tirsdag 04.01.2011 www.start.no
kulturkulturdiktbasen
 
film
musikk
litteratur
diktbasen
tegneserie
tv og medier
kronikker
Dagbladet.no
 nyheter
 på din side
 sport
 kultur
 fredag
 kunnskap
 magasinet
 været
 blink
 nettskolen

info
Redaktør:
Lars Helle

Korreksjoner
Tips og info
Tips oss:
Epost
Tipstelefon:
24 00 00 00
Sentralbord:
24 00 10 00

du er her: Dagbladet.no > litteratur > lyrikkhistorie > 1965-1980 (nynorsk)
oppdatert 16:10
1965-1980 (nynorsk)

Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

  • Profilmodernismen
  • Konkretisme og nyenkel litteratur
  • Samfunnskritikk
  • Oppsummeringsoppgåver

    Profilmodernismen
    Midt i 1960-åra samla det seg ein krins av unge forfattarar rundt det litterære universitetstidsskriftet Profil. Dei var skeptiske og samfunnskritiske og ville ta eit oppgjer med den rådande litteraturen. Særleg mislikte dei moralismen til Øverland og Hoel og modernismen til Brekke og Christie. I staden ville dei ha ein modernisme som ikkje var for gravalvorleg, røyndomsfjern og vanskeleg tilgjengeleg. Litteraturen måtte ikkje stå i ro, men alltid endre seg. Derfor hadde dei ei open og eksperimenterande haldning. «Vi kjenner oss ikkje forplikta overfor nokon annan litterær tradisjon enn den vi skaper sjølve,» skreiv Tor Obrestad i ein leiar i tidsskriftet. Mange av dei som skulle bli sentrale forfattarar i tiåra som følgde, blei forma som forfattarar i denne krinsen: Einar Økland, Dag Solstad, Jan Erik Vold, Eldrid Lunden, Liv Køltzow og Paal-Helge Haugen.

    Konkretisme og nyenkel litteratur
    Profil-gjengen gjekk hardt ut og kritiserte symbolbruken til mange av femtitalsmodernistane. Dei hadde ikkje tru på at symbol skulle kunne uttrykkje evige idear. To omgrep som gjerne blir brukte om lyrikken etter 1965, er konkretisme og nyenkelt. På same måten som i kortprosaen skulle ein skrive enkelt og kvardagsleg, og ein skulle nemne tinga med sine rette namn, ikkje ta i bruk omskrivingar.

    Dette idealet gav seg mange uttrykk. Paal-Helge Haugen henta inspirasjon frå den ordknappe austlege poesien og sin eigen oppvekst i Setesdal, som her i diktet «Innanfor utanfor», frå samlinga Sangbok (1969):

    alle desse tinga er her, samtidige
    melder seg for auga nå

    bordet. stolen. maskinen. hendene.
    haustluft gjennom vindauga og den
    kvitgråe sigarettrøyken. du.

    Samfunnskritikk
    Mykje av lyrikken i perioden er kritisk, men stort sett på ein meir subtil og mindre programmatisk måte enn i prosaen i syttiåra. I lyrikken handlar det ikkje så mykje om å vere direkte, men om å bruke språket til å skape alternative bilete av røyndommen. Men vi kan finne dikt som prisar arbeidet, i romanane til Fløgstad, skarp kritikk av forbrukarsamfunnet i dei seinare samlingane til Brekke, og Økland (sjå side 109) står i somme dikt fram som ein direkte satirisk samfunnsrefsar. Og hos Vold kan kritikken komme til uttrykk på denne måten: «DET ER HÅPLØST/ OG VI GIR OSS IKKE» («Nyttårsdiktet (nærmest reprise)»).

    Sentrale forfattarar:
    Fløgstad, Kjartan (1944-)
    Haugen, Paal-Helge (1945-)
    Jacobsen, Rolf (1907-1994) Les dikt
    Lunden, Eldrid (1940-)
    Næss, Kate (1938-1987) Les dikt.
    Obrestad, Tor (1938-)
    Solstad, Dag (1941-)
    Takvam, Marie (1926-) Les dikt
    Vesaas, Halldis Moren(1907-1995) Les dikt
    Vold, Jan Erik (1939-) Les dikt.
    Økland, Einar (1940-)

    Oppsummeringsoppgåver
    1. Kva kjenneteiknar den sanselege lyrikken i perioden?
    2. Kva er konkretisme og nyenkel litteratur?
    3. På kva måtar blei det skrive samfunnskritisk lyrikk i denne perioden?
    4. Kva hadde humoren å seie for lyrikarane i denne perioden?

    Fem kjappe, test deg sjølv!

    Tekstane er henta frå læreverket Tema, gitt ut av det Norske Samlaget

     TIPS EN VENN OM DENNE ARTIKKELEN

  •  lyrikkhistorie
    Uttrykka lyrikk, dikt og poesi
    Norrøn poesi
    Folkedikting
    Barokken
    Romantikken
    Nyromantikken
    Perioden 1900-1940
    Politisk lyrikk
    1940-1965
    1965-1980
    1980-2000

    Diktbasen er nå gratis og åpen for alle. Innhold:

    søk i 5000 dikt

    dikt etter tema

    forfattere i basen


    Skriv egne dikt:

    skolekammeret

    diktkammeret


    Lærestoff:

    virkemidler i dikt

    lyrikkhistorie

    eksamenskurs

    norske forfattere

    anmeldelser

    tester

    diktanalyse


    månedens elevdikt:

    «Frå jordi (ei siste helsing)»

    Alt som kan komma
    er komme
    og det er meir
    der det kjem frå

    Eksperimentet
    har teke overhand

    Kuvøsa eksploderer.

    Av Jostein Avdem Fretland

    Les alle finalistene

    Skriv dikt selv!


    Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink 

     

    til toppen

    Dagbladet.no © 2012