru mot tradisjonen
Inger Hagerup, Tor Jonsson, André Bjerke og Jens Bjørneboe er fire forfattarar som held fast ved tradisjonen og lagar dikt som er bundne i forma og enklare i språket og i biletbruken. Dikta til Inger Hagerup spenner tematisk frå djupsindige og morosame barnevers til vare kjærleiksdikt og dikt med politisk appell. I diktet «Vårkveld i mars», frå 1945, seier ho:
Rør ikke ved mitt hjerte i dag.
Våren har gjort det alt.
Bølger av gammelt nederlag
kysser det, hardt og salt.
Bølger av nederlag og savn.
– Trodde jeg det var borte?
Si ikke noe. Nevn ikke navn.
Våren har nettopp gjort det.
Sentrale forfattarar:
Bjerke, André(1918-1985)
Bjørneboe, Jens(1920-1976) Les dikt
Hagerup, Inger(1905-1985) Les dikt"
Prøysen, Alf(1914-1970) Les dikt
Sande, Jakob (1906-1967) Les dikt
Øverland, Arnulf(1889-1968) Les dikt
Tungetaledebatten
Ein annan debatt med høg temperatur var den såkalla «tungetaledebatten». Det var ein debatt om den modernistiske lyrikken. Modernistisk dikting hadde ikkje møtt motstand før krigen. Det var først i 1950-åra, da modernismen var blitt ei uttrykksform for svært mange forfattarar, at han skapte reaksjonar. Reaksjonane kom frå etablerte forfattarar som sjølve skreiv lyrikk i tradisjonell form, nemleg Arnulf Øverland og André Bjerke. Debatten fekk namnet «tungetaledebatten», fordi Øverland i 1953 heldt eit foredrag med tittelen «Tungetale frå Parnasset». Foredraget var eit angrep på mykje av den moderne kunsten, men først og fremst var det eit angrep på den modernistiske lyrikken. I foredraget kalla Øverland dei modernistiske dikta meiningslaust rabbel og snikksnakk. André Bjerke følgde opp. I 1954 skreiv han ein kritikk av debutboka til den modernistiske lyrikaren Erling Christie, Drøm om havet. Han brukte bokmeldinga til å ta eit oppgjer med heile modernismen og sa at store lyrikarar hadde evne til å uttrykkje eit komplisert innhald i ei enkel form, mens det modernistane gjorde, var å uttrykkje enkle tankar på ein innvikla måte.
Både Paal Brekke og Erling Christie (1928–1996) rykte ut til forsvar for modernismen. Brekke forsvarte modernismen med å seie at heldigvis endra formspråket i diktinga seg, elles kom kunsten til å stivne i konvensjonar. Erling Christie sa at modernistisk poesi ville føre tanke og kjensle saman i ei ny legering. Brekke og Christie «sigra» i debatten, men også deira modernisme kom seinare til å bli kritisert av ein ny generasjon diktarar.
Sentrale forfattarar:
Andersen, Astrid Hjertnæs (1915 - 1985)
Boyson, Emil (1897-1979)
Christie, Erling (1928 - 1996)
Gill, Claes (1910-1973) Les dikt.
Hauge, Olav H. (1908-1994) Les dikt.
Hofmo, Gunvor (1921-1995) Les dikt.
Jacobsen, Rolf (1907-1994) Les dikt
Johannesen, Georg (1931-) Les dikt
Jonsson, Tor(1916-1951) Les dikt
Mehren, Stein (1935-) Les dikt
Orvil, Ernst (1898-1985) Les dikt.
Takvam, Marie(1926-) Les dikt
Vesaas, Tarjei (1897-1970) Les dikt.
Målarar:
Kleiva, Per (1933-)
Sitter, Inger (1929-)
Slettemark, Kjartan(1932-)
Weidemann, Jacob (1923-2001)
Oppsummeringsoppgåver
1. Gi eksempel på korleis krigen blei tema på ulike måtar i litteraturen i dei første etterkrigsåra.
2. Kvifor blir 1949 rekna som det året modernismen fekk sitt endelege gjennombrot i Noreg?
3. Kva kjenneteiknar norsk poesi i 1950-åra?
4. Kva dreia tungetaledebatten seg om, og kva for standpunkt og argument blei framførte?
Fem kjappe, test deg sjølv!
Tekstane er henta frå læreverket
Tema, gitt ut av det Norske Samlaget