tirsdag 04.01.2011 www.start.no
kulturkulturdiktbasen
 
film
musikk
litteratur
diktbasen
tegneserie
tv og medier
kronikker
Dagbladet.no
 nyheter
 på din side
 sport
 kultur
 fredag
 kunnskap
 magasinet
 været
 blink
 nettskolen

info
Redaktør:
Lars Helle

Korreksjoner
Tips og info
Tips oss:
Epost
Tipstelefon:
24 00 00 00
Sentralbord:
24 00 10 00

du er her: Dagbladet.no > litteratur > lyrikkhistorie > 1980-2000 (nynorsk)
oppdatert 16:10
1980-2000 (nynorsk)

Test deg sjølv i åtte lyrikkhistoriske epokar. Flott illustrerte i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

  • Surrealisme
  • Punklyrikk
  • Modernisme
  • Postmodernisme
  • Oppsummeringsoppgåver

    Lyrikken i 1980- og 90-åra er prega av stort mangfald. Ein ny generasjon diktarar tek over, og mange av dei er opptekne av kroppen og av kroppslege eller sanselege erfaringar.

    «L'aube a cayenne» av René Magritte. © René Magritte / BONO 2002

    Nokre av dei er ordrike og nærmast ekstatiske, mens andre held seg til ein knapp og formbevisst, nærmast minimalistisk stil. Mange skriv tradisjonelt modernistisk, men stilblanding er også vanleg. Det er ei vanleg oppfatning at lyrikken i 1980-åra er innovervend og nokså komplisert, mens diktinga i 1990-åra er meir direkte, med større vilje til å kommunisere og til å ta stilling til det som skjer rundt i verda.

    Surrealisme
    Mange av lyrikarane som debuterte i 1970-åra, men slo igjennom i 1980-åra, var påverka av surrealismen. Mest tydeleg er denne påverknaden hos Kjell Erik Vindtorn (som etter 2000 berre kallar seg Triztan). Han skriv ordrike, assosierande dikt, som kan minne om tankespel, styrt av det underbevisste, for eksempel i diktet «Masker i luftspeil»:

    ELSKEDE .. DIN EXPRESSHUNGER KAN FORTÆRE
    SEL OG BORDLAMPER
    kjendiskropper og refuserte jazzmusikere
    sluke tuba og banan
    og vill mat fra hofteskåla
    OM DU HADDE VÆRT BLEKKHUS VILLE DU DYPPET
    HVERT SEKUND OG FÅTT BOBLELATTEREN
    til å stige opp gjennom håret ..



    Punklyrikk
    Rundt 1980 framstod det eit lite knippe med lyrikarar som fekk merkelappen punkpoetar knytt til seg. Ein av dei fremste representantane for denne retninga var Gene Dalby, som debuterte i 1979 med samlinga Linedanser på piggtråd. Dalby skriv stort sett knappe tekstar med motiv frå drabant- og storbylivet. Han kan skrive rockelyrikkaktig, som i diktet «Baby», frå debutsamlinga:

    Baby er kjørt ned
    Igjen
    Der hun ligger i
    Søpla i regnet

    Har ikke råd til mat
    Har ikke råd til stoff
    Har så vidt råd til å leve

    Men han eksperimenterer også med haikudikt. Her frå samlinga NEON/FURU (1983):

    Pusheren drar fra
    Drabantby til drabantby.
    Heroinvinter

    Modernisme
    Tor Ulven (sjå side 146) skriv mollstemde og formsikre, modernistiske dikt. Dei har ofte steinar, knoklar, fossil, lauv, småkryp og liknande konkrete eller minimale gjenstandar som sentralt motiv. Likevel handlar dikta i all hovudsak om livet og døden. Dikta minner oss om at vi som menneske er forgjengelege, og at vi kjem frå ingenting og blir til ingenting. Den tematiske krinsinga omkring døden, det forgjengelege og tomleiken er eit barokt trekk, men språkleg er det lite som minner om barokken – her er det ikkje rom for utbroderingar av noko slag:

    Livet er avlyst.

    La oss sove videre
    til neste
    eon.

    Snart blir solen
    en supernova,
    samme faen.

    Brit Bildøen er ein av mange tradisjonelle modernistane i denne perioden. Som Ulven kan også ho skrive om små og uvesentlege ting for å seie noko om livet og menneska, særleg i samlinga På visse tider av døgnet (1994). Men mens Ulven er depressiv og dyster, kan Bildøen vere humoristisk og kanskje aldri så lite moralsk, som her i diktet «Vi adopterer snigelen»:

    vi adopterer snigelen
    gjer han til vår

    talsmann

    skjuler alle slimspor
    avsløringane
    om ein altfor utglidande
    livsførsel

    Postmodernisme
    Kjartan Slettemark

    Midt i 1980-åra dukka det opp eit nytt omgrep i kulturdebatten: postmodernisme. Omgrepet oppstod innanfor arkitektur og biletkunst, der det blei brukt som nemning for ei form for stilblanding. Sidan spreidde det seg til alle kunstartar, og etter kvart er det også brukt som namn på heile perioden (slutten av 1900-talet). Postmodernismen avskriv alle modellar som forklarer store samanhengar og heilskapar. Dei store forteljingane (ideologiane) blir erklærte for døde og erstatta av mange, små og like gyldige forteljingar eller forklaringsmodellar.

    For postmodernistane gjeld det å leve med i fluksen (notidsstraumen). Vi skal ikkje gråte over at verda er uoversiktleg, men nyte den fridommen det gir. Vi skal iscenesetje oss sjølve og ha eit leikande og ope forhold til livet og omgivnadene. Vi skal ikkje kjempe oss fri, men erklære oss som fri og opptre som frie menneske. Vi skal flytte grenser og leve ut vår eigen individualitet. Eit resultat av denne tankegangen er den såkalla «homo decorans» – det dekorerte mennesket, som uttrykkjer eigenart og gruppetilhørsel ved hjelp av mellom anna motar, piercing og tatovering.

    Flimmersamfunnet er røyndommen til postmodernistane. Det skiftande og oppstykka «språket» i dei nye media, i reklamen og popvideoen, blir eit ideal også for sjangrane i eldre medium, for eksempel boka. Ein blandar stilelement, stel litt her og litt der og set elementa saman på nye måtar. Alt er lov. Mens tidlegare periodar har hatt sin eigen stil, blandar postmodernismen fritt. Alle stilar er plasserte i ei verktøykasse som det kan plukkast fritt frå. Og uttrykket, leiken med språk, fargar og former, blir minst like viktig som sjølve innhaldet.



    Kunst, dekor, kropp, erotikk, mord, vald, bestialitet og det uforklarlege er tema som ofte blir behandla i litteraturen i denne perioden, mens naivisme, ironi og parodi er verkemiddel som gjerne blir tekne i bruk. Men ingen tema er ekskluderte, og for mange kan det verke som eit poeng å vere politisk ukorrekt: Like gjerne som å skrive om det urbane livet rundt tusenårsskiftet kan ein gå tilbake i historia eller skrive tradisjonelt om eit så godt og gammalt tema som familien. Og like gjerne som å skrive om kroppsfikserte livsnytarar som vandrar frå kafé til kafé, kan ein la dei litterære figurane opptre i eit mytisk, fantastisk landskap, der religiøse og irrasjonelle element blandar seg og gjer verda uoversiktleg og ikkje minst farleg.

    Sentrale forfattarar:
    Berg, Øyvind (1959-)
    Besigye, Bertrand (1972-)
    Bildøen, Brit (1962-)
    Dahle, Gro (1962-)
    Dalby, Gene (1957-)
    Grøndahl, Cathrine (1969-)
    Hansen, Inger Elisabeth (1959-)
    Hødnebø Tone(1962-)
    Ulven, Tor (1953-1995)
    Vindtorn, Triztan (1942-)

    Oppsummeringsoppgåver
    1. Kva slags livshaldning finn vi i postmodernismen?
    2. Kva er dei mest karakteristiske kjenneteikna på postmodernismen?
    3. Kva slags tema er postmodernistane mest opptekne av?

    Fem kjappe, test deg sjølv!
    Ta testen «Poetisk tippekupong» og bli lyrikkmeister!

    Tekstane er henta frå læreverket Tema, gitt ut av det Norske Samlaget

     TIPS EN VENN OM DENNE ARTIKKELEN

  •  lyrikkhistorie
    Uttrykka lyrikk, dikt og poesi
    Norrøn poesi
    Folkedikting
    Barokken
    Romantikken
    Nyromantikken
    Perioden 1900-1940
    Politisk lyrikk
    1940-1965
    1965-1980
    1980-2000

    Diktbasen er nå gratis og åpen for alle. Innhold:

    søk i 5000 dikt

    dikt etter tema

    forfattere i basen


    Skriv egne dikt:

    skolekammeret

    diktkammeret


    Lærestoff:

    virkemidler i dikt

    lyrikkhistorie

    eksamenskurs

    norske forfattere

    anmeldelser

    tester

    diktanalyse


    månedens elevdikt:

    «Frå jordi (ei siste helsing)»

    Alt som kan komma
    er komme
    og det er meir
    der det kjem frå

    Eksperimentet
    har teke overhand

    Kuvøsa eksploderer.

    Av Jostein Avdem Fretland

    Les alle finalistene

    Skriv dikt selv!


    Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink 

     

    til toppen

    Dagbladet.no © 2012